Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 016 292 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

3 kirjaa tekijältä Ingvar Moe

Ord om ord

Ord om ord

Ingvar Moe

Samlaget
2021
nidottu
Moe (1936-93) debuterte i 1975. Dei siste leveåra arbeidde han stadig med redigeringa av dikta som er med i denne boka, og utvalet er basert på eit manuskript som vart oppdaga av familien. Dei to hovudtendensane i boka er leik og utprøving av språk(et) og refleksjon over eige forhold til ord og dikt.
Dikt i samling

Dikt i samling

Ingvar Moe

Samlaget
2016
pokkari
Ingvar Moe (1936-1993) gav ut i alt 26 bøker og var aktiv i dei fleste sjangrar - noveller, romanar, barne- og ungdomsbøker, revy og teater, lærebøker, kåseri og popsongar. Per Olav Kaldestad har redigert dikt frå Ingvar Moes fire diktsamlingar, og valt ut nokre av songane. Mange hadde sans for Ingvar Moes modige sjølvutleveringar - ikkje minst av det kjærleiksfylte hatet til heimbygda - og diktaren opplevde å bli omfamna både av folket og av akademia: Debutboka løktastolpefrø (1975) kom i fleire opplag og blei tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris. Men så vel debutboka som dei andre diktbøkene, Fløttjevels bok (1977), Himabrent (1979) og Berre litt, altså (1989) syner også fram dei positive kreftene i bygdesamfunnet. Og alle tekstene er prega av Ingvar Moes særeigne evne til å fange inn replikkar, ordtak, ironi, patosen og den andektige talen.