Kirjailija
Anna R. Folkestad
Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 21 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2012-2025, suosituimpien joukossa Ulla. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.
21 kirjaa
Kirjojen julkaisuhaarukka 2012-2025.
Varmt om vennskap i fargerik forteljing. Ulla og flokken leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne. Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem. Kjem Ulla til å finne flokken sin? Ulla er ei hjartevarm og humoristisk forteljing om flokk og fellesskap.
Kven fortener førsteplassen?Dagfinn er veldig snill. Og dessutan er han rågod til å sjonglere! Ein dag ser han at det skal vere ein talentkonkurranse i byen, og han bestemmer seg for å melde seg på. Dette liker ikkje dei såkalla venene hans, Gerd, Sjur og Britt. Første-, andre- og tredjeplassen i talentkonkurransen skal nemleg dei ha, for det har dei bestemt. I tur og orden lurer dei snille Dagfinn til å gi frå seg sjongleringsballane til dei. Til slutt har han berre éin ball igjen! Og det går vel ikkje an å sjonglere stilig på talentshow om ein berre har ein ball?Litt for snill er ei bildebok om sjalusi og misunning, og om kva det eigentleg vil seie å vere ein god ven.
Besta og Bo pyntar til jul. Det er snart jul, og Besta og Bo skal gjere det julefint. Men Besta får ikkje julestemning, uansett kor mykje ho pyntar. Når Bo føreslår at dei kan bake peparkaker, skjer det noko som gir den perfekte julestemninga. For kva er det dei har mangla heile tida? «Pyntepanikk» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå.
Besta og Bo lagar bål. Besta og Bo skal lage bål. Men dei har gløymt fyrstikker! Besta prøver å lage eld med pinnar, men får flis i fingeren i staden. Kva skjer når Besta må halde forstørringsglaset så Bo kan ta ut flisa? «Bålbaluba» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Ny bok i serien om Besta og Bo! Besten og Bo skal bygge hytte. Men Besta vil også vere med. For å vise kor raskt ho kan lage ei hytte i treet, bruker Besta teip istadenfor spikar. Men kva skjer når det plutseleg begynner å blåse? Byggebøll er ein del av Samlagets Leseland, for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, og blei tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris i 2012 for Unni og Gunni reiser. Folkestad er kjent for sine humoristiske og lett absurde forteljingar som fengar barnelesaren.
Follow your dream! Nils og faren er snart ferdige med det gigantiske byggeprosjektet sitt: å lage ein rakett av fiskebolleboksar. Ja, ein fiskebolleboks-rakett! No er det kun få dagar att til den siste knappen kjem i posten, sjølvaste oppskytningsknappen. Då kan faren endeleg få reise rundt månen og oppfylle den store familiedraumen. Og det blir vel veldig bra? spør Nils med eit bleikt smil rundt munnen. Ja, kjempebra, smiler faren attende. Men er ikkje stemma hans litt skjelven? Fiskebolleboks-raketten er ei humoristisk og absurd forteljing om eit altfor stort byggeprosjekt. Men mest av alt handlar ho om den store kunsten det er å verkeleg snakke saman. Boka er gjennomillustrert av forfattaren. Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, og blei tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris i 2012 for Unni og Gunni reiser. Folkestad er kjent for sine humoristiske og lett absurde forteljingar som fengar barnelesaren.
Visste du at tacoen kom til Noreg i 1965? Og visste du at den største tacoen i verda var 40 meter lang? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om taco. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad. «Visste du at ...? Taco» er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Visste du at wasabi er ein plante som veks i Japan? Og visste du at ein sushikokk i Japan må gå på skule i sju år? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om sushi. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad. «Visste du at ...? SUSHI» er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Visste du at verdas største tyggisboble vart 50,8 cm? Og visste du at tyggis bruker ti år på å brytast ned i naturen? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om godteri. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad. «Visste du at ...? Godteri» er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Leseland 2018
Håkon Forfod Sønneland; Kristoffer Karlsen; Nancy Øvrehus; Annika Lundholm Moberg; Pia Strømstad; Anna R. Folkestad; Bente Bratlund; Malin Eriksson; Ragnfrid Trohaug; Ingunn Røyset; Liv Oddrun Larsen
Samlaget
2019
muu
Innheld alle dei 16 bøkene i Leseland-serien som kom i 2018.
Luftig svev med Knut - og ein litt for ivrig onkel.Knut vil fly med drake! Men onkel Stig vil vere med i ein stupekonkurranse. For då kan han vinne pokal. Men stupinga går ikkje heilt som planlagt. Stupe-Stig er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Leseland 2017; nivå 1-4
Dan Höjer; Anna R. Folkestad; Lars Mæhle; Petrus Dahlin; Katarina Genar; Lin Hallberg; Martine Grande
Samlaget
2017
muu
Innheld alle dei 14 bøkene i Leseland-serien som har komme i 2017. Nivå 1: «Plommeproblem» og «Tapar» Fakta, nivå 1: «Visste du at ...? KATT», «Visste du at ...? HUND» og «Visste du at ...? HEST» Nivå 2: «Den magiske dyrebutikken», «Spøkelseshunden», «Svartedama» og «Ånda i glaset» Nivå 3: «Varehuset» Fakta, nivå 3: «Superrask», «Supersterk» og «Supersmart» Nivå 4: «Kattekrøll»
Ny bok i serien om Besta og Bo! Bo, Besten og Besta skal på fest. Dei skal kle seg ut. Besta treng plommer til kostymet sitt, men i treet er det også mykje veps. Heldigvis får Bo ein idé! Plommeproblem er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les også: Besta og Bo: Tanntrøbbel Besta og Bo: Krabbekrise Leseland. Nivå 1.
Ny bok i serien om Besta og Bo! Besta og Bo vil vinne konkurransen om å fiske flest krabbar. Men krabbane bit ikkje på. Så gjer Besta noko heilt vilt. I typisk Besta-stil. Krabbekrise er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland. Nivå 1.
Bli kjend med Besta og Bo! Besta har så vondt i ei tann! Men tanna vil ikkje ut, og Besta vil ikkje til tannlegen. Korleis kan Bo hjelpe Besta ut av tannknipa? Tanntrøbbel er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Leseland. Nivå 1.
Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. No vil dei gjere det fint i heimen sin! Men ein treng litt utstyr for å gjere det fint. Og kva skal dei fylle heimen sin med? Unni og Gunni finn fram hammer og spiker og anna utstyr. Så hentar dei store ting, små ting, tunge, lette, firkanta og runde ting - og til slutt kviler dei. Så fin heim dei har fått!
Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. Men ein treng litt utstyr for å reise. Og korleis veit ein kor ein skal? Unni og Gunni finn fram kart og kompass og anna utstyr. Så flyr dei framover, bakover, over, under, opp og ned - og til slutt landar dei ein heilt ny stad.
Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. Men ein treng litt utstyr for å male. Og har dei nok fargar? Unni og Gunni finn fram koster og stiger og anna utstyr. Så blandar dei raudt og blått, gult og raudt, blått og gult - det blir vel fint, kan du tru!Open publication - Free publishing - More barn
Visste du at dovendyr er sterkare i armane enn menneske? Og visste du at dovendyr er raskare i vatn enn på land? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om dovendyr. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er skrive og rikt illustrert av Anna R. Folkestad.Visste du at…? DOVENDYR er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Visste du at nokre edderkoppar kan skifte farge? Og visste du at ein type edderkopp gøymer seg ved å sjå ut som fuglebæsj? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om edderkoppar. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er skriven og rikt illustrert av Anna R. Folkestad. Visste du at…? EDDERKOPP er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.