Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 244 527 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

9 kirjaa tekijältä Aina Basso

Dei dødsdømde: dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet
Dømd til døden. Dette er historia om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta. Ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av 1500-talet fordi folk meinte ho var heks. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet, og ei tenestejente som på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar, mista hovudet under øksa til bøddelen. I denne sjokkerande og lærerike boka blir du også kjend med nokre av dei som hadde som jobb å avrette dei dødsdømde: skarprettarane. Dødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid. I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger? Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen.
Eg rissa desse runene

Eg rissa desse runene

Aina Basso

Samlaget
2023
sidottu
Historiske noveller basert på runeinnskrifter Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir lyst fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han. Novellene i denne boka har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.
Før det blir morgon

Før det blir morgon

Aina Basso

Samlaget
2025
sidottu
Historisk roman om skam, urett og overtruJosefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden der ho skal gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven.Men alt er ikkje like fint som det verkar på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet.Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta.
Fange 59. Taterpige

Fange 59. Taterpige

Aina Basso

Samlaget
2010
sidottu
Trondheim, 1749. Maria er tater og hamnar på tukthus. Der må ho tilpasse seg miljøet på innsida av murane. Det viser seg at vennskap kan oppstå på dei mest ugjestmilde stader, likevel er tanken på flukt aldri langt unna.
Fange 59. Taterpige

Fange 59. Taterpige

Aina Basso

Samlaget
2011
pokkari
Trondheim, 1749. Maria er tater og hamnar på tukthus. Der må ho tilpasse seg miljøet på innsida av murane. Det viser seg at vennskap kan oppstå på dei mest ugjestmilde stader, likevel er tanken på flukt aldri langt unna.
Inn i elden

Inn i elden

Aina Basso

Samlaget
2013
pokkari
I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 "trollkvinner" dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie. Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei "klok kone" i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga tid.
Finne ly

Finne ly

Aina Basso

Samlaget
2014
sidottu
Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må halde tett om kven ho er. Den yngste sonen får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for hans forsøk på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom. Finne ly er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid.
Heksejakt og heksebrenning i Europa
Då hekseri og trolldom var blodig alvor! Frå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle. Heksene blei hengde eller halshogne, men oftast brende. Bålet skulle ha ei reinsande kraft. Historikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d'Arc og tyske Merga Bien, men også norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. Vidare får vi historia om den siste og aller verste av hekseprosessane i Finnmark. I 1662 blei 31 kvinner skulda for å vere hekser. Av desse var det seks småjenter. Kven var heksene? Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje? Heksejakta er ikkje over. Både i Asia, Sør- Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser. Boka er illustrert av Christian Bloom.
Ungen

Ungen

Aina Basso

Samlaget
2019
sidottu
Verdien av eit barn Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn - mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt. Basso har skrive ein roman om dei ofte skremmande vilkåra uønskte barn levde under ved hundreårsskiftet i Kristiania. Den viser fram desperasjonen i fattigdommen og kva menneskesyn som kan komme til uttrykk når ein sjølv gjer alt for å overleve. Forteljinga er basert på faktiske hendingar og personar.