Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 244 527 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

8 kirjaa tekijältä Laura Djupvik

Nattbarnet

Nattbarnet

Laura Djupvik

Cappelen Damm
sidottu
Nattbarnet er ein litterær krim med mørke og poetiske undertonar. Forteljinga om familie, forteiing og ei fortid ein ikkje kan ta livet av er perfekt for ein mørk haustkveld.For fleire hundre år sidan vart Stegleholmen brukt som rettarstad, og hittil har folk flest late den vere i fred.Då eit byggeprosjekt ute på holmen grev opp gamle knoklar, blir faren til Helene meir forvirra enn han alt er. Han verkar redd og begynner å gå ut om natta. Helene reiser heim frå eit retningslaust liv i Oslo for å hjelpe han.Somme trur at beinfunnet stammar frå dei dødsdømte som skal ha blitt avretta på holmen. Men kort tid etter at Helene kjem heim, blir ei kvinne funnen drepen der ute. Folk i bygda leitar etter svar, men kven kan ein stole på? Helene begynner å grave i saka. Snart finn ho seg sjølv midt i eit ope sår, med menneske rundt seg som kan gå langt for å forteie sanninga.Samtidig drøymer den unge og naive Connie om eit betre liv, helst i det ærverdige Dokterhuset, under vengen til den godt vaksne Stella. Men er dette rette plassen for henne og barnet som veks i magen? Det viser seg snart at huset rommar løyndommar og ein historie som ikkje burde vekkast til live.Og er beina på holmen så gamle som ein først trudde?
Kvitt

Kvitt

Laura Djupvik

Kolon
2014
pokkari
Jill er sytten og lengtar etter å gi seg hen. Ho er lei av kjærasten, den kristne lækjarstudenten Kristoffer. Når han reiser bort, forelskar ho seg i læraren sin, Peder. Han er kjekk, vaksen og gift. Meir eller mindre motvillig blir Peder tiltrekt av Jill, og dei innleier eit forhold. Kjærleiken mellom dei tilfredsstiller, tærer og utmattar.Kvitt er ein studie i makt, begjær og ulovleg kjærleik, og ei forteljing om tap av uskuld.
Bror min

Bror min

Laura Djupvik

Samlaget
2021
sidottu
Poetisk drøymeleik I denne vakre bildeboka møter vi ei jente og far hennar i ei tid prega av sorg. Dei to lever ut sorga på ulikt vis. Faren trekker seg inn i seg sjølv, medan jenta drøymer om broren ho har mista. Då jenta får faren med på drøymeleiken, skjer det noko stort og uventa. "Bror min" viser kor ulikt barn og vaksne kan tenke om sorg - og korleis dei ulike perspektiva saman kan gi både innsikt og krefter til å leve vidare, saman. Boka kan eigne seg for den som har mist nokon, men også som grunnlag for samtale med barn om kva døden er. "Bror min" er ei forteljing om sorg og håp og om dei heilande kreftene som vi alle ber på. Laura Djupvik (f. 1970) er forlagsredaktør og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier i Drammen. Ho debuterte med romanen "Båten er så liten" i 2004. Ho har skrive fleire bøker for vaksne, ungdom og barn. Øyvind Torseter (f. 1972) er ein prislønt forfattar og illustratør, og har blant anna vunne Deutscher Jugendliteraturpreis, Bokkunstprisen og Bologna Ragazzi Awards. Han er kjent for bøker som "Hullet", "Mulegutten" og "Altmuligmannen".
No fær huset

No fær huset

Laura Djupvik

Samlaget
2020
sidottu
Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor informativ nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet utviklar seg ikkje normalt. No fær huset er ei novellesamling om lengt, der vi møter menneske som på kvar sitt vis ikkje heilt får det til. Det handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv. Djupvik set ord på kor sårbart livet kan vere, og syner fram at vi alle har ulike utfordringar. Derfor treng ingen av oss å skamme seg.
God dag, herr Jul

God dag, herr Jul

Laura Djupvik

Samlaget
2014
sidottu
Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det? Ifølgje Onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul. Og lenger ned i gata bur Henrik, den spesielle guten som kan alt om ord. Kvifor landar det heile tida nye juletre utanfor huset til naboen? Og kva er det naboen gøymer der inne? Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla og Henrik og fleire til. Laura Djupvik har skrive ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring.
Den andre søstera

Den andre søstera

Laura Djupvik

Samlaget
2018
sidottu
Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer. I treet i hagen kjenner Selma seg trygg. Ein dag kjem ei jente, Anna, opp frå dalen. Ho klatrar opp i treet til Selma. Selma gler seg til å møte henne igjen. Men kven er denne Anna? Kva vil ho? Og kva løyndommar ber mor til Selma på? Boka er del av GRØSS OG GRU - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.
Hjartet er ingen logrande hund

Hjartet er ingen logrande hund

Laura Djupvik

Samlaget
2019
sidottu
Om å fri seg frå fortida. Ei kvinne reiser til barndomsheimen for å pleie si dødssjuke mor. Ho kjenner på skamma over å ikkje ha klart å skape sitt eige liv. I møtet med sjukdom og død oppstår spørsmålet om kven ho er og vil vere. Kan ho konfrontere den religiøse faren? Kan ho frigjere seg frå fortida og igjen komme nær mannen ho elskar?
Flickan på vinden

Flickan på vinden

Laura Djupvik

Berghs
2020
sidottu
För länge sedan bodde en stor familj i det gamla huset. Då hördes lek och skratt överallt. Men nu står rummen tomma. Alla som flyttar in i huset flyttar snart därifrån. Kan det bero på kistan som står på vinden? Mysrys! Börja läsa frö 6-9 år.