Kirjahaku
Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.
16 kirjaa tekijältä Marit Kaldhol
Med Chile i hjartet. Romanen følger Rut på reise til Chile i 2017. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjærasten Luis, som kom til Noreg som flyktning frå militærdiktaturet i Chile i 1980-åra. Samtidig tar minna henne med tilbake i tid, på ei reise gjennom skjelsettande hendingar i chilensk samtidshistorie og til åra dei to hadde saman. Til då det berre var dei to, Rut og Luis, og ho ikkje såg kva politikk hadde med kjærleiken å gjere. Medan Rut prøver å forstå korfor det gjekk som det gjekk, både med Chile og kjærasten, kjem opplevingar frå hennar eigen barndom nærare enn på lenge. Ho hugsar saknet etter ei mor som ikkje evna å vere til stades. Undervegs kjenner ho også ei uro for Rakel, den unge dottera heime, som sender så knappe tekstmeldingar.
Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt. Rapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn. Ei kvinne finn ein baby forlaten i ein park, ein skog blir invadert, ei bestemor med to barnebarn ser fram mot å krysse ei landegrense. Bakteppet for desse forteljingane er klimakrise, politiske konfliktar, sosiale og økonomiske ulikskapar. Mange av desse menneska lever under harde kår. Nokre er komne fram dit dei skal, andre kjem ikkje vidare. Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over. Marit O Kaldhol (f. 1955) debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken og har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne, barn og unge. Ho har mottatt fleire prisar.
Kor langt ut finst universet? Kor kom livet frå? Korleis kan jorda vere lita som eit flugeegg? Kven skal varme oss når sola sloknar? Ein katt og to barn sit på trappa til eit hus i skogkanten. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største, om det dei ser, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg. På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær. Diktsamlinga er vakkert illustrert av Susanna Kajermo.
Boka ligg i grenseland mellom poesi og prosa; ho vekslar mellom poetiske tekstar og prosa-tekstar. Hovudpersonen i denne boka lever i ein situasjon der han er sperra mellom kona og mora. Eit seksuelt tilhøve til ein annan mann gjer at livet hans tek til å vakle.
Marit Kaldhol (f. 1955) har siden debuten i 1983 gitt ut 10 bøker. Tilsynelatande er likevel ei diktbok med mjuke, varme, romantiske motiv og oppslag, men det er også ei hard bok med kalde, modige og resignerte innsikter. Og den emosjonelle spennvidda er kanskje større inne i kvart dikt enn mellom dikta.
Diktsamlingen er stilsikker og karakterfull, med minimalt forbruk av gloser og grep, og fremstår som både tidløs, blikkstille og som ekspansiv og rørlig.
Denne boka er både eit knippe dikt og ei fortelling om ei ung jente som grip årene og ror. Vi blir med på ein rotur gjennom tida, der jenta utforskar, drøymer, lengtar, sansar - på leiting etter rytmen i sitt eige liv. Dikt for ungdom. Illustrert av Justyna Nyka. ho kjem til fjorden han er der han ligg roleg han ser ikkje vekk han spør ikkje kor ho har vore han seier ikkje kor ho skal fare han tar imot henne held båten hennar ho kjem til fjorden han er ein venn i dag ligg han roleg pustar under henne ho ror medan hendene hans grip inn i landskapet
Mikke er hjemme alene mens moren og stefaren er på ferie i Chile. De andre i klassen er i gang med russefeiringen, men han vil ikke være med. Han har slått opp med Siri, og svarer ikke når hun sender meldinger. Han sitter ved pc-en om nettene og skriver dagbok og leser om skilpadder.
I eit rom med vindauge mot havet ligg ei kvinne for døden. Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad til stad med teaterframsyninga si. Sally måtte vere med. Ho leika med trådar, dikta med saumar, streva med puslebitar i baksetet av bilen. I byen ved kysten blei alt brått heilt annleis. På kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir tydeleg at det finst eit sår i dette forholdet. To ulike lagnader, som begge krinsar rundt svik og tap av kjærleik.
To søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, byggjer hytte i det store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender skulle ikkje hende.Jenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg. Men kven skal ha omsorg for Jenny?Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande.
Kva er sanning, kva er løgn? Alarmen går, og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje. 10. klassingane Lill Miriam, Susan og Ruben opplever den dramatiske situasjon på kvar sin måte. Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre. Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Overlever ho eller ikkje? Susan har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Ruben er ny i landet og har berre ein venn, Lill Miriam. Klarer han å finne ut kvar ho gøymer seg før det er for seint? Ulike tankar og ulike minne fer gjennom hovudet på dei tre ungdommane. Korleis er liva deira knytte saman? Kva er sanning, og kva er løgn? Kven er modig, og kven er feig? Kven er tøff nok til å stå på for det ein kjenner er rett?
Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv. Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg? Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.
Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene. Mjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.