Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 627 373 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

9 kirjaa tekijältä Jan Inge Sørbø

Fire store: Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam
I denne boka viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag. Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar. Hulda Garborg er kjent for si organisatoriske kraft, men dei mange skjønnlitterære bøkene hennar er nesten ukjente. I tillegg til å ta ansvaret for ein depressiv ektemann og heile det nynorske teaterlivet skreiv ho over 40 bøker, ambisiøse romanar og eksperimentelle drama. Gro Holm skreiv sterke romanar om Odda sin overgang frå bonde- til industrisamfunn 40 år før Kjartan Fløgstad, ofte med eit kvinneperspektiv. Aslaug Vaa, som gav ut bøker frå 1930-talet og framover, vart lenge omtala som ein lokal telemarksforfattar. Sørbø viser korleis ho stod i dialog med leiande intellektuelle rørsler i Europa gjennom heile forfattarskapen. Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Det er tid for nylesing.
Hans Skjervheim

Hans Skjervheim

Jan Inge Sørbø

Samlaget
2007
sidottu
Filosofen og skribenten Hans Skjervheim (1926-99) var ein av dei mest markante norske intellektuelle etter krigen. Han fekk raskt rykte på seg som den moderne utgåva av Sokrates; alltid spørjande og nysgjerrig, og alltid omgitt av studentar og kollegaer. Han førte like gjerne lange filosofiske diskusjonar på kafeen eller puben, som frå kateteret. Svært mykje av Skjervheims tenking var responsar på tendensar i samtida. Biografien gir derfor også eit "intellektuelt periodeportrett av Noreg, der viktige debattar etter krigen blir skildra. Har litteraturliste og personregister.
Symfoni no. 3, opus 41

Symfoni no. 3, opus 41

Jan Inge Sørbø

Samlaget
2007
sidottu
Det er juni 1946 og fred i Norge. Fartein Valen har fullført eit stort arbeid. Han har skrive ferdig symfoni nr. 3, ein pastoralesymfoni med stormkast, ei kjærleikserklæring til Valevåg, pastorale, elegi over dei unge døde, alle krigens offer, det fortel om stormane, og det munnar ut i ein ny pastorale, ein jubelsong, ein takk, ein vårdag i Valevåg. I denne romanen blir liv og musikk, håp og tru, kjærleik og sakn fletta inn i kvarandre til ein symfonisk og litterær vev.
Lyset frå fars ansikt

Lyset frå fars ansikt

Jan Inge Sørbø

Samlaget
2010
sidottu
I denne boka skriv forfattaren, med religion, filosofi, poesi og musikk som grunnlag, om sorgarbeid og det å miste gamle foreldre som døyr ein naturleg død. Forfattaren brukar historia om den siste tida til sin eigen far som utgangspunkt for sine refleksjonar.
Til trøyst

Til trøyst

Jan Inge Sørbø

Samlaget
2013
sidottu
Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing. Dette kan ikkje erstatta diagnosesystema og fagkunnskapen, men litteraturen kan supplera og stundom korrigera dette. Det skarpe skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal, er gjerne mindre viktig i skjønnlitteraturen. Vi møter ofte innsiktsfulle og kloke røyster som har erfaringar på begge sider av slike skilje. For den som sjølv kjempar med slike vanskar, kan det liggja både gjenkjenning og trøyst i gode romanar og dikt. Sørbø gir døme frå bøker av m.a. Beate Grimsrud, Olav H. Hauge, Karin Fossum, Arne Garborg, Alfred Hauge, Gunvor Hofmo, Göran Tunström og Lars Amund Vaage.
Arne Garborg

Arne Garborg

Jan Inge Sørbø

Samlaget
2015
sidottu
Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur (Hanna Winsnes Kogebog). Denne eineståande innsatsen hadde ein mørk bakgrunn. Faren var alvorleg sinnslidande, og då Garborg var 19 år, enda faren livet for eiga hand. Mykje av Garborgs forfattarskap handlar om å forstå kvifor dette hende. Dette traumaet, kombinert med heilt uvanleg intelligens og orienteringsevne, førte Garborg inn i dei fleste filosofiske og religiøse straumdrag i samtida. Han beveger seg frå tradisjonell kristendom til vitskapstru og religionskritikk, vender tilbake til grunnspørsmåla i tilværet, og skaper til slutt si eiga originale tolking av Jesus og Det nye testamentet. Vi kan følgje dette i meisterverk som Bondestudentar, Fred, Trætte Mænd, Haugtussa og Den burtkomne Faderen. Jan Inge Sørbø har skrive ei medrivande og lettfatteleg bok om korleis Garborg orienterer seg i si samtid, og viser samanhengen i denne omfattande og stadig nyorienterte forfattarskapen.
Nynorsk litteraturhistorie

Nynorsk litteraturhistorie

Jan Inge Sørbø

Samlaget
2018
sidottu
Eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur - frå Ivar Aasens tid til i dag. I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i - og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på. Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018.