Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 351 959 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjahaku

Etsi kirjoja tekijän nimen, kirjan nimen tai ISBN:n perusteella.

12 kirjaa tekijältä Vegard Markhus

Mitt liv på feil planet

Mitt liv på feil planet

Vegard Markhus

Aschehoug
2023
sidottu
Lettlest og humoristisk for ferske lesarar Det er mykje som tyder på at Ulrik F. Oma lever på feil planet. I klassen er det ingen teikn til intelligent liv og heime er alt kaos. I tillegg får bølla Bob Ulrik til å føle seg som søppel. Men ein kveld suser eit mystisk sikksakklys over himmelen. Neste dag begynner ei jente med uvanlege talent i klassen. Kven er ho? Kan Ulrik få seg ein ven? Og blir Ulrik nokon gong klar til å ta opp kampen med Bob og dei andre på skolen? «Alien i klassen» er ei bok for alle som ein gong har vore aleine, alle som liker teikningar betre enn vanskelege ord og alle som lurer på om det finst liv i verdsrommet. Og det er vel dei aller fleste ... «Dette er ei 'Put your hands in the air'-bok. Ei bok å juble for. ... den vellukka kombinasjonen av kreativ overflod i ein stram, lettlesen form gjer at ein skulle ynskje ein fekk vere statsminister for ein dag. Då skulle Alien i klassen leggast i sekken til kvar einaste førsteklassing når klokkene no snart ringer for dei.» Janne Karin Støylen, Bergens Tidende (Fem av seks hjerter)
Klassebildet

Klassebildet

Vegard Markhus

Aschehoug
2013
nidottu
Lesenivå vises med ugler på baksiden av hvert hefte. Leseheftene for 1.-4. trinn ligger på uglenivå 1 til 11, mens 5.-7. trinn har fra 12 til 16 ugler. Klassebildet er merket med 5 ugler.
Klassebiletet

Klassebiletet

Vegard Markhus

Aschehoug
2013
nidottu
Lesenivå blir vist med ugler på baksida av kvart hefte. Lesehefta for 1.-4. trinn er på uglenivå 1 til 11, medan 5.-7. trinn har frå 12 til 16 ugler. Klassebiletet er merka med 5 ugler.
UFO-gjengen

UFO-gjengen

Vegard Markhus

Aschehoug
2024
sidottu
Før var Ulrik heilt aleine. Heilt alien. Det var før! No har han Fia og Bob. Med to nye vener og ein klasse som synest han er flink til å teikne, ser Ulrik lyst på livet. Ikkje eingong bøllete rektorar er noko problem.Men ein dag bankar ei stressa dame på døra til klasserommet. Ho har kome for å hente Fia. Samtidig leiter politiet etter Bob. Skal alt som har blitt bra, bli borte vekk? Har Ulrik fortsatt vener når boka er ferdig? «Alien i klassen 2. UFO-gjengen» er ei bok om vennskap og familietrøbbel, og om kor viktig det er å ha ein gjeng som kan hjelpe å rydde når dei vaksne lagar rot.
Fake news

Fake news

Vegard Markhus

Aschehoug
sidottu
Ein skulle tru at alt var bra! Ulrik har fått gode venner, Reke-Tor er borte og den nye rektoren er super. Men nokon har skumle planar. Mystiske ting begynner å skje på skulen, og snart trur alle at det er Ulrik, Fia og Bob sin feil. Korleis skal Ulrik og gjengen bevise at dei er uskyldige? Kven er det eigentleg som står bak alt kaoset? Og korleis skal folk få vite kva som er sant, når ingen trur på det dei seier? «Alien i klassen - Fake news» er ei bok om løgn og sanning. Om kor lett det er å få alle til å tru på ei løgn, og om at det ikkje alltid er fleirtalet som har rett!
Kunst og hærverk

Kunst og hærverk

Vegard Markhus

Samlaget
2021
sidottu
Rine og Ravi i kunsttrøbbel! Rine og Ravi vil lage noko fint i kunst og handverk-timen. Men Lærar-Knut har som vanleg andre planar. Han vil heller at dei skal ha kunst og hærverk. Kunst skal vere stygg, folk skal seie huff!, meiner han. Men kva skjer når Gymlærar Gyda ser at Lærar-Knut og elevane rablar og teiknar på bilen hennar? Kunst og hærverk er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Vegard Markhus (1983) er forfattar, illustratør og lærar. Han er oppvaksen i Norheimsund, men bur og arbeider i Bergen. Han har gitt ut fleire bildebøker, og i 2010 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris.
Epleslang

Epleslang

Vegard Markhus

Samlaget
2015
sidottu
Første bok om Rine og Ravi - og om ein lærar litt utanom det vanlege Rine og Ravi liker å lære nye ting. Men på skulen er ikkje dette lett. Lærar-Knut er nemleg veldig glad i bråk og tull, og han er ein meister i dårlege idear. Og ein må vel gjere slik læraren seier? Epleslang er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Leseland. Nivå 2.
Full fart!

Full fart!

Vegard Markhus

Samlaget
2016
sidottu
Andre boka om Rine og Ravi! Rine og Ravi gler seg til skitur med klassen. Men Lærar-Knut går altfor fort! Og pausar er for pyser, seier han. Så vil Lærar-Knut ta ein snarveg utanfor løypa. Det skulle han aldri ha gjort. Full fart! er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland. Nivå 2.
Timothy mister seg sjølv

Timothy mister seg sjølv

Vegard Markhus

Markmus forlag
2024
sidottu
Timothy har det fint. Han har eit lite hus i skogen og akkurat passe mange tenner. Men ein dag begynner alt å falle frå kvarandre. Timothy mister både tenner, armar og bein, men heldigvis mister han aldri hovudet! Timothy mister seg sjølv er ei engasjerande og morosam bok som på bokstaveleg vis leiker med begrepet "å miste seg sjølv". - Vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris - Kåra til ei av dei beste nynorske biletbøkene sidan år 2000 - Ein perle om å miste seg sjølv! (Boktips, Barn i byen)
God natt

God natt

Vegard Markhus

Fashion Moves Literature
2012
sidottu
Vesle Gut får ikkje sove. Kanskje han har gløymt noko? Kanskje Blåmann eller Blakken kan hjelpe? Eller Trollmor og elleve små troll? God Natt er ei varm barnebok som inneheld ei godnatthistorie for dei minste og ein CD med ei samling av våre finaste voggesongar. Ei bok du kan lese, musikk du kan sovne til. Forfattaren Vegard Markhus er vinnar av nynorsk barnelitteraturpris 2010. Musikken er produsert av Bjørnar Sangolt som du garantert har høyrt på NRK P1. Hardangervokalist Ingelinn Strømme Sivertsen fullfører stjernelaget.
En kedelig bog

En kedelig bog

Vegard Markhus

Turbine
2019
sidottu
Når man først er kommet godt ind i en bog, kan det nogle gange være svært at forlade den igen …I denne skægge fortælling af norske Vegard Markhus skal dét forstås helt bogstaveligt – den handler nemlig om et barn, der er fanget i en bog. Og det er ikke hvilken som helst bog, men en rigtig kedelig en af slagsen! Alle siderne er hvide, og bogstaverne står hele tiden i vejen for, at drengen kan slippe ud.Efter flere fejlslagne flugtforsøg, finder han dog ud af, at der muligvis er en anden udvej: Fantasien!Sidernes hvide ingenting kan måske forvandles til … alt, hvad man ønsker sig?Vegard Markhus (f. 1983) bor i Bergen i Norge og er børnebogsforfatter, illustrator og lærer. Han har skrevet en række børnebøger og modtog i 2010 Nynorsk Barnelitteraturpris. Han laver desuden musik for børn under bandnavnet Naboen min.