Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 390 323 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Ane Barmen

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 4 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2020-2024, suosituimpien joukossa Sitka. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

4 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2020-2024.

Sitka

Sitka

Ane Barmen

Gyldendal
2024
sidottu
Ein ung mann må ha veslebror sin på slep på audition med eit death metal band. Ei nybakt mor heimsøkast av Ingvild Bryn. Ein gut utan jegarprøve går på hjortejakt med far sin. I novellesamlinga Sitka skriv Ane Barmen om når ting ikkje blir heilt sånn ein hadde tenkt. Om sånt ein gjer i beste meining, men som går heilt gale. Om å lekke væske i alle endar, om galne buhundar og mødrer som luktar sløyd.
Tone!

Tone!

Ane Barmen

Gyldendal
2024
sidottu
Tone elskar å leike med storebror Daniel. Dei byggjer hytte og dansar. Men når dumme Ingeborg Plingeborg kjem på besøk får ikkje Tone vere med å leike. Då er det berre korps som gjeld, og Tone er for lita til å vere med. Urettferdig!Morosam og sprudlande historie om musikk, søsken og å gjere alt for å få vere med.
Pappa var nesten på Woodstock
Theis bur åleine og har ikkje mykje omgang med andre enn hunden Snuppa. Men Snuppa er gammal og må avlivast, og Theis tek kontakt med dottera Ruby etter fleire års stille. Ruby kvir seg for å ha noko å gjere med den tidvis alkoholiserte faren. Ho og sambuaren har dessutan lenge freista å få barn saman, utan hell, og nye møte med faren minner henne om alt det dei ikkje får til, nokon av dei. Pappa var nesten på Woodstock er ein roman om korleis oppveksten formar oss, om skam og tilgjeving. Det ei forteljing omdei forventningane ein har til seg sjølv og til kvarandre, og om korleis det ein ønskjer seg aller mest, ofte er nærare enn ein skulle tru. «Vil ha mer!»Trine Saugestad Hatlen, VG «Ane Barmen skriv med snert og humor om vanskelege familierelasjonar.» Oddmund Hagen, Dag & Tid «… en vakker og sår, til tider morsom og ja, rørende fortelling om barnet vi alle bærer inni oss.» Karoline Henanger, Klassekampen «Humor om alkoholisme, brotne familieband og ufrivillig barnløyse? Det går an, viser Ane Barmen, i si første, særs sjarmerande, bok for vaksne.» Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen «Ane Barmens voksenroman er en fin skildring av fortvilelse og håp, rusten tillit og sterke bånd.»Astrid Fosvold, Vårt Land
Draumar betyr ingenting

Draumar betyr ingenting

Ane Barmen

Gyldendal
2020
pokkari
Louise kjem heim for sommaren til sjukeheimsjobb, vener ho ikkje lenger har noko felles med, og eit hòl i brystet. Tormod døydde for over eit år sidan, og på veggen heng framleis alle bursdagskorta han teikna.Draumar betyr ingenting er ei forteljing om å puste inn dritlukt, å danse swing på parkeringsplassen, om sorg, systerskap og kven som kan skaffe øl.Bokmeldarane seier: «Alt blir levande i dei mangfaldige og sanselege skildringane, anten om dei er til å le, grøsse eller gråte av.» Janne Karin Støylen, Dag og tid «[E]n vond, tragikomisk og presis skildring av følelser, familie og om hvor frustrerende det er å aldri slippe unna sitt eget hode […] Språket flyter sømløst og naturlig, dialogen er troverdig og noen setninger treffer leseren akkurat der det gjør mest vondt.» Pernille Bruvik Westberg, Barnebokkritikk «Det er ein gjennomgåande styrke ved romanen at han viser meir enn han fortel og forklarar» Petra J. Helgesen, Periskop «Barmen skiller seg ut blant årets [Bragepris-]nominerte, fordi hun kombinerer en velskrevet sår dybde med en bråsnu midt i boken og en fin vei tilbake for hovedpersonen Louise.» Morten Olsen Haugen, Aftenposten «En følelsesmessig fest å lese» – TERNINGKAST 5!Kristine Isaksen, VG «Flott debutarbeid av Ane Barmen. … Flere bøker, takk!»Anne Cathrine Straume, NRK «Romanen vitner om et stort fortellertalent som jeg gleder meg til å lese mer fra.» – TERNINGKAST 6!Katrine Judit Urke, DagbladetVinnar av Brageprisen 2019Fra nominasjonsjuryens begrunnelse:«Draumar betyr ingenting viser stor innsikt i hvordan sorgen kan oppleves som ensom fordi livet for andre går videre – men for den som sørger, får alt en annen farge. Romanen er likevel forunderlig lett å lese. Den viser hvordan Louise tenker og handler framfor å forklare, og intensiteten holdes oppe med et språklig driv og en vellykket komposisjon»