Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 304 773 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Arnt Birkedal

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 17 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007-2025, suosituimpien joukossa Vegar ut til alle kantar. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

17 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2007-2025.

Vegar ut til alle kantar

Vegar ut til alle kantar

Rasmus Løland; Arne Garborg; Helge Torvund; Terje Torkildsen; Gaute M. Sortland; Tore Renberg; Oda Malmin; Siri M. Kvamme; Edmund Austigard; Arnt Birkedal; Inger Bråtveit; Kristin Auestad Danielsen; Heidi Hjorteland; Odveig Klyve

Wigestrand
2020
nidottu
Faktisk vil han heller døy enn å vere til bry. Frå «Sansen for det søte», Siri M. Kvamme Grevinneheng har ho også. Dei må då minst vera ti centimeter, ... Frå «Naken» Heidi Hjorteland. Vi øver oss på å ikkje røra kvarandre, å halda avstand, ... Vi slår på radioen og høyrer at verda har feber. Frå «Ein dag vil vi gløyma», Odveig Klyve Blei det någe i bilen, då? spør han eine. Å ja, seier Kjatti. Full pakke, smiler Kjatti ... Frå «Den lange vegen inn til Stavanger by», Kristin Auestad Danielsen ... han har smugla på alskens saker og ting, og triksa med forsikringa ... Frå «Julebrev frå Oddemann på Neset», Tore Renberg Me må jo pynta oss litt når mannfolkå komme, sa ho og smilte med heile fjeset. Frå «Blondinefabrikken», Terje Torkildsen Her er språkkraft og skaparkraft, og her er alvor, humor, fantasi og realisme i god blanding. Det er berre å la seg riva med!
Innetter sauestiren

Innetter sauestiren

Arnt Birkedal

Kapabel
2025
sidottu
Arnt Birkedal debuterte i 1983 med diktsamlingaBalladenom hålet i dørå, og han har sidan skrive nærare 40 bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge. Han har mottatt Samlagsprisen og Teskjekjerringprisen for forfattarskapen sin. Han er òg kjent for songtekstane han har skrive, m.a. for Vamp, Aftenlandet og Ryfylke Visegruppe. I 2023 blei han ramma av hjerneslag, og mange av dikta krinsar rundt dette. – Birkedals tekst-gløttar – frå sine personlege samtider i Rogalands ulike utkantar – og i hans eigne indre! – er enkle og unike. Som Chaplins stumfilmar i svart-kvitt: Utan lyd, men dess meir minneverdige for oss andre.
Sennepsfrø

Sennepsfrø

Arnt Birkedal

Wigestrand
2021
sidottu
Ho veit godt dei har gjort klar til ein idrettsdag borte på skuleplassen. Dei har streka ein idrettsdag opp. Ho aner kor vid og einsam denne dagen vil bli, når ho rører seg midt ute på plassen. Alvhild Aske gruer seg fælt til den årlege idrettsdagen. I denne boka kan du lesa og sjå kva ho drøymer natta før.
Ellinga, meldinga Sandes-guten

Ellinga, meldinga Sandes-guten

Arnt Birkedal

Wigestrand
2019
sidottu
ein kugut, ein sheriff, ein bleik indianar, ei kjempelang jenkakø, skylange banar av venner og mobbarar dansar og smilar, og alle skal veta, det er ingen som tvilar, sjå mormor, han Erik, ho Anna Lovinda, no står dei og flirar og ler her i grinda, dei ropar, eg svarar: -- Hei, kom no og bli med! - Eg kjem straks eg får til det heilt siste rimet! Ellinga, meldinga, Sandnesguten spring ut av eit stort poetisk overskot og spenner over eit breitt kjensleregister: Tonen er lystig, skjemtande, andektig, alvorleg. Arnt Birkedal reindyrkar her ei personleg tumling med språket som har vore med han gjennom heile forfattarskapen. Birkedal signerer samlinga med eit perspektivrikt, personleg essay om songlyrikk.
Altså

Altså

Arnt Birkedal

Wigestrand
2017
sidottu
«Altså - jenta som ikkje og kringkastinga» er ein roman for unge i alle aldrar - for dei som kunne lika bøker som «La stå!!», «Reint sportslig» «Ei beine att», «Svalesukk» og «Gaulevik». Dei som er skrudde saman slik. I historien om jenta fra Gunhilds gate spinner Arnt Birkedal effektivt og overbevisende rundt en håndfull emner og motiver, og lar noen få markører og stikkord være gjengangere i teksten. Morsomt er det også; slapstick, situasjonskomikk, ordspill og fantasifulle absurditeter - i en tekst som stedvis beveger seg i satirisk og parodisk retning. Arnt Birkedal er født 1959 i Stavanger, på Madlamark, der han bor. Han debuterte i 1983 med diktboka «Balladen om hålet i dørå,» og har siden skrevet en lang rekke bøker, dikt og prosa, for voksne og unge. Han har mottatt Samlagsprisen, Rasmus Løland-stipendet og Teskjekjerringprisen for bøkene sine. Du finner mer om Arnt Birkedal her; http://www.arntbirkedal.no/
Svalesukk

Svalesukk

Arnt Birkedal

Wigestrand
2014
sidottu
"No lyfter eg reiret høgt, og held det opp mot straumlinja. Eg vil at svaleparet, ei mor og ein far, ein hann og ei ho, skal sjå meg. Sjå meg, sjå reiret sitt. Sjå kva det er som hender. Eg vil at dei skal kunna finna egga, finna ungane sine. No når eg, denne framande, lange, bykaren, straks er heilt ferdig med dei. Slik at dei kan halda fram med å ruga på egga, ja, og mata ungane sine, når egga no straks er sprekkeferdige. Slik at dei kan få lært ungane å fly innan hausten, frosten, kjem krypande." Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge. Han har mottatt Samlagsprisen (2007), Rasmus Løland-stipendet (2008) og Teskjekjerringprisen (2008) for bøkene sine.
Dikt i utval

Dikt i utval

Arnt Birkedal

Wigestrand
2013
sidottu
Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge. Dikta i denne boka er henta frå desse bøkene: Balladen om hålet i dørå (1983), Adle de trøtte hestane (1985), John Lennon: Tenk deg! (1987), Draumar og dynejakker (1989), Eg kan godt lika deg (1991), Ormen i Vaulavika (1993), For alt eg veit (1996), Brua før Widecombe (1997), To veker sist sommar (1999), (og ho andre) (1999), Kvar gong (2003), Det har komme ein komet (2003), Hynsahus (2004), Is- og Donald-svingane (2004), Kva er i vegen på Bryne? (2004), Gliper (2006), Hytteboka (2007) og Sinus (2011). «Det er noko sjølvsagt over Birkedals slentrande poesi, eit inntrykk av noko som alltid har vore der, men som det måtte ein poet av Birkedals kaliber til for å ta fram og koste støvet av, samtidig som han opnar for noko nytt og anna.» Sitat Ragnar Hovland, Bergens Tidende, 1989.
Ei beine att

Ei beine att

Arnt Birkedal

Wigestrand
2013
sidottu
Eg då, seier Vaskehjelpa til den siste nattevakta, når den næraste pårørande er reist. Ho vågar seg til å spørja: Er eg daud? Ja, seier nattevakta. No er du det. Kom no bare, seier han. Det er stutt og lett veg ned til båten. Ferjemannen og hunden hans ventar. Det kostar ikkje fem flate øre. Nei, du treng ikkje kle på deg meir. Me må fly, veit du. Me må fly, me må fly, me må fly. Til hist og pist ved flodene. Me tar straks beine vegen dit! Beine vegen. Ei beine att, tenker Vaskehjelpa med den første klare tanken på sju-åtte år. Romanen Ei beine att er tredje, og siste?, boka om Vaskehjelpa frå øya i havgapet. Vil du veta koss det heile byrja? Sjekk ut La stå!! (2011) og Reint sportslig (2012). Forfattar Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge.
Reint sportslig

Reint sportslig

Arnt Birkedal

Wigestrand
2012
sidottu
Arnt Birkedal med ny roman for unge: Reint sportslig er andre boka om Vaskehjelpa. Den første var La stå!! frå 2011. No tar Vaskehjelpa toget til Jæren. For å finna ho Ragnhild. Og kanskje, i same slengen, idrettens verd. Kan dette vera idrettens verd? tenker ho. Er det her denne idrettsverda byrjar? Ho såg ikkje gjerda rundt ein gong. Kom ho bare plutselig innanfor? Det kan nesten verka slik. "Reint sportslig" er ei bok for unge i alle aldrar. Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka "Balladen om hålet i dørå" og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge. Han har mottatt Samlagsprisen (2007), Rasmus Løland-stipendet (2008) og Teskjekjerringsprisen (2008) for bøkene sine.
La stå!!

La stå!!

Arnt Birkedal

Wigestrand
2011
sidottu
Arnt Birkedal med ny roman for unge: "La stå!!" Sjuande klassen er borte vekk. Eller er den eigentlig det? Og kva tyder dei mystiske teikna på tavla? Dei som kjenner Arnt Birkedal sine bøker frå før, vil sjå at denne boka er ein fjern slektning av "Biblioteket på do" frå 2002. "La stå!!" er ei bok for unge i alle aldrar. Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka "Balladen om hålet i dørå" og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge. Han har mottatt Samlagsprisen (2007) og Teskjekjerringsprisen (2008) for bøkene sine. Hausten 2011 er han òg aktuell med diktboka "Sinus".
Sinus

Sinus

Arnt Birkedal

Wigestrand
2011
sidottu
Ny diktbok frå Arnt Birkedal. Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka "Balladen om hålet i dørå" og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge. Han har mottatt Samlagsprisen (2007) og Teskjekjerringsprisen (2008) for bøkene sine. Smakebit frå boka, diktet "Vår, København": Vera den einaste - ja, / det vil eg tru - / som sitt i ein dørglytt / i God Save The Kinks t-skjorte / i lett Vesterbro-rus / i skin av milde / biverknader / og les om att / Hundrad år / av Rasmus Løland. Hausten 2011 er Arnt Birkedal òg aktuell med ein roman for unge, "La stå!!".
Vamp

Vamp

Kolbein Falkeid; Ingvar Hovland; Arnt Birkedal

Norsk noteservice
2011
kierre
Inneholder tekst, noter og besifring til 83 av Vamps sanger, bl.a. 13 humler, Tir n'a noir, Kun i kveld, Månemannen og Våken drøm.
Vamp

Vamp

Ingvar Hovland; Odin Staveland; Arnt Birkedal; Eivør Pálsdóttir; Nils Ferlin; Harald Sverdrup; Kolbein Falkeid

Norsk noteservice
2010
nidottu
Heftet inneholder tekst, noter og besifring til 15 av Vamps sanger, bl.a. På bredden, Tir n'a noir, Gla i deg, Alt i orden og En annen sol.
Biblioteket på do

Biblioteket på do

Arnt Birkedal

Samlaget
2007
sidottu
Eg-forteljaren sit lange stunder på doen i kjellaren. Der les han seg langt av stad og djupt inn i fantasien, og i fantasien byggjer han ut biblioteket på do, med alkove og lesekrok, og så vidare med kinosal og utstikkarar til bakrommet i Narvesen-kiosken, åsane i Hollywood, Preikestolen og Loch Ness.
Ein halvtimes stille i himmelen

Ein halvtimes stille i himmelen

Arnt Birkedal

Samlaget
2007
sidottu
Ho var ei skjør jente, greip eg meg i å tenka. Ho var ei skjør, fjern og flyktig ei. Ho kunne bryta saman, bryta opp, kvar dag som helst. Somme tider tenkte eg at det var nok bare var eg, bare eg og kattane hennar og nokre gamle venner ho framleis bar med seg, som visste kor ny og nær, fast og fiks, blank og klar, trygg og klok, var og skjør ho var.Og at det var på tide at nokon her stod fram og sa det.Slik tenkjer guten i denne boka. Han tenkjer på jenta . mest rett over vegen. Som han ikkje har helsa på enno.Sola ligg så lågt i strøket der dei bur at det må nærma seg slutten.