Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 244 527 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

5 kirjaa tekijältä Lisbeth Dreyer

Små hagar

Små hagar

Lisbeth Dreyer

Samlaget
2021
sidottu
Hagevandring full av inspirasjon og tips! Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass. Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og insekt, råd om kompost, korleis lage jord og så frø sjølv. Du treng ikkje store plassen for å dyrke urter, bær og grønsaker. Små hagar er full av flotte bilde av overraskande, fantasifulle og vakre hagar du kan nyte - og som kan inspirere deg til å gjere det grønt og vakkert der du bur! Lisbeth Dreyer er forfattar, fotograf og filmskapar frå Bergen. Ho har mellom anna laga dokumentarbøker, barnebøker og kortfilmar. Ho har også vore hageskribent og hagefotograf i mange år og meiner at hagar er viktige både for folkehelsa og omgjevnadene våre.
Vestlandshagen

Vestlandshagen

Lisbeth Dreyer

Skald
2014
sidottu
Vestlandet er ei skattekiste av hagar, frå dei små og idylliske til dei storlagne og staselege. Gjennom mangfaldet speglar dei ulike tradisjonar og gleda over å skape det vakkert kring seg. Forfattar og fotograf Lisbeth Dreyer frå Bergen har reist på oppdagingsferd i vestlandske hagar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I denne praktboka tar ho oss med på ei stemningsfull vandring og ei fotografisk reise i hagekunst, lys og atmosfære. Vestlandshagen er ei vakkert skriven og rikt illustrert praktbok, til inspirasjon og glede for alle hageelskarar.
Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar
Ingenting er meir spennande enn å utforske fjæresteinane. Alle barn elskar dei små fjærefantar som gøymer seg her. Gjennom leikne dikt og teikningar tek forfattar Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby oss med til ei verd full av dyr frå hav, fjord og strand. Dei tek utgangspunkt i karakteristika for artane, utsjånaden og livsforma og fabulerer fram morosame situasjonar. Ei fantasifull og humoristisk bildebok om livet i fjord, sjø og blant fjæresteinane.
Fortellinger om trær

Fortellinger om trær

Lisbeth Dreyer

Skald
2017
sidottu
Fortellinger om trær er en bok som åpner øyene våre for trærne som er rundt oss, både gjennom stemningsfulle bilder og innlevende tekster. Forfatter og fotograf Lisbeth Dreyer har reist landet rundt på jakt etter trær - sære trær, sjeldne trær og vakre trær. Trær som har betydd noe for noen. Trær som forteller noe om oss. I boka blir vi kjent med deres historie og plass i kulturlandskapet og naturen. For trær er ikke bare skog, og ikke bare ved og tømmer eller fôr. Noen trær er hellige og mystiske og sagnomsuste. Noen trær er pynt. Noen trær er biologiske merkverdigheter. Trærne og hvordan vi har plassert dem i landskapet, hvordan vi har tatt vare på dem og hvordan vi ser på dem, speiler både tid, historie og verdier. Gjennom et fantastisk og unikt bildemateriale fra alle årstider og en undrende og fortellende tekst blir vi kjent med trær i det norske landskapet på en helt ny måte. Som leser begynner man uvergerlig å tenke: Hvilke trær har jeg rundt meg, og hva kan de fortelle?
Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar
Vi svever og flaksar vi trallar og skvatrar vi bur mellom greiner og lågt under steinar på bøen, ved sjøen i våtmark og bypark vi er små fine fly mellom landjord og sky «Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar» er ein fantasifull og leiken inngangsport til den nære og tilgjengelege norske fuglefaunaen for barn. Lisbeth Dreyer har tatt utgangspunkt i heilt vanlege fuglar som lever heilt vanlege fugleliv, men diktar fram morosame situasjonar på rim. Boka formidlar stoffet på ein måte som både utfordrar, engasjerer og inspirerer barna til å legge merke til det yrande fuglelivet dei har rett utanfor døra si, på veg til barnehage og skule. Per Ragnar Møkleby gjer fuglane personlegdom, men alltid fundert i korleis dei faktisk ser ut og lever i naturen - for at barn skal kunne lære om og kjenne att fuglane i boka.