Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 244 527 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

2 kirjaa tekijältä Ottar Fyllingsnes

Jon Eikemo

Jon Eikemo

Ottar Fyllingsnes

Samlaget
2009
sidottu
Portrettbok i høve 70-årsdagen. Dette er ein varm og personleg samtalebiografi om Jon Eikemo - ein av våre store, folkekjære skodespelarar med ein tilhengarskare som femner vidt. Den velkjende strilen har gitt oss minne rike opplevingar med Splint, Schweyk, Brecht og Holberg, i Bikubesong, Mormor og de åtte ungene og sjølvsagt einmannsshowet med tekstane til Jakob Sande. Han fyller 70 år til hausten og er framleis svært til stades i den norske bevisstheita. Boka tek m.a. for seg barndom og oppvekst, osloliv, teaterkarriere og privatliv. Kjærleiken, motgang og medgang er velkjende delar av livet til den frodige vestlendingen. Boka er illustrert med bilete frå Eikemos liv.
Island

Island

Ottar Fyllingsnes

Skald
2022
sidottu
Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda - hadde det ikkje vore for Island. Frå nådelaus natur når dei kvite vinterstormane står på som verst, til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann. Island er høgt elska for det ville og vakre landskapet med sine store sletter, varme kjelder og eksotiske vulkanar som tek pusten av oss. Gjennom levande reiseskildringar og interessante menneskemøte skriv Ottar Fyllingsnes fram eit fascinerande og varmt portrett av Island og islendingen. Dette er boka for den som verkeleg har lyst til å kome under huda på den islandske kulturen og bli kjend med sider ved det islandske samfunnet som ikkje kjem fram i tradisjonelle reiseguidar. Saman med dei slåande fotografia til Harald Hognerud blir boka ein komplett kulturhistorisk vegvisar til eventyrøya. Skildringane strekkjer seg frå sagatida og fram til dagens internasjonale og moderne Reykjavík, der vi mellom anna får bli med til ein kjend pølsekiosk som har hatt Bill Clinton som kunde. Island er kåra til det mest likestilte landet i verda for elleve år på rad og er eitt av dei tryggaste landa å reise til som turist. I tillegg er landet ei kulturell stormakt, som har produsert noko av den vakraste musikken og litteraturen vi kjenner til. Fyllingsnes dykkar med denne boka djupt ned i den islandske kulturen, politikken og naturen for å prøve å finne svaret på kvifor den vesle øya har ei slik magisk tiltrekkingskraft på oss.