Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 348 709 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

4 kirjaa tekijältä Jan H. Landro

Frå Nora til Karl Ove: og 84 andre personar i norsk litteratur
Gullrekkja i norsk litteratur! Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro portretterer og skildrar korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i nokre av dei beste norske bøkene gjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar». Her får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Askeladden, Wergelands Stella og Petter Dass. Du kan lese om opprørske Inger-Johanna i Familien på Gilje, Tusten hos Tarjei Vesaas og den gåtefulle «Lillelord» hos Johan Borgen. Ikkje minst får du vite meir om personar frå vår tids litteratur, som incest-offeret Bergljot hos Vigdis Hjorth, kemneren Bjørn Hansen hos Solstad og den heilt gjennomsnittlege Harry Lund i Gryttens Bikubesong. Frå Nora til Karl Ove er ei engasjerande og underhaldande bok, som opnar opp den norske litterære gullrekkja for gamle og nye lesarar.
Bernt Tunold; vestlandsmålar i grønt og grått
Bernt Tunold (1877-1946) var ein av våre fremste målarar på 1900-talet - og vestlandsmålaren framfor nokon. Ingen skildra det grøne Vestlandet som Tunold. I unge år hamna han i skuggen av vennen Nikolai Astrup, men gjekk seinare sine eigne vegar. Mykje av livet sleit han med eigne demonar og ytre vilkår som gjorde kunstnarlivet vondt og vanskeleg. Bernt Tunold var frå Selje i Nordfjord, budde i periodar i Sigerfjord i Vesterålen og Hyen i Nordfjord, men hadde størstedelen av livet heimen sin i Bergen. Motiva sine, helst landskap og gamle tun, fann han over heile Vestlandet. Frå midten av trettiåra fekk stilleben og interiør ein sentral plass i kunsten hans. Forfattaren har reist i Tunold sine fotspor til dei mange stadene han vitja med staffeliet og paletten. Han har snakka med folk som kjende Tunold, sett Tunold-bilete på mange vegger, og har saumfare det som finst av skriftlege kjelder. Den personen som stig fram er ein heroisk kunstnar, som aldri gav opp å måle, og som endå i vanskelege tider skapte noko av sin finaste kunst. Boka inneheld kring 375 illustrasjonar, av dette over 200 måleri og teikningar, og ei verkliste med kring 750 måleri og teikningar av Bernt Tunold.
Jon Fosse - enkelt og djupt

Jon Fosse - enkelt og djupt

Jan H. Landro

Selja Forlag
2022
sidottu
JON FOSSE - Enkelt og djupt tek lesaren med inn i det særs fasinerande universet til ein av våre største nolevande forfattarar. For første gong vert alle romanane og dei lengre forteljingane hans presenterte og analyserte, kronologisk ordna frå debutromanen Raudt, svart til og med romansyklusen Septologien. Landro deler kunnskapen sin om korleis kvar enkelt bok er blitt til og knyter dette til andre deler av forfattarskapen. Dramatikken og lyrikken til Fosse blir trekt inn i analysane for å kaste lys over samanhengar og utviklingstrekk. I eit omfattande intervju gir Jon Fosse eit interessant innblikk i skrivinga si. Der fortel han korleis han arbeider og kva som ligg bak forfattarskapen. Han kommenterer sjølv bøkene som er analyserte, og går dels i dialog med analysane.
Skansemyren

Skansemyren

Jan H. Landro

Bodoni
2024
sidottu
For mange er stedsnavnet Skansemyren identisk med idrett. Titusener av bergensere, fra unge år til langt opp i voksen alder, har gjennom årene drevet med idrettsøvelser der. Først på «legeplassen» som anlegget ble kalt ved ferdigstillelsen i 1896, fra 29. juni 1924 på idrettsplassen slik man kjenner den i dag. Men Skansemyren er så mye mer enn idrett og fysisk fostring. Området på fjellhyllen under Fløyen har en lang historie. I 1814 solgte Bergen kommune denne delen av «Tagemarken» til to familier som ryddet jorden og ble Skansemyrens urinnvånere. Jordbruk ble drevet på Nordre Skansemyr frem til 1949. På 1950-tallet var Skansemyren, slik vi kjenner den i dag, ferdig utbygget. I Brannfunksjonærenes nybygg krydde det av barn. Flere av dem forteller minner fra en lykkelig barndom. Visste du at • I 1868 ble det oppført en reperbane på Skansemyren • Lekeplassen hadde i åpningsåret 1896 6000 besøkende • Barn under 10 år hadde kun adgang i følge med voksne. • I mai 1914 landet den franske flypioneren Pierre Chanteloup med sin «flyvemaskine» på Skansemyren etter «en lek med døden» for å bruke hans egne ord. • Sportsklubben Trane arrangerte sankthansaften 1949 et sommerhopprenn i Skansemyrbakken. 10 363 betalende tilskuere bivånte begivenheten • I juli 1962 arrangerte Jehovas Vitner landsstevne på idrettsplassen. 2602 personer deltok med «modige forkynnere» som tema. 47 personer lot seg der døpe i vann.