Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 390 323 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

4 kirjaa tekijältä Jon O. Lorentzen

Magnus' apostrof

Magnus' apostrof

Jon O. Lorentzen

Wigestrand
2017
sidottu
Magnus. apostrof har to forteljingar, som heng saman. Den eine går føre seg på 1100-talet, på den tida då Noreg vart forma som nasjon, og krinsar omkring St. Magnus Erlendsson. I den andre er handlinga lagd til ei ikkje nærare tidfest framtid, der menneske, land og byar er utsletta i ein stor katastrofe. Begge forteljingane finn stad i det som var kjerneområda til dei norske vikingane i Skottland og på Vesterhavsøyane. Når Jon O. Lorentzen leverer eit romanmanus, er det all mogleg grunn til å retta seg opp i stolen, skjerpa sansane og skjerma hjernen for distraksjonar. Handlingsforløpet er kronologisk og greitt å følgja, men det skjer også mykje meir på alle moglege andre plan. --------------- Jon O. Lorentzen (f. 1950) er filolog, bur i Egersund og har undervist i språk i heile sitt vaksne liv. Lorentzen har mastergrad i spansk litteratur frå.University of California. Han debuterte i 2004 med.romanen.Den symmetriske tvillingen, og i 2011 gav han ut romanen.Café Gibraltar. Han har også gjeve ut ei bok med gjendiktingar av lyrikk av den kubanske diktaren.José Martí..Jon O. Lorentzen har omsett til norsk Courrier sud - norsk tittel Postflyet - av den franske forfattaren og flygaren Antoine de Saint-Exupéry. Boka kjem i 2017.
Monte Esperanza

Monte Esperanza

Jon O. Lorentzen

Communicatio forlag
2022
sidottu
Året er 1588, skipet "San Bautista de la Esperanza" fra spanskekongen Filip Is store armada hever og senker seg hjelpeløst i de store dønningene i havet nord for Skottland, uten styring og storseil, etter å ha vært i kamp med engelske krigsskip. Sakte driver det skadeskutte skipet mot den ugjestmilde kysten av sørvest-Norge. Dette er utgangspunktet for Jon O. Lorentzens fascinerende roman "Monte Esperanza", om et skipsmannskap, herjet av krigens vold, som til slutt berger seg i land og møter et fremmed folk på godt og vondt. En skildring som også finner en klangbunn i vår tid. Finstemt tegner forfatteren det spanske mannskapets møte med et brutalt samfunn preget av store sosiale og økonomiske ulikheter, men der det også var rom for vennlighet og sterke følelser. Jon Olaf Lorentzen har tidligere skrevet fire romaner og gjendiktet og oversatt den cubanske nasjonalskalden José Martí og franske Antoine de Saint-Exupéry.
Ei kalka grav

Ei kalka grav

Jon O. Lorentzen

Svein Sandnes Bokforlag
2021
sidottu
Hamnedykkaren Báltasar Lárusson får i oppdrag å fjerna denne steinen. Under arbeidet finn han ei betongblokk på botnen. Då Báltasars hjelpemann Kåre Kartavoll fekk betongblokka opp på kaien, 'stira eit par kolsvarte augekuler på han med den isande og lammande krafta berre ein dauding har'. Det viste seg at dei hadde funne liket av Melchior Gombrowitz, kledehandlar og byens einaste jøde, som visstnok forsvann sporlaust frå byen den niande april 1940 ...
Aurefiske i Eigerøy

Aurefiske i Eigerøy

Jon O. Lorentzen

Svein Sandnes Bokforlag
2024
sidottu
Tittelnovella "Aurefiske på Eigerøy, ei øy like ved der forfattaren bur, er tileigna forfattaren Richard Brautigan (1935-1984), kjend for romanen "Trout fishing in America frå 1967. Eg-personen er som oftast aleine på fiskeplassen sin på Eigerøy, men treff to gongar ein utlending som kallar seg Ricard Troutigan. Avskilen med mannen syner at han har overnaturlege eigenskapar... Dei tolv andre novellene i boka tar oss med til andre stader i verda. Til ein konferanse ved University of California midt på åttitalet, til ein bananplantasje på Kanariøyane og til den tidlegare sjømannen Spyros på ei gresk øy. Også persongalleriet til Lorentzen er mangfaldig: Studenten som etter to veker på søppelbilen presenterast i hyhenda i fjernsynet som ein nyskapande og original forfattar, journalisten som vitjar ein maisplantasje, som får ein uventa slutt. Mannen som går ghjennom huset som skal rivasst, og som han med sin familie har budd det meste av livet i og den tidlegare læraren som ikkje likar seg på gamleheimen, og finn ein utgang.