Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 459 402 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

16 kirjaa tekijältä Knut Ødegård

Dikt i utval

Dikt i utval

Knut Ødegård

Cappelen
2007
nidottu
Knut Ødegård debuterte i 1967, 22 år gammal, med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda. Sida har han gjeve ut sju diktsamlingar. Hans kjennemerke som lyrikar er den frodige galskapen, det ustyrlege og overstadige som er blitt til storarta vers gjennom språkleg sjølvtukt og skolering. Edvard Hoem og Kolbein Falkeid er ansvarlege for utval og forord.
Missa

Missa

Knut Ødegård

Cappelen
2007
sidottu
Med årets diktsamling "Missa", samlar Knut Ødegård trådane frå dei to samlingane "Kinomaskinist" (1991) og "Buktale" (1994) og legg dei mørke og destruktive kreftene i mennesket inn i den katolske messa - som speglar seg ut i eit rom med plass for alt menneskeleg. Sjølve messa er ei rørsle i to retningar; frå det menneskelege til det guddomelege, og frå det guddomelege og til det menneskelege. Her finn dei mørke røynslene og dei splintra opplevingane svar i ein større samanheng.
Det blomstra så sinnssjukt

Det blomstra så sinnssjukt

Knut Ødegård

Cappelen
2009
nidottu
Her er dikt om kjærleik, svik, tru og tvil. Mange handlar om par, også om kjærleiken mellom eldre. Som før hos Ødegård finn vi dikt om psykisk sjukdom, og i nokre dikt ligg det eit engasjement for ufødde borns rett til liv uansett genetiske ”feil”. Ødegårds nye dikt er som mini-romanar, med sterke, realistiske bilete – og ofte i ein balansegang mellom det vulgære og det opphøgde.
Edda-dikt  Band 3

Edda-dikt Band 3

Knut Ødegård

Cappelen Damm
2015
sidottu
Edda-dikt - Band 3Eddadikta er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen. Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, heltar og livsvisdom. Heltedikta gjev eit innsyn i ei anna tid, full av visdom, lærdom og barsk humor.
Edda-dikt  Band 4

Edda-dikt Band 4

Knut Ødegård

Cappelen Damm
2016
sidottu
Edda-dikt Band 4Eddadikta er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen. Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, heltar og livsvisdom. Heltedikta gjev eit innsyn i ei anna tid, full av visdom, lærdom og barsk humor. Med fjerde band avsluttes gjendiktinga av Edda. Med forord.av Kari Vogt.
Edda-dikt; band 4

Edda-dikt; band 4

Knut Ødegård

Cappelen Damm
2017
pokkari
Eddadikta er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen. Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, heltar og livsvisdom. Heltedikta gjev eit innsyn i ei anna tid, full av visdom, lærdom og barsk humor. Med fjerde band avsluttes gjendiktinga av Edda. Med forord av Kari Vogt.
Tida er inne

Tida er inne

Knut Ødegård

Cappelen Damm
2017
nidottu
Knut Ødeård er i sitt femtiande år som poet meir vital og relevant enn nokon gong. Årets samling viser ein diktar med djerv biletskaping og som ikkje er redd for å gå rett inn på dagen politiske scene. Dikta spenner frå barndom til alderdom, frå Molde til mora som flyktar med sitt barn frå Syria slik Maria flykta med Jesus. Språket hans "bylgjer mellom det historiske og det mytiske", skriv Adonis: "men alltid tett bunde til det kroppslege."
Fuglespråk

Fuglespråk

Knut Ødegård

Cappelen Damm
2019
sidottu
Forretningsmannen Claus Hoel Kringsjås historie begynner i Molde etter andre verdenskrig. Faren var frontkjemper og dette preger oppveksten til den unge Claus. Samtidig som familiens hus oppi lia forfaller, blomstrer onkelens forretning. Den unge Claus viser tidlig et talent for forretning og snart dukker den store verden opp i småbyen. Både i form av en predikant fra Fiji-øyene og en fiolinist fra Polen.Samtidig opplever byen flere mystisk dødsfall - alle knyttet til fuglene som flyr over byen.
Sirkusdirektøren

Sirkusdirektøren

Knut Ødegård

Cappelen Damm
2020
sidottu
I årets diktsamling vidreførar Knut Ødegård det sterke engasjementet for dei mest sårbare og minst synlege blant oss. Med språkleg og poetisk kraft, visjonært og metafysisk, åpnar poeten porten til ei eigenarta verd. Ødegård er ikkje redd for verken gulrot eller pisk når han held dommedag over seg sjølv og verda.
Samuel Pedersens reisedagbok

Samuel Pedersens reisedagbok

Knut Ødegård

Cappelen Damm
2023
sidottu
Årets diktbok er ei samanhengande forteljing med eit frodig billedgalleri og mange avstikkarar i handlinga. Motoren i den lyriske forteljinga er plassert i ein heimekonstruert bubil som pensjonert adjunkt med opprykk Samuel Pedersen har kjøpt på finn.no. Med denne legg han ut på tur med pensjonert straumavlesar Inga som han vonar det kan bli eit nært forhold av etter at hans første kjærleik, Olga, omkom då fallskjermen hennar ikkje falda seg ut. Han fører dagbok, der dei faktiske hendingane på bubilturen blandar seg med hans draumar og tankar, som i stigande grad dreier seg om den opprørske paven og pavens hund. I dagboka les vi om ein kallskapellan på moped, ein plagsam gamling som ender sitt liv ved eit skjorereir, ei kroppsøvingslærarinne på studietur til Roma og ein bonde som tek tarmutreinsingsmiddel medan garden blir styrt av ein desperat avløysar frå Litauen. Og medan handling og fabulering rullar fram med bubilens ferd, driv kjærleiken sitt fine spel med dei aldrande to på tur.Den syriske poeten Adonis skriv om Knut Ødegårds poetiske språk at det er "ei stendig rørsle mellom det verkelege og det oppdikta, som om det bølgjer mellom det historiske og det mytiske, eit språk som alltid er tett bunde til det kroppslege med lyst, lidenskap, begeistring og vâre kjensler".
Mitt kvite hår i vinden

Mitt kvite hår i vinden

Knut Ødegård

Cappelen Damm
sidottu
Med raushet, overskudd, presise observasjoner og overraskende vendinger byr Mitt kvite hår i vinden på dikt både til glede og ettertanke."Eg vandrar helst med henne, hosom framleis er mi brud, framleis like ungog fager som ho var då ho bar liljeri den vesle kyrkja for over førti år sidan: Her,langs strendene går vi. Herhar eg lov å vera ein slik tullete gamling som eg vart:litt krøkt, med staven og den grøne frakkenog mitt kvite hår i vinden. Eg gjeng i eittmed grønske, raudbrun tare, strandsmelle,fjøresaltgras og med steinsom havet sleikjer mjukt. Men stundombrølar det med fròde om kjeften, glefsermed kvite tenner mot oss, vi vêrbitnefenomen ved stranda lik tusenårgamle klipper"
Antikken

Antikken

Knut Ødegård

Pax
2014
sidottu
For første gang på over 50 år her i Norge kommer en bred bok om antikken. I denne perioden har vi fått all verdens kulturer og religioner tett innpå oss, til fortrengsel for vår egen verdensdels historie. Knut Ødegård har med stor formidlingsglede og basert på de nyeste forskningsresultatene skrevet en bok om antikken for vår tid. I dag ser vi helt annerledes på denne historien enn for bare 50 år siden, og dette nye, friske blikket gjennomsyrer boka og gjør den til en moderne dannelsesreise. Den gresk-romerske antikken var Europas første storhetstid og har vært til inspirasjon for all ettertid. Vi kan knapt snakke ett ord om politikk uten å bruke mer enn 2000 år gamle ord. Det samme gjelder en rekke andre temaer: vi tyr fortsatt til gresk og latin. Hva betyr alt dette for oss i dag? . Arkeolog og historiker Knut Ødegård forteller om de antikke samfunnene i Hellas og Roma, om hvordan de fungerte politisk, om hva det ville si å være borger i krig og fred og hvordan samfunnet utviklet seg gjennom tusen års historie i Middelhavsområdet.
Gresk og romersk historie

Gresk og romersk historie

Knut Ødegård

Pax
2019
sidottu
I antikken (ca. 1000 f.Kr. til 500 e.Kr.) vokste en særegen sivilisasjon fram i Middelhavsområdet, sentrert om bystater og et ideal om kollektivt styre. Samtidig utviklet det seg en gresk-romersk kultur som satte dype spor og som har vært til inspirasjon og etterligning i all senere europeisk historie. I denne introduksjonen til gresk og romersk historie beregnet på historiestudenter ved universiteter og høyskoler, kan du lese om framveksten av bystatene i Hellas fra omkring år 1000 f.Kr., via den romerske ekspansjonen under republikken i århundrene f.Kr. og stabiliseringen i den påfølgende keisertiden og fram til Romerrikets fall i vest på 400-tallet e.Kr. Men også arvtagerrikene i vest og fortsettelsen i det østromerske eller bysantinske riket i den østlige delen av Middelhavet fram til den islamske ekspansjonen på 600-tallet e.Kr. fortelles det om i denne nye tilnærmingen til antikkens historie, som også gir smakebiter av antikkens kulturhistorie, som filosofi, litteratur, kunst og arkitektur.
Selmor

Selmor

Gerður Kristný; Knut Ødegård

Cappelen Damm
2024
sidottu
Selmor er eit episk langdikt, av ei av dei fremste røystene i den islandske samtidslitteraturen, om å overleva i ei brutal røynd – andlet til andlet med naturen, men òg side om side.Med eit konsentrert språk forteljast historia om ei kvinne og hennar kamp for tilværa. I ein vêrhard utkant på 1800-talets Island knyt ho garn, dreg på selfangst, trassar den bitande vinteren, amputerer ein fot, saknar mannen sin, ventar på våren. Men det teiknast ikkje berre et bilete av ei kvinne og hennar tunge livsvilkår, gjennom desse motiva kjem òg ein menneskeleg styrke til syne, ein styrke målbar mot dei brutale naturkreftene ho lever i.Gerður Kristný reknast som ei av dei fremste røystene i den islandske samtidslitteraturen. Ho har skrive innan dei fleste sjangrar, både for born og vaksne. For bøkene sine har ho blant anna motteke den islandske litteraturprisen, Alfred Andersson-Ryssts fond og blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris. Selmor vart utgjeven i 2022.Knut Ødegård (f. 1945) står bak gjendiktinga. Han har gjeve ut eit førtitals bøker, dei fleste diktsamlingar, men òg skjønnlitterær prosa og faglitteratur. Han er òg aktiv som gjendiktar, særleg av islandsk litteratur. Diktbøkene hans er omsette til 42 språk, og han har fått ei rekke høgtståande prisar og utmerkingar frå inn- og utland.
Olav den hellige

Olav den hellige

Lars Roar Langslet; Knut Ødegård

Press
2011
sidottu
I de siste tiårene har interessen for Olav den Hellige vært sterkt økende i Norge. I boken Olav den hellige. Spor etter helgenkongen byr Lars Roar Langslet og Knut Ødegård på et møte med de eldste tekstene og bildene i denne tradisjonen. I sentrum for boken står Knut Ødegårds gjendiktninger av alle de viktige kvadene om - og av - kongehelgenen: Både Olav Haraldssons egne dikt, skaldekvadene fra kort tid etter hans død, og ikke minst det monumentale diktet Geisli. Tekstene presenteres for første gang samlet og uavkortet i en oppdatert norsk språkdrakt. I tillegg kommer fyldige introduksjoner til hvert av diktene, samt kapitler som tar for seg viktige spørsmål knyttet til Olavsskikkelsen og hans betydning i norsk og europeisk kulturhistorie. Tekstene er ledsaget av et bredt utvalg av verk fra den norske, nordiske og europeiske Olavskunsten fra tiden før reformasjonen. Illustrasjonene er visuelle uttrykk for den religiøse erfaringsverden som diktene og Olavslitteraturen formidler.