Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 605 973 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

21 kirjaa tekijältä Brit Bildøen

Sju dagar i august

Sju dagar i august

Brit Bildøen

Samlaget
2019
pokkari
I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe? Romanen er lagt fram i tid. Sofie jobbar på Munch-museet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Medan regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.
Mitt milde vesen

Mitt milde vesen

Brit Bildøen

Samlaget
2019
pokkari
Mor til Johanne er på sjukeheimen. I fleire månader har ho nekta å snakke med dottera. Faren til Johanne forsvann for lenge sidan. Johanne vil finne ut kvifor mora er så sint og kva som skjedde med faren. Ho vil finne ut av livet til foreldra, men ho trenger samtidig inn i sitt eiget ekteskap. Johanne må finne ut om ho er i stand til å tilgje sviket og utroskapet til ektemannen. Aleine i barndomsheimen med det nedlagt gartneriet, konfronterer ho seg sjølv med si eiga skam, sin aggresjon og trass.
Landfastlykke

Landfastlykke

Brit Bildøen

Samlaget
2020
pokkari
Kunnskapsrikt og vittig om havarerte kjærleiksforhold og brukatastrofar. Den dagen Mona skal til sjukehuset og få hjelp til å bli gravid, stikk ho av frå hovudstaden og mannen og køyrer heim til barndomsbygda. Bruingeniøren skriv dagbok og tenker på Mona. Han veit ikkje at ho er på veg dit han er, men for lenge sidan kjente han ansiktet hennar betre enn sitt eige. Even tenker òg på Mona. Ho har ikkje fortalt kvifor ho reiser frå han, men han veit kva som plagar henne. Kva tenker Mona på? Tenker ho berre på seg sjølv, eller tenker ho på barnet ho ønsker seg? Ho reiser heim til barndomsøya, som skal bli landfast. Og snart vil dei tre møtast. Mona, bruingeniøren og Even. BRIT BILDØEN er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga "Bilde av menn" og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er òg verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom andre P2-lyttaranes romanpris for "Sju dagar i august" (2014) og Amalie Skram-prisen i 2020 for heile forfattarskapen.
Adam Hiorths veg

Adam Hiorths veg

Brit Bildøen

Samlaget
2019
pokkari
Den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth blir med på mijløvernaren Jon Utskotts tjueniande sykkeltur Norge på tvers. Vilkåret for å få vere med, er at han også skal sykle, bu i telt og ete grønsaker som Jon sjølv. Adam og Jon er ikkje alltid velkomne på si ferd gjennom landet, og det veks fram eit sterkt samhald mellom dei to mennene.
Alt som er

Alt som er

Brit Bildøen

Samlaget
2020
pokkari
Medrivande kjærleiksroman i tre generasjonar Morfaren til Mariann, Lluis, valde å forlate kvinna han elska i Marokko. Mor hennar, Maria, valde å følgje den unge arkitekten ho forelska seg i, til Norge. Sjølv forelskar Mariann seg i ein ho ikkje kan få. Korleis taklar ho å bli vald vekk? "Alt som er" er ein musikalsk og medrivande roman kor vi følgjer ein familie av arkitektar gjennom tre generasjonar. Veggane i den gamle tømmervillaen deira på Vinderen held godt på løyndommane og sanningane om dei som lever der. BRIT BILDØEN er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga "Bilde av menn" og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er òg verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom andre P2-lyttaranes romanpris for "Sju dagar i august" (2014) og Amalie Skram-prisen i 2020 for heile forfattarskapen.
Gult farevarsel

Gult farevarsel

Brit Bildøen

Samlaget
2023
sidottu
Eit familiedrama om vår plass i naturen. Det bryggjer opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban. Allereie da ho kjem fram, angrar Dorte på at ho har samla familien her, seint i oktober. Så bryt uvêret laus, eit jordras sperrar av området og familien blir stengd inne på setra saman med to ruskete jegerar. Lite anar Dorte at raset berre er den første av ei rekkje hendingar som denne familien aldri kjem til å gløyme. Gult farevarsel er ein roman om menneske og dyr, og om korleis vi ser kvarandre og naturen vi alle er ein del av.
Gult farevarsel

Gult farevarsel

Brit Bildøen

Samlaget
2024
pokkari
Eit familiedrama om vår plass i naturen Det brygger opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban. Allereie da dei kjem fram, angrar Dorthe på at ho har samla familien her, seint i oktober. Så bryt uvêret laus, eit jordras sperrar av området, og familien blir stengd inne på setra saman med to mistenkelege jegerar. Lite anar Dorthe at raset berre er den første av ei rekke hendingar som denne familien aldri kjem til å gløyme. Gult farevarsel er eit familiedrama om vår plass i naturen.
Over land og hav; eit år med trekkfuglar
Fuglane lever tett på oss, men veit vi eigentleg så mykje om dei? Vi har alltid drøymt om å vere fri som fuglen. Men fuglane er ikkje så frie som vi trur. Dei er sårbare, ikkje minst trekkfuglane som to gonger i året legg ut på lange og strabasiøse reiser over land og hav. Brit Bildøen følgjer trekkfuglane gjennom eit år, og tar lesaren med på ei ferd frå forblåste fuglefjell og langstrakte myrlandskap her heime, til slettene i Andalucia og kystlandskapet utanfor Tanger. Her kan du lese om franskmenn sin morbide lidenskap for songfuglen hortulan, om vipa som snart er borte frå Lista og om gråmåsen som kvart år hekkar på stabburstaket ved sommarhuset hennar på Veiholmen. Over land og hav er ei kjærleikserklæring til fuglane rundt oss og dei fine naturopplevingane som ventar når vi berre får auga opp for dei.
Tvillingfeber

Tvillingfeber

Brit Bildøen

Samlaget
2011
sidottu
Ida leitar etter sin tapte tvilling; i seg sjølv, i eit gammalt fotografi, i menn og onklar og venninner. Ho funderer over det å vere ein, og det å vere to, og det å lure på om det er slik at med det tredje skal det skje.
Landfastlykke

Landfastlykke

Brit Bildøen

Samlaget
2007
sidottu
Ein tidleg tirsdagsmorgon i slutten av november forlèt Mona Sæther ektemannen sin og loftsleiligheita på St. Hanshaugen i Oslo. Ho køyrer frå ein legeavtale ho ikkje vil halde, og heim til øya der ho voks opp. Der vil ho tenkje over dei val ho har gjort, og endar opp med å stelle for ei sjuk venninne. Mona har delte kjensler for det som skjer på heimstaden; ei bru er i ferd med å reise seg i sundet, snart skal barndomsøya bli landfast.På den same øya sit bruingeniøren som ein gong kjente Mona svært godt, og skriv dagbok. Han skildrar framdrifta av brubygginga, ser på øya og folket der ute med skrått blikk, og samanliknar sine brotne kjærleiksforhold med store brukatastrofar.Boka handlar om ei øy og om bygginga av ei bru. Det handlar om korleis landskap, samfunn og menneske blir bundne saman og endra. Det er ein roman om kjærleiks- og vennskapsforhold, om det skjøre sambandet mellom dei som lever, og mellom dei levande og døde.
Huset Goggenheim

Huset Goggenheim

Brit Bildøen

Samlaget
2007
sidottu
Saman med far sin flyttar tvillingparet Maren og Magnus inn i eit gammalt, falleferdig hus ute på ei klippe. Straks begynner tvillingane å høyre merkelege lydar, og dei vaknar av at nokon står og pustar på dei. Det viser seg at ein hund går att i huset. Newfoundlandshunden Goggen omkom då han forliste saman med eigaren ute på havet. Etter denne ulykka har ikkje hunden fått fred, og prøver å berge alle i huset - noko som ikkje alltid er like morosamt. Men det skal vise seg at spøkelseshunden blir god å ha. Komet 10-12 år. Illustrert av Lars Aurtande.
Mitt milde vesen

Mitt milde vesen

Brit Bildøen

Samlaget
2007
pokkari
Mitt milde vesen er ein roman om lyset i mørket og om demonane som bur i oss alle. "Brit Bildøen har skrevet en forbasket god roman." Susanne Christensen, Klassekampen "Hun viser hvorfor 'mors og fars historie' igjen og igjen er verdt å fortelle." Marie Aubert, Bergens Tidende "Med sin speiling av det dagligdagse som vidløftig og vidtrekkende bekrefter Brit Bildøen at hun er blant våre fremste samtidsforfattere." Maya Troberg Djuve, Dagbladet
Litterær salong

Litterær salong

Brit Bildøen

Samlaget
2009
sidottu
I denne essaysamlinga deler forfattaren lesingar av forfattarar som betyr mykje for henne. Kvar forfattar har fått tildelt kvar sin dyd som tener som inngang til forfattarskapet. Dei ti forfattarane er: Gertrude Stein, Carol Shields, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Joan Lindsay, Mercè Rodoreda, Adrienne Rich, Amalie Skram, Doris Lessing og Elfriede Jelinek.
Adam Hiorths veg

Adam Hiorths veg

Brit Bildøen

Samlaget
2011
sidottu
Den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth blir med på mijløvernaren Jon Utskotts tjueniande sykkeltur Norge på tvers. Vilkåret for å få vere med, er at han også skal sykle, bu i telt og ete grønsaker som Jon sjølv. Adam og Jon er ikkje alltid velkomne på si ferd gjennom landet, og det veks fram eit sterkt samhald mellom dei to mennene.
Tvillingfeber

Tvillingfeber

Brit Bildøen

Samlaget
2012
pokkari
Ida leitar etter sin tapte tvilling; i seg sjølv, i eit gammalt fotografi, i menn og onklar og venninner. Ho funderer over det å vere ein, og det å vere to, og det å lure på om det er slik at med det tredje skal det skje.
Litterær salong

Litterær salong

Brit Bildøen

Samlaget
2012
pokkari
Eit skarpt og underhaldande feministisk bokløft! Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. På skarpt og underhaldande vis gir Bildøen ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra. I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar. Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek.
Sju dagar i august

Sju dagar i august

Brit Bildøen

Samlaget
2014
sidottu
Vinnar av P2-lyttaranes romanpris 2014!En fantastisk bok - aktuell og samfunnskritisk, juryen for P2-lytternes romanpris. I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe? Romanen er lagt fram i tid. Sofie jobbar på Munch-museet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Medan regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.
Tre vegar til havet

Tre vegar til havet

Brit Bildøen

Samlaget
2019
pokkari
Ei kvinne har vore gjennom ein lang adopsjonsprosess. I postkassa ligg eit brev som skal endre livet hennar. Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt. Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv. Dei tre historiene flettar seg saman til ei sterk forteljing om raseri, galskap og flukt frå fortida. I Tre vegar til havet»skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.