Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 518 949 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

9 kirjaa tekijältä Jon Hellesnes

På grensa

På grensa

Jon Hellesnes

Samlaget
2011
sidottu
I denne samfunnsfilosofiske modernitetsanalysen ser forfattaren, som Apel og Habermas, det moderne som "eit ufullenda prosjekt". Her er eksistensielle og religionsfilosofiske emne, med kommentarar av tenkjarar som Aristoteles, Camus, Habermas, Heidegger, Wittgensten og Zapffe. Med notar.
Maska bak andletet

Maska bak andletet

Jon Hellesnes

Samlaget
2007
nidottu
Boka er ei samling essay, og forfattaren viser korleis filosofisk innsikt kan brukast til å forklare og fortolke den verda vi lever i. Dei ulika essaya kretsar mellom anna om vanskane med å føregripe framtida, storbyens sjel, sentimentalisering av media og sjølvpresentasjon. Har litteraturliste og personregister.
Illusjon?

Illusjon?

Jon Hellesnes

Samlaget
2007
nidottu
I denne essaysamlinga tek Jon Hellesnes lange sveip inn i norsk politikk og europeisk idhistorie og presenterer friske og skarpe tankar omkring illusjonar. Illusjonar finst det fleire typar av: Som enkeltmenneske konstruerer vi illusjonar som vi treng for leve. I politikken og samfunnslivet speler dei store, kollektive illusjonane ei viktig rolle. Men kva skjer nr illusjonane blir avslrte? Frer dei med seg end strre illusjonar? Hellesnes tek lange sveip inn i norsk politikk og europeisk idhistorie og presenterer friske og skarpe analysar av vr eiga samtid. Denne boka inneheld blant anna historia om ein mislykka bergingsaksjon: I 1760-ra var Jean-Jacques Rousseau i stor fare. Prestevigde ndsmenn, juridiske autoritetspersonar og ikkje-autoriserte drapsmenn var ute etter han. Han blei berga unna det europeiske kontinentet og kom til England. Der var han trygg. Slik sg det i alle fall ut. Men Rousseau fekk mistanke til leiaren for bergingsaksjonen, David Hume. At Hume ville han vel, kunne vere ein ddeleg illusjon! Dermed var nye, farlege intrigar i gang. Rousseau og Hume var bde offer for og avslrarar av illusjonar. Fleire sprsml str sentralt i denne boka: Kva er ein illusjon? Finst det illusjonar av radikalt ulike slag? Korleis verkar kollektive illusjonar? Kva rolle kan illusjonar spele i politikken? Kva med avslringa av illusjonar? Kan den fre med seg ein end strre illusjon, ei end verre ulykke? Er nihilismen illusorisk? Kva er lettnihilisme? Kva er ideologisk utpressing? Sprsmla fr ei viss avklaring, og det kjem framlegg til svar. Boka tek g lange sveip inn i andre problemfelt enn dei som direkte vedgr emnet illusjon. Indirekte er det likevel ein samanheng.
Om livstolking

Om livstolking

Jon Hellesnes

Samlaget
2007
nidottu
Mennesket er ikkje i verda liksom bordet er i rommet, egget i korga eller eplet i skåla. Mennesket er, til skilnad frå tinga, merksam på sin eigen førekomst, og det kan ikkje unngå å tolke andre menneske og sin eigen omgivnad. Tolkinga er ikkje verdinøytral, men ber i seg verdsettingar, og dei viser seg i det vi prøver å oppnå, det vi finn bryet verdt, det vi likar, det vi søkjer unna, det vi vil sleppe, det vi vil ha, det vi slett ikkje vil ha, det som imponerer oss, det vi avskyr, det vi finn gledeleg og det vi finn trist. Den viser seg også ved det vi fester oss mest ved: den mørke sida ved tilværet eller den lyse, det komiske, det tragiske eller det tragikomiske. Eit sentralt spørsmål i boka er slik: Er der visse grunndrag ved tilværet vi bør ta inn over oss, same korleis vi elles tolkar den samanhengen vi eksisterer i? JON HELLESNES er filosof og forfattar, professor ved Universitetet i Tromsø.
Meining?

Meining?

Jon Hellesnes

Samlaget
2014
nidottu
Då interessa for Friedrich Nietzsche vakna første gongen, var Arne Garborg ein av dei som bles i luren. Han tok imot sterke impulsar frå Nietzsche, men utan å ende som servil disippel. Filosof Jon Hellesnes tek her for seg religionskritikken hos både Nietzsche og Garborg. Dei to er ulike i tilnærminga si, og ulikskapen viser at det kan finnast fleire variantar av religionskritikk, alt etter kva filosofi den nærer seg av. Han meiner det er misforstått toleranse, og rett og slett farleg, å gjere religionskritikk tabu, fordi forfallsformer av religion i dag utgjer dødelege ideologiar. I denne boka blir den diskursive religionskritikken som Arne Garborg leverte i 1880-åra, undersøkt og presentert for første gong, etter å ha vore sletta frå det kulturelle minnet. Hellesnes kommenterer også relativt kjende innslag i Garborgs forfattarskap. Han argumenterer for at dei religionskritiske og kulturfilosofiske skriftene til " "den fremste norske intellektuelle ved førre hundreårsskiftet" " er høgaktuelle i dag.
Ballongferda og andre skriftstykke
Boka startar med forteljingar om ein barndom under okkupasjon, sivil motstand og ei etterkrigstid med oppgjer av ymse slag. Det kjem så essayistiske undersøkingar av minne og ymse former for gløymske og av medviten fabulering versus faktaorientert memorering. Komikk og refleksjon, dikting, filosofi, autonomi, estetikk og samfunnskritikk blir tema. I siste delen av boka følgjer ein serie samfunnskritiske skriftstykke om marknadsliberalismen, om nedbrytinga av natur, kultur og siviliserte livsformer, og om nihilismen som breier seg i vestlege styringselitar. Det heile tonar ut i meditasjonar over antikk livsførselsfilosofi og epistlar av Lucius Annæus Seneca som døydde under keisar Nero.
NATO-komplekset

NATO-komplekset

Jon Hellesnes

Samlaget
2019
nidottu
Eit fredeleg naboskap med Russland er avslutta. Under ei vernande skodde av hemmeleghald, uklar tale og semantisk forvirring er Solberg-regjeringa i ferd med å overlate mykje av norsk militærpolitikk til Pentagon og hovudkvarteret i NATO. Den enorme dimensjonen til krigsøvinga Trident Juncture markerer at Noreg er blitt ein aktiv deltakar på den offensive sida i den nye kalde krigen. Ei slik markering gjer det også klart at det fredelege, diplomatisk ordna naboskapet med Russland er avslutta. Det blir også tydelegare at Noreg underordnar seg USAs leiarskap, uansett kva eller kven som er på veg inn i den amerikanske styringseliten, og der er det alt no visse bisarre innslag, for å seie det forsiktig. Aktørar frå den gamle kalde krigen hevdar med god grunn at det er USA som har starta den nye.