Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 342 296 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

13 kirjaa tekijältä Atle Hansen

Eg har venta på deg

Eg har venta på deg

Atle Hansen

Samlaget
2020
sidottu
Stormfull skrekk. Simon gler seg til å ro ut på havet for å fiske. Men kven er det som plutseleg ropar på han? Er det den mystiske jenta han møter på kafeen? Ho som han skal å halda seg vekke frå? Eller er det Den svarte enka? Ho som sit på stranda og ventar på kjærasten som forsvann på havet for lenge sidan? «Eg har venta på deg» er ei ny bok i Grøss og gru-serien, eit samarbeid med Leser søker bok.
Alexander er forelska i Live

Alexander er forelska i Live

Atle Hansen

Samlaget
2021
sidottu
«Det liknar på den nye guten på idrettslina», seier læraren. Han står bak meg og ser på at eg lagar ei skisse med blyant på eit laust ark. «Han har same krøllene», seier læraren. «Og augo.» Munnen har eg ikkje teikna enno, ikkje nasen heller, berre ansiktsforma og krøllene og dei brune augo som aldri ser meg. Augo på teikninga ser min veg. Dei er blinde for anna enn det eg vil at dei skal sjå. Jonas går på vidaregåande. Han trivst best i bakgrunnen der han kan vere anonym og observere dei andre elevane. Han ser mellom anna korleis Alexander, den nye guten med dei vakre krøllane, verkar å vere interessert i Jonas' bestevenninne Live. Men kvifor synest Jonas det er så vondt å sjå på? Skulle han eigentleg ønske at Alexander var interessert i han? På ein fest blir hemmelegheita til Jonas avslørt framfor alle, og plutseleg er han ikkje lenger så usynleg. Har alle visst at han likar gutar bortsett frå Jonas sjølv? Alexander er forelska i Live handlar om å godta seg sjølv og kjenslene sine, og om å tore å stå for den ein er. Atle Hansen (1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, men er kanskje mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009), Svartedalen (2015) og Eg har venta på deg (2020).
Heksa

Heksa

Atle Hansen

Samlaget
2007
sidottu
På veg til skulen må Konrad gå forbi huset på haugen. Her finst dei utrulegaste og meist freistande epla ein kan tenkja seg. Men inne i huset bur det ei heks. Etter det folk seier har ho drepe son sin og gravlagt han i myra bak huset.
Sargasso

Sargasso

Atle Hansen

Samlaget
2009
pokkari
Ein mann kjem inn i resepsjonen på Hotell Limbo i Haugesund. Han er uteseglar som ventar på ny hyre. Han møter ei kvinne som arbeider på hotellet, det er kjærleik ved første blikk. Han går i land for siste gong, og finn seg ei hamn i kvinna si heimbygd. Mannens møte med øya blir skildra. Han kjenner seg som ein innvandrar, isolert og uglesett, men samstundes kjenner han seg meir heime her enn nokon annan stad.
Svartedalen

Svartedalen

Atle Hansen

Samlaget
2016
pokkari
Lettlesen grøssar for ungdom. Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå? Når mystiske ting byrjar hende, og du ikkje klarer å finne ei naturleg forklaring? Nokre gonger blir det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida sjølv om det kan bli farleg. Svartedalen er ein lettlesen grøssar der spenninga held deg klistra til sidene.
Flukt

Flukt

Atle Hansen

Samlaget
2016
pokkari
Lettlesen spenningsbok. Rett under fjellet ligg det eit tomt hus, som plutseleg ikkje er tomt lenger. Nokon har flytta inn, men vil ikkje bli sett. Er det dei rømte asylbarna, eller kanskje den farlege fangen som har slått seg til der? Og kva i all verda gjer ein når ein oppdagar noko som er hemmeleg? Flukt er ei lettlesen og spennande bok om å våge å gjere skumle og kanskje ulovelege ting. Les og få hjarteklapp. Utgivinga er støtta av Leser søker bok.
Apetryne

Apetryne

Atle Hansen

Samlaget
2017
sidottu
Direkte og innsiktsfullt om utestenging og forelsking «- Du treng ikkje herma etter apene, Arne! seier Simon. Ivar byrjar å le høgt. Han hoppar rundt bålet som ei ape, medan han peikar på meg. - Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!» Med Apetryne har Atle Hansen skrive ei sterk bok om det å vere utanfor, vere venner og vere forelska, og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg.
Klure

Klure

Atle Hansen

Samlaget
2018
sidottu
Lettlesen og spennande bok for mellomtrinnet! «Kva er ei klure?» spør eg. «Ein som klurer til alt mogleg. Ein som ikkje får til noko med hendene. Ei kløne, ein slik som deg, Jensemann», seier pappa og ler. Jens er ei kløne. Stundom tenkjer han at han er den minste som finst. Særleg når han blir plaga av Magnus. Då blir det bråk. Til slutt blir det nesten ein kamp på liv og død. Men Jens kan noko nesten ingen veit om. Han kan syngja.
Syng meg heim!

Syng meg heim!

Atle Hansen

Wigestrand
2012
sidottu
Lovart Litlevåg går mest for seg sjølv, les teikneseriar om cowboyar og indianarar, lyttar til Hank Williams og drøymer om Amerika. Lea Konstanse Kipevik bur på ein holme saman med foreldra og held seg i hønsegarden når ho treng selskap. Kvar dag slår dei følgje med kvarandre til skulen, men utan å veksla eit ord. Dei er einsame og annleis. Ho vil vera som dei andre, han vil helst vera ein annan. Men han har ei songstemme som får folk til å gråta, og ho gjer forretningar med ferske egg og gamle oppskrifter. Slik opnar livet og verda seg på ein ny måte, med mykje musikk både på og mellom linene. Syng meg heim! er ei frodig, nostalgisk og poetisk kjærleikserklæring til musikken, ein lun, gripande og vemodsmunter vestlandswestern om havet, døden og kjærleiken - og om å komma heim. Atle Hansen (f. 1954 i Mosterhamn) er forfattar, visesongar og journalist. Han er busett på Stord og har gitt ut 15 bøker og fleire plater. Atle Hansen har òg vore journalist i lokalavisa Sunnhordland sidan 1987. Han fekk Vinjeprisen for nynorsk journalistikk i 1996.
Maria møy

Maria møy

Atle Hansen

Wigestrand
2018
sidottu
"Ho blir ståande ved landgangen ei kort stund og sjå seg rundt, før ho med bestemte steg går over den tomme parkeringsplassen ved snøggbåtkaien mot ei husklyngje lenger inne i vågen. Jo Havn stoppar også straks han er kommen i land. Han set trillekofferten frå seg og tek fram ei sigarettøskje frå bukselomma. Medan han tenner ein sigarett og røykjer, følgjer han kvinna med blikket til ho forsvinn bak eit hus lenger inne." I håp om å finna inspirasjon til si neste bok vender forfattaren Jo Havn etter mange år tilbake til barndommens rike, eit lite øysamfunn på Vestlandet, der han har leigd eit feriehus av barndomskameraten Henrik Myra. Ved første augekast verkar alt like slentrande tilforlateleg og idyllisk som før i tida, men snart blussar gamle motsetningar og konfliktar opp igjen. Då den gamle rivalen til Myra blir funnen drukna i hamnebassenget, kunstnaren Ada X blir sporlaust borte, og det samtidig viser seg å vera stor aktivitet på den gamle fabrikken folk seier er nedlagd, blir Jo Havn etter kvart vikla inn i eit nett av farlege kontaktar, maktkamp og avhengigheitsforhold der han òg blir konfrontert med mørke sider i sitt eige liv. "Maria møy" er ei velskriven, medrivande og dialogsterk forteljing om løgn og forteiingar, grove brotsverk og løyndommar frå fortida, om å reisa ut og komma heim, om ansvar, forsaking og fornekting, og om å halda dommedag over seg sjølv. Forfattaren, trubaduren og låtskrivaren Atle Hansen (f. 1954) er fødd i Mosterhamn på Bømlo og busett på Stord. Han har og vore journalist i over 30 år, og har sidan debuten i 1997 skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne - Maria møy er Atle Hansen si 20 utgjeving.
Han som vart att

Han som vart att

Atle Hansen

Kapabel
2021
nidottu
Han som vart att er ei underhaldande forteljing om Vestlandet og den gjennomgripande utviklinga landsdelen har vore gjennom dei siste femti åra. Her får du møta gründerar, spradebassar, skrytepavar og stribukkar som alle søkjer å leve eit liv der restar av tung religiøsitet dannar bakteppe for det meste som skjer. Atle Hansen, fødd 1954 i Mosterhamn, er forfattar, visesongar, låtskrivar og journalist. Han bur på Stord og debuterte som forfattar med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill i 1997. Seinare har han skrive for både born, ungdom og vaksne. I romanane for vaksne skriv han om livet langs kysten av Vestlandet før og no, oftast i ein humoristisk tone og i munnleg, lettlesen stil.
Arvid, Anna og Aud

Arvid, Anna og Aud

Atle Hansen

Kapabel
2022
sidottu
«Arvid, Anna og Aud» er ei stillferdig forteljing om kjærleik, lyst, lengt og sjalusi og otta for å mista den du elskar. Ei bok om tre heilt vanlege menneske og deira heilt vanlege liv, som i språk og stil kan minna om Atle Hansen sin første roman, «Sargasso». Forteljinga er lagt til ein ikkje namngitt stad i Sunnhordland, slik Hansen sine romanar gjerne er. Dette er Atle Hansen si 25. bok sidan debuten i 1997.
Eg er Valmond Komb

Eg er Valmond Komb

Atle Hansen

Kapabel
2023
nidottu
Valmond vert fødd på den vesle øya Komb, men veks opp i Byen, saman med mora. Han lever eit liv som anonym kontorist bak ei anonym dør i enden av korridoren i Det store huset midt i Byen. Valmond er budd på å leva heile livet i einsemd, men slik går det ikkje. «- Eg er Valmond Komb» er ein roman om einsemd, forelsking og svik, om nett-troll og farlege tankar, om flukt og om å venda heim. Atle Hansen er forfattar, visesongar, låtskrivar og journalist. Busett på Stord. Som ofte i Hansen sine romanar hentar denne forteljinga handling frå ei oppdikta øy ein stad vest mot havet. Dette er Hansens 26. bok