Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 097 952 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

6 kirjaa tekijältä Hildegunn Dale

Huset jorda i vatn

Huset jorda i vatn

Hildegunn Dale

Samlaget
2024
nidottu
Lyset over den raude naustveggen liknar flammar og røykEg kviler i kajakken, nær punktet der havet tek fyr Ber om ein elskar å gå over øya medom å få tilbakeden lysande lina der hav møter himmel, som ein stigeein dis, å segle inn i bak hendinganeEg blir skild og må flytte frå huset ho er så glad i, til ein mellombels heim, ei rorbu på ei øy lenger ut i havgapet. Der må ho venne seg til eit nytt landskap, til å vere aleine i naturen som omgjev henne.Kan huset ho forlet, likevel bli ståande i hennar bilde? Slik berga står i vatnet, opp ned som spegelbilde. Eller slik refleksar av bølgjer blir kasta opp på murveggen i sol, og dannar eit mønster av lys. Slik inne verkar saman med ute, slik utsynet opnar romma i huset og fugleskrika ber gjennom dei, slik naustet er inngangen til fjorden.Huset jorda i vatn er eit forsøk på å skrive eit hus før det blir selt og overteke av nokon andre.
Sea, say and see

Sea, say and see

Hildegunn Dale

Samlaget
2007
nidottu
Med dette diktmanuset viser Hildegunn Dale igjen ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine - og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Denne samlinga innheld forståelege og handfaste scener og interiør; ei hand som dyttar, ein båt på land, graset som dannar ein vegg. Og heile tida fell lyset inn på forskjellige måtar både i dei konkrete romma og i teksten. Det er ei samling med vidunderleg klare komponentar, og likevel stort rom for lesaren til sjølv å sjå og tolke kva dei forskjellige komponentane betyr.
Ein halv dag

Ein halv dag

Hildegunn Dale

Samlaget
2015
nidottu
Skal ein skrive eller la det vere? Eg-et i denne samlinga reflekterer omkring sjølvmordet til den kjære, aldrande faren: «Eg held bilde. Eg held mange bilde. Ei mogeleg forløysing av ord. I det alt fell frå kvarandre.» Det oppstår eit rom her, gjennom det som glir frå kvarandre, som legg til rette for sansing og refleksjon. Minnebilete frå barndommen, naturen, reiser og stader knytte til farens død blir gjort levande i form av sterke poetiske fragment.
Rapportar frå havet

Rapportar frå havet

Hildegunn Dale

Samlaget
2019
nidottu
Skrifta på sjøen. Ein forfattar legg ut på ei reise i eit år saman med kapteinen og dottera deira Olina. Hunden og kattane må bli att heime. Om bord i seglbåten Elle Melle har dei loggbøker, notatbøker og eit skipsbibliotek. "Rapportar frå havet" er ei poetisk omarbeiding av notat fra. denne reisa, og vi får også glimt av Olina sine nedteikningar. Kva skjer når ein legg det vanlege livet bak seg og gir slepp på tid og stad? Kva skjer med refleksjonane, med draumane - med skrifta -, når ein er i stadig rørsle? "Eg har nok minne for eit liv, treng ikkje fleire. / Kunne opphalde meg resten av livet i ein seglbåt på opent hav. / Kvar dag ha setningar sagde av andre til underhaldning. / Augo ville etter kvart bli som hav. Drivande, blanke, / ute av stand til å halde ei stove."