Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 627 067 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

11 kirjaa tekijältä Arild Rein

Domestiserte dyr

Domestiserte dyr

Arild Rein

Samlaget
2021
sidottu
Feiring av skilsmisse, arv og død Dei tre monologane i denne romanen krinsar om skilsmisse, arv og død, og måtane slike hendingar på ein paradoksal måte blir markerte på. Ei eldre kvinne talar til ei yngre i kvar del. I «Skilsmissefesten» er det Ekhindra, alle monstrer si mor, halvt slange og halvt menneske, som fører ordet. I «Arvefesten» er det Athene, krigsgudinna, gudinna for rettferdige krigar, som fører ordet. Og i «Makuleringsfesten» er det Mania, dødsgudinne og personifiseringa av galskap, som fører ordet. Alle delane er lagt til det moderne Norge. Arild Rein (f. 1960) debuterte i 1998 med romanen Hundedagane, første band i «Stavanger-trilogien». Reins kompromisslause og samstundes svært underhaldande tekstar, er kritiske analysar av det norske samfunnet, der han frå stadig nye vinklar går uredd bak fasadane for å undersøke drivkreftene og årsakssamanhengane, og slik lar lesaren stå ansikt til ansikt med råskapen i samfunnet og dei mørkaste avkrokane av menneskenaturen.
Vegen heim til Svartskog

Vegen heim til Svartskog

Arild Rein

Samlaget
2025
sidottu
Dei folketomme og urovekkande nattfotografia i denne boka viser ein by i transformasjon, der betraktaren beveger seg gjennom gater, torg og kaiar. I dette underlege og destruerte byrommet møter me ein namnlaus 14-årig forteljar, som etter ein kollisjon med bilen full av tjuvegods kjem bort frå storebroren Billy på 19. Storebroren kjem ikkje tilbake til det vesle huset dei har leigd nær Stavanger sentrum, og i desperasjon går veslebroren ut i den ukjende byen og leitar etter han. Gjennom ein indre monolog under den klaustrofobiske nattevandringa får me innsikt i historia hans frå barndommen og fram til tjuveriturneen i oljebyen. Eit sår opnar seg, og i situasjonen tyr hovudpersonen til rusmiddel. Rusen påverkar sanseopplevinga, der han i jakta på storebroren ravar rundt i eit slags delirium og glimtvis observerer eit dekonstruert byrom.Vegen heim til Svartskog er blitt til i samarbeid mellom bildekunstnar Geir Egil Bergjord og forfattar Arild Rein. I boka dannar bildematerialet og teksten – kvar for seg sjølvstendige element – eit nytt og tredje narrativ.
Grisekoret

Grisekoret

Arild Rein

Samlaget
2007
sidottu
Romanen viser fram eit mørkt bilete av Stavanger, skildra frå byens underverd av småkriminelle. Henry Soma kjem tilbake til heimbyen etter eit fengselsopphald. Han har en uklår draum om å starte eit ordna liv, men først må han skaffe kontantar.
Kaninbyen

Kaninbyen

Arild Rein

Samlaget
2007
sidottu
Jonny Roxmann har fått sparken som politimann i Stavanger, og har komme på skråplanet. Han bestemmer seg for å tene nokre lettvinte kroner på Gladmatfestivalen ved å selje bakte poteter. Jonny møter thailandske Kim, som han straks får eit godt auga til. Men ting er ikkje alltid slik dei ser ut til å vere. Dette er den siste boka i forfattarens Stavangertrilogi.
Stavangertrilogien

Stavangertrilogien

Arild Rein

Samlaget
2007
pokkari
Stavanger i oljealderen: Det svarte gullet blir pumpa inn i dei rikes økonomi. Rikdommen legg seg som ei tynn oljehinne på overflata. Og under denne overflata finst det desperate småkjeltringar og sosialklientar. Hundedagane (1998), Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004) handlar om skyggesida av det nyrike olje-Noreg. I eit hardt, fysisk og munnleg språk har Rein skrive ein trilogi med eit intelligent raseri, gjennomarbeidd og gjennomført hardkokt. Stavangertrilogien er medrivande og engasjerande - og eit stykke sivilisasjonskritikk. Om Hundedagane (1998): "Rein har språk sterkt nok til å få oss til å bli med på ferda inn i eit område for menneskeliv der verdikommisjonen burde leggja sitt neste møte." Knut Ødegård, Aftenposten. Om Grisekoret (2001) Det er en roman som skiller seg ut med en helt særegen stemme, som bør høres. Jan Inge Reilstad, Morgenbladet.Med Kaninbyen leverer Arild Rein en kongenial avslutning av trilogien som plasserer forfatterskapet skyhøyt over alle andre på min private hitliste. Terje Thorsen, Dagbladet.
Vintercamping

Vintercamping

Arild Rein

Samlaget
2007
sidottu
Sju kvinner har vore i ei gravferd. Dei møtest på ein bar og hamstrar drinkar. Litt seinare møtest dei same kvinnene i eit boblebad. Denne gangen skal de feire ein fødsel. Gjennom samtalar tek kvinnene pulsen på vår eiga samtid.
Felttestamente

Felttestamente

Arild Rein

Samlaget
2016
sidottu
Apokalypse og aktiv dødshjelp på sjukeheimen Ein anestesisjukepleiar har teke livet av ei rekkje pasientar på ein sjukeheim for å lindre smerta deira. Han mister etterkvart kontrollen over seg sjølv og det han held på med. I et forsøk på å redde livet prøver han å skrive ut livssoga si og legitimera det han held på med. Men språket, som han heller ikkje har kontroll over, og som han trur er ein livbøye, viser seg å vere ei søkke. Rein, kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil, tok med sin førre roman, St. Olav-komplekset, steget ut i skrekksjangeren. Han held seg i det same sporet i Felttestamente, når han lar religiøse apokalypseførestillingar vere ein del av bakgrunnen for drapa som blir utførte.
Krapyl

Krapyl

Arild Rein

Samlaget
2017
sidottu
I denne prosasamlinga følgjer vi ein gut i gata og området han veks opp i, og observasjonane han gjer seg. Blikket hans er retta mot den til dels skremmande og uforståelege vaksenverda, representert ved dei eldre gutane, naboar, foreldre, tanter og onklar og besteforeldre. Situasjonane er både skeive, humoristiske og smått absurde. Det handlar om fotballspeling, om å lære å sykle, om ein far som var bakar, om å vere avisbod om natta, men også om å tenne på gras, om steinkrig, om korleis ein skaffar seg gratis pengar, og om det å sykle til byen for å stele og køyre heis.
Rotteland

Rotteland

Arild Rein

Samlaget
2019
sidottu
Om den norske finansverda tidleg på 2000-talet Vi nærmar oss finanskrisa 2008 i eit forrykande tempo. Storinvestoren Frank Hammer utnyttar alt og alle rundt seg. Ronny har begynt å tene store pengar i firmaet hans. I den illegale strippeklubben som Hammer, Ronny og kollegaene hans i St. Olav Invest frekventerer, arbeider Nadia som dansar. Nadia og Ronny vekslar på å føre ordet i ein roman som gir oss innblikk i finansverda i Noreg på tidleg 2000-tal, ei nesten uverkeleg verd som er integrert i den norske kvardagen. Kor lenge kan Nadia halde ut livet ho lever, og kor lenge kan oppturen til Ronny vare?
Det mørke fastland 1980
Stavanger 1980: Max kjenner seg fri etter å ha mista far sin, Tommy prøver å halde ut som postbod, Freddy har funne ut at faren har levd eit dobbeltliv, og Rainer har redda familiens hus frå å brenne ned. Henry lyttar tolmodig til utblåsingane deira og blir eit tidsvitne. Den unge vennegjengen ønsker raskast mogleg å rømme frå byens nyrike verkelegheit og trauma den har skapt. Dei fire monologane gir oss innsyn i ein sterkt klassedelt by der mentalitetane til arbeidarar, nyrike, gammalrike og kristne kolliderer. Med Det mørke fastland 1980 skriv Arild Rein seg opp mot 1995, året Noreg blir ein renteniststat, og året der handlinga i debutromanen Hundedagane startar. Rein interesserer seg i forfattarskapen for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette nyrike samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?