Kirjahaku
Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.
6 kirjaa tekijältä Magnus Helge Torvanger
Ruteskipa «Sunnfjord» og «Sognefjord» har ein sentral plass i samferdslehistoria på Vestlandet. I etterkrigsåra var dei hovudsambandet mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Dei hadde ei fortid som ubåtjagarar under krigen, før dei vart ombygde til passasjerskip. «Sunnfjord» opplevde fleire dramatiske hendingar også i fredstid, før skipet forliste i 1983. «Sognefjord» segla meir fredeleg som ruteskip fram til 1982. Sidan har skipet hatt eit svært omskifteleg liv; frå losjiskip på Svalbard under filminga av Orions belte til dykkarskip i Malaysia. Boka fortel historia om desse to skipa, frå dei vart bygde i Chicago i 1943, ombygde i Haugesund etter krigen og om åra i rutefart for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Vi følgjer «Sognefjord» vidare til Svalbard og Island, Austersjøen og Middelhavet, og til Borneo, der fartøyet framleis flyt. Rikt illustrert med profesjonelle og private foto og teikningar.
Lenge kunne du sove deg fram til Bergen . anten du kom med båt frå Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn, frå Hardanger, Sunnhordland eller Rogaland. Nattruteskipa batt saman Vestlandet frå Stavanger og Sandnes i sør, til Måløy og Stryn i nord. Denne boka fortel historia om båtane, rutene og ei tid som er forbi. Frå dampskip på 1800-talet til formfullenda motorskip bygde på 1960-talet. Hausten 1991 la det aller siste nattruteskipet til kai i Bergen. Boka har eigne kapittel om dei tre siste lokale nattruteskipa i landet: «Kommandøren», i åra 1962-1988, «Hardangerfjord» (seinare «Firda»), 1959-1989, og «Nordfjord I», 1963-1991. Dette var fartøy som førte både passasjerar, bilar, post og last til og frå byen. Tidlegare mannskap fortel om livet om bord på fjord og kyst, i stille og storm. Vi følger fartøya vidare som ruteskip i Karibia og som cruiseskip på Svalbard og i Adriatarhavet. Boka er rikt illustrert med foto og teikningar.
Kyststrekninga frå Stad til Bergen er ei av dei mest utfordrande på norskekysten, med stormfullt hav, tronge farvatn og stor skipstrafikk. Fram gjennom åra har her hendt mange grunnstøytingar, kollisjonar, forlis og nesten-forlis. Skipsulukker hender framleis, trass i alle moderne hjelpemiddel for navigasjon. Boka fortel om 56 dramatiske skipsulukker på kyststrekninga, frå eit dampskipsforlis på Stabben fyr ved Florø i 1890 til forliset til fregatten «Helge Ingstad» i Hjeltefjorden i 2018. Hendingane gjeld fartøy frå mange land, i krig og fred, frå store skip lasta med jernmalm til norske rutebåtar, fraktebåtar og fiskebåtar. Fartøy som vart senka under den tyske invasjonen våren 1940 er også omtala. Mange av hendingane har fått lite omtale i andre bøker. Rikt illustrert med gamle og nye bilete.
Frå dampskip til gassferjer: Fjord1 Fylkesbaatane 150 år
Magnus Helge Torvanger
Selja Forlag
2008
sidottu
2. desember 1858 starta Nordre Bergenhus Amt med dampskipsrutefart. Dette var eit pionértiltak i norsk samferdslehistorie og opptakten til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. I dag heiter selskapet Fjord1 Fylkesbaatane og er landets eldste lokale rutereiarlag. Boka fortel historia om ferjefarten og båtrutene i eit fylke med lange fjordar og mange øyar, der sjøen har vore den viktigaste ferdsleåra heilt fram til idag. Boka er også selskapet si historie dei siste 25 åra - med fri konkurranse om ferje- og båtruter, gassferjedrift i Hordaland og Rogaland og etablering av Fjord1-konsernet, som er størst i landet på ferje- og hurtigbåtdrift. Rikt illustrert med gamle og nye foto.