Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 244 527 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

3 kirjaa tekijältä Ingvild Grane

Strikk med Ingvild frå @skaperrom
Strikk nydelege klede som kan vare i generasjonar! Ingvild Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instakontoen @skaperrom. No har ho laga si alle første strikkebok. Her får du klassiske og enkle oppskrifter til baby, barn og dame, alt frå kvardagsgenserar, sokkar og luer til festfin kardigan og genseren for dei vakraste sommarkveldane. Ingvild Grane synest ikkje strikkeoppskrifter skal vera så avanserte. Hennar erfaring etter årevis med strikking, er at ho vender tilbake til dei enkle oppskriftene. Dei strikkar ho gjerne gong på gong i ulike fargar, strukturar og garnkvalitetar. I staden for å gje deg avansert strikk har ho difor fylt boka med elegante og funksjonelle plagg som kan strikkast på nytt og på nytt i mange år framover, og som har eit så klassisk snitt at dei kan gå i arv. Dette er ei bok for deg som strikkar masse, for deg som strikkar litt, og for deg som ikkje strikkar, men som har veldig lyst til å starte. Ingvild Grane (f. 1982) kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist. På dagtid jobbar Grane i Fabel, og på kveldstid lagar ho strikkeoppskrifter og strikkar til seg sjølv og dei ho har kjær. Ho er kjend for instakontoen @skaperrom.
100 handlaga gåver

100 handlaga gåver

Ingvild Grane

Samlaget
2022
sidottu
Spar pengar og miljø med å lage gåvene dine sjølv. Strikk, sy, sank, mål eller tenk heilt annleis! Året er fullt av dagar der du gir og får gåver. Di fleire gåver me kjøper, di meir belastar me både naturen og lommeboka. Med denne boka vil Ingvild Grane inspirere deg til å tenke nytt om kva ei gåve kan vere. Her finn du tips til 100 gåver du enkelt kan lage sjølv gjennom heile året ved å bruke ting du finn i naturen, eller saker frå roteskuffa heime, utan at det kostar verken deg eller miljøet noko. Lær å lage blomster av papir, sy fine og funksjonelle gåver av restestoff, lage nydeleg syltetøy og saft, gi bort ein grøftekantbukett eller strikke ei restegarnpute. Strikk, sy, sank, mål eller tenk heilt annleis. I boka finn du også mange gode tips til alternative gåver, som opplevingar og tenester me kan gjere for andre. Kvifor ikkje invitere til pannekakefrukost eller ein utandørs sommarmiddag? Boka inneheld gåver til barn og vaksne, og ein del av oppskriftene eignar seg til å lage saman med barn.
Strikk vottar

Strikk vottar

Ingvild Grane

Samlaget
2024
sidottu
Friskt og fargerikt med inspirasjon frå tradisjonHer får du oppskrifter på 30 ulike vottemønster. Ingvild Grane har late seg inspirera av tradisjonsstrikk, men gitt vottane eit oppdatert og friskt uttrykk. Oppskriftene spenner frå det enkle og grafiske til det meir frodige og ekstravagante. Nokre passar for nybyrjaren, andre for den meir avanserte vottestrikkaren. Her er oppskrifter på vottar strikka med tjukt garn og tjukke pinnar, som kan strikkast på ein kveld, men også oppskrifter med tynnare garn og pinnar, og meir intrikate mønster. Her er vottar til alle, frå små barn til vaksne, gutar og jenter, kvinner og menn.Og hugs, vottar er perfekt restegarnstrikk. Ingen vottar treng meir enn eitt nøste per farge, og mange vottar kan strikkast med dei små garnrestane du har liggande.Alle vottane er strikka i rein ull av norsk garn frå Rauma garn og Hillesvåg Ullvarefabrikk.PDF med rettingar: https://qrco.de/strikkvottar