Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 342 296 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

6 kirjaa tekijältä Solveig Aareskjold

Sanninga om Homer

Sanninga om Homer

Solveig Aareskjold

Spartacus
2025
sidottu
Dei homeriske verka Iliaden og Odysseen har eit førpatriarkalsk verdsbilete og ei livsforståing som skil seg radikalt frå det me kjenner frå Bibelen og den klassiske antikken, aller mest i synet på kvinneleg og mannleg. Helena, til dømes, blir ikkje straffa for ekteskapsbrotet med prins Paris, Penelope kan senda friarane heim kva tid ho vil, og det er gudinnene Atene og Hera som fører grekarane til siger, mens Apollon og Ares støttar dei tapande trojanarane.Sanninga om Homer viser kva slags livsverdiar og personlege motiv som driv fram handlinga i desse tekstane, og gjer dei dermed tilgjengelege for ungdom og vaksne i vår tid. Dei fleste av oss kan kjenna seg att i det mangfaldige persongalleriet, ikkje minst i son til Odyssevs og Penelope, Telemakos, som ofrar seg for eit par egosentriske foreldre – utan at det nokon gong fell dei inn å gjera det same for han.Solveig Aareskjold (f. 1949) er romanforfattar og essayist. Ho har vore morgonkåsør i NRK P2 og er spaltist i Klassekampen, der ho ofte skriv om kvinne- og mannsroller i eit historisk perspektiv.
Valkyrjesong

Valkyrjesong

Solveig Aareskjold

Samlaget
2012
sidottu
Aareskjold avslører i denne boka ein del av mytene om det norrøne. Ho meiner det er eit stort tap for kulturforståinga at den norrøne litteraturen er så lite kjend. Av den grunn har den heidenske fortida vore overlaten til fri gjetting, anten eit harmonisk paradis eller eit kaotisk blodbad. Skal ein tru det som blir fortalt i eddadikt og saga, hadde ikkje dei norrøne heidningane dårlegare styring med impulsane sine enn me som lever no, og om det nok hende at dei slo kvarandre i hel. I følgje forfattaren sette dei like mykje pris på lov og orden som oss. Ho viser at styrke og ærekjensle var like attraktivt hos kvinner som hos menn. Aller gjævast var valkyrjene, dei fantastiske jentekrigarane som kunne flyge gjennom lufta.
Lesebok for jenter

Lesebok for jenter

Solveig Aareskjold

Samlaget
2014
sidottu
Tøffe jenter gjennom 3000 år! For tre tusen år sidan drøymde ei ung jente om å møte den store kjærleiken, og fann ein skipbroten utlending som var heilt avhengig av henne. Dette utdraget frå Odysseen står først i denne boka. Deretter følgjer tekstar frå romartida, vikingtida, renessanse og barokk, attenhundretal og nittenhundretal, fram til Suzanne Collins' The Hunger Games frå 2008. Trass i kvinnefrigjeringa har det til no vorte henta fram lite eldre litteratur med jenter i hovudrolla. Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Dei leiter etter kjærleik, dei søkjer mot det ukjende, eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn. Somme av dei flyt ovanpå, andre møter utfordringar som krev alt dei har av kraft og vågemot, og endå litt til. Les utdrag fra boka
Astridene; kvinnene kring Olav Tryggvason
Aareskjold skriver kvinnene inn i vikingtidshistorien igjen - på deres egne premisser. Medrivende fortellerkunst med aktivistisk gnist. Carline Tromp, Klassekampen Eit levande, breitt og personleg farga kulturbilete. Jorunn Hareide, Dag og Tid Terningkast 5 Gaute Ulvik Haugan, Trønder- Avisa Kva er det alle kvinner vil ha? I forteljingane frå vikingtida er svaret enkelt: Alle kvinner vil ha ære. Dess stoltare ei kvinne er, dess meir attraktiv er ho for mennene, sjølv om ho stiller så høge krav at det går på livet laus. Olav Tryggvason, som all sin dag var avhengig av å ha kvinnene på si side, blei berga gjennom spedbarnstida av ei snarrådig mor, nådde vaksen alder ved hjelp av ei klok fostermor og fekk styringa over Noreg på grunn av søster si. Men fordi han trakka på æra til Sigrid Storråde, hamna han i slaget ved Svolder, der han stupte i sjøen og forsvann.