Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 378 597 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

2 kirjaa tekijältä Åshild Ulstrup

Eg ser ei sol

Eg ser ei sol

Åshild Ulstrup

Samlaget
2012
sidottu
Gjennom eit langt liv som journalist i NRK har Åshild Ulstrup snakka med ei rekkje menneske om døden. I denne boka har ho samla nokre av røystene som har festa seg i henne, men òg leita fram nye. Dette er røyster som har gjeve henne sjølv mot til å sjå både alderdom og død i auga. Ulstrup har møtt både bygde- og bymenneske, kjende og ukjende i ein samtale om døden. Dette er ei varm og undrande bok om døden seint i livet.
Galskap og eventyr

Galskap og eventyr

Åshild Ulstrup

Samlaget
2015
sidottu
Ei reise tilbake til barndommen For 63 år sidan reiste Åshild Ulstrup frå heimbygda Valen i Sunnhordland. Sidan har Oslo vore heimstaden hennar. I erindringsboka Galskap og eventyr går Ulstrup tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører. Ho som sjølv gjennom eit langt journalistliv har fått både gamle og unge i tale, fått dei til å opne seg, snakke om livet, om draumar og håp, fortel her om sin eigen oppvekst. I bygda var asylet eit naturleg midtpunkt. Mange av pasientane tok del i livet i bygda, og bygda tok del i deira. Ulstrup fortel ei soge om ei nær fortid, eit blikk inn i ei tid og eit samfunn som ikkje lenger er. Eit samfunn med opne dører og plass til dei som både er innanfor og utanfor normene.