Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 595 353 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Arne Ruset

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 10 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2011-2025, suosituimpien joukossa Ein tragikomisk roman om kreft. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

10 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2011-2025.

Reisa til Mjuk

Reisa til Mjuk

Arne Ruset

Solum Bokvennen
2025
sidottu
Reisa til Mjuk er ei reise gjennom eit sjukdomslandskap. Vi følger poeten frå barndom og oppvekst, til å bli råka av ein alvorleg kreftsjukdom i godt vaksen alder. Den kraftige behandlinga tar poeten med på ei reise der fantasi og røynd ikkje kan skiljast frå kvarandre. Med Reisa til Mjuk returnerar Arne Ruset til lyrikken, med sterke dikt som byr på smerte og sorg, men også på mykje lys og håp.
Eg kom ikkje heim før det vart natt

Eg kom ikkje heim før det vart natt

Arne Ruset

Solum Bokvennen
2023
sidottu
Agnar Heimlund har fått ein demenssjukdom. Ein dag høyrer han The Dubliners framføre ein song på radioen, og legg ut på ei mangfaldig reise. Undervegs kjem han med ein viktig bodskap: Ingen skal få kome og hevde at eg ikkje lenger kan tenkje kloke tankar. Eg kom ikkje heim før det vart natt er ein sår og surrealistisk roman som skildrar korleis livet ser ut når verda utanfor forsvinn meir og meir.
Ikkje ein sporv til jorda

Ikkje ein sporv til jorda

Arne Ruset

Solum Bokvennen
2021
sidottu
Ein sein haustkveld i 1957 forsvinn Bernhard Kråkvik sporlaust frå heimen sin i ei vestlandsbygd. Påfølgjande natt høyrest vill klokkeklang frå kapellet nær huset hans. Kyrkjetenar Karl Råde oppdagar neste dag at det er knytt ei rennelykkje på klokkereipet der. Den sakna kjem aldri til rette, men rykte om drap verserer i bygda. Etter å ha oppsøkt eit møte i pinserørsla blir dotter til den sakna borte i dei same traktene i 2009. Også denne gongen stormkimar klokka i kapellet. «Ikkje ein sporv til jorda» skildrar utfordrande etterforsking, religiøst grubleri og fanatisme, og tragiske familietilhøve. Arne Ruset er født i 1951 i Fjørå på Sunnmøre. Han bur i Molde, der han har arbeidd i mange år som psykiater. Han har skrive bøker i fleire sjangrar: lyrikk, barne bøker, noveller og romanar. Tildelt Norsk Litteraturkritikerlags barnebokpris i 1987 og Kulturdepartementets billedbokpris (saman med Anne Kristin Hagesæther) i 1999. I 2013 ga han ut novellesamlinga «Berg brest» til fantastiske kritikkar.
Nattferje frå Åfarnes

Nattferje frå Åfarnes

Arne Ruset

Solum Bokvennen
2019
sidottu
- Eg ville bli glad om du kunne skrive noko for meg, seier ho, sidan du er forfattar, legg ho til. I radioen har ho følgd med omtalen av skriveria mine, har skjøna det slik at eg har gjort forfattarskapet til leveveg. Sonen las ved eitt høve nokre av dikta mine for henne, nymotens greier, ho likte dei likevel. Så kan eg skrive noko om henne? - Det kan eg kanskje. Du har levd eit langt liv, har sikkert opplevd mykje interessant. Ho svarar utan å tenkje seg om. Orda kjem faste og tydlege i det mjuke talglyset, i den vedunderlege angen av tørka frukter odla fram i endelaus sol. - Nei, det er nettopp det som er saka. Eg har ikkje opplevd noko spanande, har aldri opplevd noko som helst. Etter at ekteskapet havarerer, prøver ein forfattar å få avstand til nederlaget ved å isolere seg på ei hytte i barndomstraktene for å skrive noveller. Under arbeidet med dette, blandar fortida hans seg med notida og kastar skuggar over tekstane.
Songbok for hesten

Songbok for hesten

Arne Ruset

Bokvennen
2018
pokkari
Haugmann, som er forteljaren av denne soga, livnærer seg som epledyrkar i ei større bygd på Nordvestlandet. Han er diagnostisert som sinnsjuk, og blir handsama deretter. Songbok for hesten handlar om sjukdom på sinnet. Samstundes er det ei bygdekrønike, frå sekstitalet og nokre tiår framover, som skildrar hovudpersonen sitt samvær med broren Karstein, hesten Lykke, naboen Rolf Røys og mange fleire. Eitt spørsmål melder seg undervegs i teksten: Er det slike som Haugmann, eller er det dei såkalla normale, som er dei mest galne?
Songbok for hesten

Songbok for hesten

Arne Ruset

Bokvennen
2017
sidottu
Haugmann, som er forteljaren av denne soga, livnærer seg som epledyrkar i ei større bygd på Nordvestlandet. Han er diagnostisert som sinnsjuk, og blir handsama deretter. Songbok for hesten handlar om sjukdom på sinnet. Samstundes er det ei bygdekrønike, frå sekstitalet og nokre tiår framover, som skildrar hovudpersonen sitt samvær med broren Karstein, hesten Lykke, naboen Rolf Røys og mange fleire. Eitt spørsmål melder seg undervegs i teksten: Er det slike som Haugmann, eller er det dei såkalla normale, som er dei mest galne?
Vi kan ikkje eige kvarandre

Vi kan ikkje eige kvarandre

Arne Ruset

Bokvennen
2016
sidottu
Livet er ikke enkelt. Man må leve det alene. Det er mye motgang. Men det er ikke umulig. Det er det viktigste budskapet i Arne Rusets diktning. Det er en varm fortrolighet i disse diktene. Varmen går gjennom hele forfatterskapet. I det mørke, i det morsomme, i det lyse og i det tragiske. Alt sammen finner du mellom disse permene.
Berg brest

Berg brest

Arne Ruset

Bokvennen
2013
sidottu
I ei isolert fjordbygd på Vestlandet i mellomkrigstida, lengter mange etter at dei vanskelege økonomiske tidene skal snu seg. Andre venter på at Kristus skal kome att. Men i staden rauser ein berghammar ned i fjorden og veldige flodbølgjer soper med seg menneske og hus. Berg brest er bygd opp av 12 historier der vi møter bygdefolket før, under og etter katastrofen. Boka handler om psykiske traume, om religiøs frustrasjon og forsoning, om ungdommeleg pågangsmot og livskraft, og ikkje minst om mennesket sin ibuande draum om å kunne flyge.