Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 083 983 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

4 kirjaa tekijältä Katrine Sele

Einars bok

Einars bok

Katrine Sele

Samlaget
2021
sidottu
Einar var eit barn som fryda seg over å oppdage verda. Han elska å gøyme seg i hyller, rulle i graset, bygge tårn og ake på madrass ned trappa. Han kunne gå kor langt som helst, om foreldra heldt han i handa. For sleppte dei taket, datt han. Rett før Einar fylte to, fekk familien ein beskjed som øydela mange draumar: Einar hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Gradvis ville han miste alt. Dette er ei historie om korleis det er å bere eit barn gjennom det aller vanskelegaste. Det handlar om korleis vi møter døden, men også om dyrebare dagar og alt det uendeleg fine eit liv på fire og eit halvt år og éin dag kan innehalde. Det er ei forteljing om Einars liv, men også om alle rundt han. Stemmene til dei som kjente Einar, blandar seg med stemmene til blant andre Seneca, Joan Didion, Roland Barthes og mange fleire i ei rekkje refleksjonar over kva det vil seie å elske og miste.
Menn som nesten elska meg

Menn som nesten elska meg

Katrine Sele

Samlaget
2025
sidottu
Om å leite etter kjærleikDå forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.Terningkast 5! "Katrine Sele har skrive ei underhaldande bok om livet som singel og lengtande. Er du i same situasjon, eller nyfiken på vilkåra for moderne kjærleik, så er dette boka for deg."Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende"Er du blitt dumpet? Les Katrine Sele … Skriver modig og gjenkjennelig om å prøve og feile i kjærlighet.… denne boken et forfriskende bekjentskap. Den er perfekt for deg som er lei sveiping og situationships, lei av å vurdere og bli vurdert, lei av å late som. Det er deilig og inspirerende å lese en forfatter som tør å ta et standpunkt, som minner oss på at å finne kjærligheten ikke er gjort i en fei, vi må faktisk øve oss."Ellen Sofie Lauritzen, Dagens Næringsliv
Kenneth

Kenneth

Katrine Sele

Samlaget
2013
sidottu
Historia om Kenneth Sivertsen er ei historie om eit uvanleg talent, absurde innfall og ville påfunn, intense kjærleikshistorier, men også om alt som kan bryte ned eit menneske. Kenneth Sivertsen døydde julaftan 2006, berre 45 år gammal. Mange hugsar ein brutal nedtur og eit halvt hovud, men Sivertsen var mykje meir enn eit fall for open scene. Han var gitarist, komponist, songar og humorist. Han voks opp på Mosterøy i Bømlo, med Jesus og englar som ein sjølvsagd del av kvardagen. Alt som 22-åring skreiv han sin første symfoni. Kenneth Sivertsen var klassisk komponist, skreiv viser, spelte med dei fremste amerikanske jazzmusikarane, vart rikskjendis som kabaretartist saman med kjærasten Herborg Kråkevik og turnerte ein periode saman med 47 teddybjørnar.
Jølster hotell

Jølster hotell

Katrine Sele

Samlaget
2017
sidottu
Verda midt i Jølster. Det staselege sveitserhuset som har teke imot gjester frå 1890-talet til vår tid, har dei siste sju åra husa kring 100 asylsøkjarar, mellom anna frå Eritrea, Etiopia, Sudan, Syria, Afghanistan og Irak. Katrine Sele, som bur i Jølster, oppsøkjer asylmottaket. Ho blir kjend med huset, folka og historiene der. Det har blitt ei sterk og viktig bok om eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid, flyktningkrisa og menneska som er råka. Jølster Hotell er inga vanleg dokumentarisk skildring av flyktningsituasjonen i dag, men det er ei nær og varm forteljing om korleis det er å vente, vente på vedtak, vente på at klager skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje.