Kirjojen hintavertailu. Mukana 11 590 110 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

6 kirjaa tekijältä Trude Tjensvold

Bålet

Bålet

Trude Tjensvold

Samlaget
2020
sidottu
Konkurransen som kom ut av kontroll. Beveren Bella trivst godt i skogen der ho bur, men ho er skeptisk til dyra som kjem på sommarbeite. Spesielt irriterer ho seg over grisen Sylte. Han veit alltid best! Dessutan synest han at dei ville dyra i skogen er gammaldagse og treige. Snart er sankthanskvelden her. Bella vil lage stort sankthansbål slik dei alltid brukar å gjere. Men Sylte vil heller fyre opp ein kolgrill til festen, for det er meir moderne. Det utviklar seg til ein konkurranse mellom dei to, og ting kjem ut av kontroll. For snart står skogen i full fyr. «Bålet» er ei spennande og leiken bildebok som djupast sett handlar om samarbeid. For kanskje er den ein trudde var uvenn, ikkje så verst likevel?
Raud Volvo

Raud Volvo

Trude Tjensvold

Samlaget
2022
nidottu
Sterk teikneserieroman om å miste seg sjølv. Jenny bur saman med mora og halvbroren Odd. Bestevenninna Ann-Sofi har byrja å røyke og treffe eldre gutar. Jenny trivst best i skogen, der ho kikar på fuglar. Når Ann-Sofi byrjar å avvise ho, tar Jenny ei rekke dumdristige val. Til slutt hamnar ho i ein situasjon saman med ein eldre gut som ho ikkje kjem seg ut av. Kven er ho etter dette? Og korleis skal ho finne tilbake til seg sjølv? Gjennom tekst og illustrasjonar har Trude Tjensvold skapa ein sterk og utfordrande roman som handlar om overgrep og om å setje grenser. «Raud Volvo» er ein hybrid mellom tekst og bildebok og blir gitt ut i samarbeid med Leser søker bok.
Vi roper i skogen

Vi roper i skogen

Trude Tjensvold

Samlaget
2023
sidottu
Korleis snakkar skogen? Visste du at ramnen kan flest ord av alle fuglane i skogen? At plantane sender signal til kvarandre under bakken? Og korleis snakkar eigentleg mauren? Vi roper i skogen er ei faktabok som handlar om det heilt motsette av skogens ro, nemleg skogens mange lydar. Her får vi lære meir om alle dei ulike språka som finst der inne blant trea. For korleis snakkar dei saman, alle dei som bur i skogen? Trude Tjensvold har laga ei gjennomillustrert sakprosabok for dei aller minste lesarane, men også for alle dei som er glade i naturen rundt oss.
Misty åleine

Misty åleine

Trude Tjensvold

Samlaget
2025
sidottu
Firbeint flukt gjennom krigens landskapFamiliehunden Misty og Ruben er bestevener. Men då krigen kjem til landet, må familien til Ruben flykte. Ved ein feil blir Misty sperra inne i bombekjellaren til blokka der dei bur, og då ho kjem seg ut derifrå, har familien allereie flykta av garde. Misty bestemmer seg for å følgje spora etter familien for å finne dei att. På vegen må ho trasse både bombeangrep og ei stor, djup bukt. Ho møter òg fleire hjelparar, mellom anna den vesle jenta Shirin.Misty åleine er ei aktuell og sterk forteljing om flukt, fortald gjennom auga til ein hund.
Bo flyttar ut

Bo flyttar ut

Trude Tjensvold

Samlaget
2016
sidottu
Sprelsk bildebok om å føle seg oversett! Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden fl ytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre éin ting å gjere, nemleg å sjå om det finst husrom ein annan plass. Denne bildeboka er ei vittig, fargesterk og treffande bok om det å føle seg oversett. Gjennom å møte farane ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmor.
Vil du ha katt?

Vil du ha katt?

Trude Tjensvold

Samlaget
2019
sidottu
Kvar kan Rusken bu? - Sett den kassa før? spør Gro. Gunnar rister på hovudet. Noko pip frå kassa. Nokon klynkar frå kassa. - Kva kan det vere? spør Gunnar. Søskena Gro og Gunnar finn ei kasse. I kassa ligg det ein katt. Katten heiter Rusken og treng ein ny heim. Kanskje nokon i blokka deira vil ha ny katt? Og kan ein slange og ein katt bu saman? Vil du ha katt? er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.