Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 546 510 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

11 kirjaa tekijältä Atle Berge

Puslingar

Puslingar

Atle Berge

Samlaget
2019
sidottu
Drivande roman om ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra. Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje. Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb? «Puslingar» gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.
Puslingar

Puslingar

Atle Berge

Samlaget
2020
pokkari
Drivande roman om ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje. Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb? «Puslingar» gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.
Diskursteori for barn og fulle folk
Kampen mot konkurransesamfunnet. Jordmor Arne Fjørtoft meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande fotballsupporter. Det irriterer han derfor grenselaust at alle stadig prøver å endre han. Både på jobb og på heimebane møter Arne unge menneske som er besette av å konkurrere og effektivisere, og som ser på han som ein trussel mot omdømmet til familien og fødeavdelinga. Irritasjonen toppar seg då den nye avdelingsleiaren prøver å gjere han til ein betre kundebehandlar. Arne nektar å tilpasse seg. Han går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere, og med seg på laget får han etter kvart ein energisk gjeng i festhumør.
Muntergang

Muntergang

Atle Berge

Samlaget
2010
sidottu
Pål Stordalen har slått seg sammen med narkomane Katrine, forsømt kokkekarrieren, ødelagt kroppen sin og mistet sitt sosiale nettverk. I følge Alvorets sikkerhetstjeneste er likevel det verste at han møter nederlaget med godt humør. Han blir mistenkt for å mene at livet er latterlig, og for å være rammet av ironisk dødserkjennelse.
Stockholmsyndromet: roman

Stockholmsyndromet: roman

Atle Berge

Samlaget
2012
sidottu
Stockholmsyndromet er ein roman om to sjelevenner frå kvar sin kant av universet: Planten Mju har flykta frå det gamle livet sitt på ein komet, og enda opp på jorda. Der bur Helene Alsterqvist, norsklektor, også ho kjenner seg fanga i den meiningslause kvardagen. Alsterqvist får ansvar for språkopplæringa til Mju, og dei endar snart opp som venner. Stokcholmsyndromet er ein roman om høgverdige emne som språk og einsemd, med ein tivolikomet, ei mistrantropisk stemme og to dystre romvesen i hovudrollene.
Matias Maradona

Matias Maradona

Atle Berge

Samlaget
2015
sidottu
Fjerde bok i serien om Barcelona-gjengen! Bøker som tek fotball alvorleg og set spelet i sentrum Barcelona-gjengen skal spele cup. Endeleg skal dei få møte FK Maradona! På skulen har alle snakka om cupen heile veka. Men så skjer det utenkjelege: Matias rekk ikkje bussen. Han har blitt gløymd att av sitt eige fotballag! Matias er lei av å bli gløymd, lei av å sitje på benken og lei av å ikkje bli bytt inn. Så kva gjer han når han blir spurd om å spele spiss på FK Maradona? Matias Maradona er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Leseland. Nivå 3.
Birk og Barcelona-gjengen

Birk og Barcelona-gjengen

Atle Berge

Samlaget
2015
sidottu
Får Birk bli med på laget? Birk er ny i byen og på leit etter nokon å spele fotball med. Etter å ha bede helten Messi om hjelp møter han Barcelonagjengen, seks gutar som er minst like glade i fotball og Barcelona som han sjølv. Men har dei plass til ein ny spelar på laget? Birk må verkeleg vise kva han er god for! Birk og Barcelona-gjengen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland nivå 3.
Superpularen

Superpularen

Atle Berge

Samlaget
2015
sidottu
Satire om bokbransjen Den kresne novelleforfattaren Aleksander Martinson har oppnådd enorm suksess etter å ha gitt etter for marknadskreftene og skrive den erotiske kriminalromanen Superpularen. På same tid, i same by, skriv ein taxisjåfør ned alt passasjerane seier om Martinson og Superpularen. Sjåføren innser at han har nok historier til å skrive ei bok om Superpularen. Men under jakta på den siste avgjerande stemma, blir Martinson funne myrda, bunde til senga si, innsmurt i vaniljeis - og sjåføren blir mistenkt for mordet. Superpularen er ein underhaldande satire om bokbransjen og ei åtvaring om å ta litteraturen på alvor. Det er eit portrett av ein kultur der nokre menneske snakkar og snakkar, mens andre aldri kjem til orde.
Alle mann i forsvar!

Alle mann i forsvar!

Atle Berge

Samlaget
2015
sidottu
Barcelona spelar aldri feigt! Så kva gjer Barcelona-gjengen når dei får beskjed om å spele alle mann i forsvar? Barcelona-gjengen skal spele mot Storebø, det einaste laget i byen dei aldri har vunne mot. Men når trenarane bestemmer at dei skal spele alle mann i forsvar, må Leo gjere opprør. Trenarane er nemleg foreldra hans, og han må få dei til å forstå at Barcelona-gjengen hatar å spele feigt. Alle mann i forsvar er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland nivå 3.
Keeperkongen

Keeperkongen

Atle Berge

Samlaget
2015
sidottu
Du har vel høyrt om Keeperkongen? Det er ingen i Barcelona-gjengen som likar å stå i mål, men ingen hatar det så mykje som Aleksander. No er det hans tur igjen, sjølv om dei tapte 7-0 sist han måtte vere keeper ... Denne gongen har trenaren henta inn eksperthjelp til treninga. Kan Keeperkongen lære Aleksander å ta ballen med hendene? Keeperkongen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland nivå 3.
Robot-Birk

Robot-Birk

Atle Berge

Samlaget
2019
sidottu
Ny bok om Barcelona-gjengen! Barcelona-gjengen er klare for årets første kamp, men så må Birk på sjukehus. Det er krise. Han har gleda seg til å spele kamp heile vinteren. No får han ikkje sett kampen eingong! Korleis skal vennene greie å få han ut frå sjukehuset og ned på fotballbana? «Robot-Birk» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.