Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 342 296 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

7 kirjaa tekijältä Gaute M. Sortland

Avsporingar

Avsporingar

Gaute M. Sortland

Samlaget
2021
sidottu
Menn i krise Kva om det verste skjer? Det får hovudpersonane i denne novellesamlinga kjenne på. Ein forfattar er endeleg i flyt, han har aldri vore betre og no må han skunde seg å få ut boka si før den store katastrofen inntreffer og gjer prosjektet hans irrelevant. Ein familiefar har fått ein beskjed som snur om på heile livet hans og på livet til ungane, skal dei for alltid bli den familien alle synest synd på? Ein eldre mann har skapt seg det livet han vil ha og kommuniserer minimalt med omverda, så bankar det på døra og livet blir aldri det same. Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar også eit større, underliggande alvor. Gaute M. Sortland (f. 1980) er musikar og forfattar. Han debuterte med romanen Johan i 2009 til strålande kritikkar og har sidan skrive både ungdomsbøker og kortprosa.
Sanne historier

Sanne historier

Gaute M. Sortland

Samlaget
2023
sidottu
«Det var dagar då eg fekk lyst til å helle ein tynn stråle ut av tuten på kaffikjelen og ned på handbaken, og stå slik på kjøkenet og telje sekund, sjå kor lenge eg klarte å halde ut før eg stakk handa under den kalde vasstrålen. Men i dag kunne eg ikkje tillate meg slikt tull. Nei, i dag ville eg drikke kaffi som eit vanleg menneske.» Folka du møter i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme går livet vidare. For dei fleste.
Tid og rom

Tid og rom

Gaute M. Sortland

Samlaget
2024
sidottu
Ein forfattar vil sette spor etter seg og drøymer om å skyte den neste romanen sin ut i bane kring jorda. Samstundes er kjærasten Gerti på jobbseminar på Gardermoen og kjem i skade for å skjelle ut sjefen sin etter notar og blir stengd inne på hotellrommet. Vår helt må komme seg over fjellet i ein fart for å frigjere henne, og saman med søstera og ein kompis legg han ut på ein hasardiøs biltur. Men så slår tida seg ut av sitt vande spor, og det same gjer rommet! Tid og rom rommar ei kjærleikshistorie og fleire vennskap, skriven med språkleg overskot og leiken humor. Gløym alt du trur du veit om tid og rom, len deg tilbake og bli med på turen.
The rise and fall of Gøran Trovåg

The rise and fall of Gøran Trovåg

Gaute M. Sortland

Samlaget
2013
sidottu
Dette er historia om Stuart, som eigentleg heiter Gøran, og kompisane hans. Det er historia om skitten sprithandel, vennskap og musikk. Det er forteljinga om måker og vind, om damer og eksplosjonar, og ikkje minst: historia om å gå skikkeleg på trynet i hundeskit. Gaute Sortland har skrive ei morosam, skeiv og sår bok om det å vere ung gut i ein liten norsk by.
Fotturar i Norge

Fotturar i Norge

Gaute M. Sortland

Samlaget
2015
sidottu
Gaute M. Sortlands nye kortprosasamling kretsar om kvardagen i alle fasettar, frå små, daglegdagse glimt til meir dramatiske hendingar av livsendrande karakter. Det handlar om einsemd og kjærleik, og familie, barn og om nye møte. Tekstane spenner frå små dikt via lengre anekdotar og forteljingar og til kartlegging av heile livsløp. Felles for alle tekstane er den gjenkjennelege vekslinga mellom melankoli og humor som pregar forfattarskapen hans. Fotturar i Norge er sniglegift og draumar, beatlitteratur og avbestilte feriar. Fotturar i Norge er sjølve livet, på godt og vondt, full av humor, melankoli, trass og pågangsmot.
Du er ikkje normal

Du er ikkje normal

Gaute M. Sortland

Samlaget
2019
sidottu
Leikent og melankolsk om å stå utanfor og kikke inn. I Sortlands nye novellesamling møter vi folk som av ulike grunnar tek val som er litt utanfor normalen: forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i nynorskklasse. Eller personane står på andre måtar litt i utkanten av det som skjer: læraren som har sin siste dag på skulen før pensjon, den fråskilde mannen som sender dickpics til utvalde kvinner på telefonlista, mannen som forsøkjer å vere i forkant av trendane som stadig dukkar opp, og kjøper inn utstyr for fuglekikking. Den tidlegare alkoholikaren som har vore nykter i eitt år og dreg på klatretur med ein kamerat, mannen som kjem heim og oppdagar at ein annan har flytta inn til familien, og at han sjølv er blitt ein tilskodar til det som burde vore hans eige liv. Dei prøver alle å finne ut av ting og spreller litt når livet dreg dei med seg i uante retningar. Men hjelper det? Stort sett ikkje. Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar som alltid ein melankoli knytt til det å stå utanfor og kikke inn.