Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 595 353 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Aslaug Veum

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 2 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2020-2022, suosituimpien joukossa Tekstanalyse. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

2 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2020-2022.

Tekstanalyse

Tekstanalyse

Karianne Skovholt; Aslaug Veum

Cappelen Damm akademisk
2022
nidottu
Denne boka handlar om korleis ein kan analysere sakprosatekstar kritisk, til dømes innhaldsreklame, haldningskampanjar, nettsider, avisinnlegg og tekstar i sosiale media. Forfattarane hentar teori og metodisk tilnærming frå kritisk diskursanalyse, sosialsemiotikk og pragmatikk. Dei viser korleis ein kan identifisere både språklege og visuelle framstillingsmåtar, kva funksjon dei får i tekstar, og korleis tekstar kan nyttast til å påverke og utøve makt i eit samfunn som blir stadig meir digitalt.Boka inneheld ei rekkje illustrerande analyseeksempel og forslag til framgangsmåtar for tekstanalyse i praksis. Læreplanen legg vekt på at elevar skal øve opp kritisk literacy og bli kritiske og medvetne samfunnsborgarar, og forfattarane kjem i denne boka med innspel til korleis ein kan arbeide med kritisk tekstanalyse i skulen.Denne utgåva er oppdatert med ei rekkje nye eksempel på analyse av særleg komplekse, digitale tekstar. Forfattarane viser også til ny teori og ny forsking.Boka eignar seg for lærarar i skulen, studentar og fagfolk i lærarutdanningane, i fag som norsk, kommunikasjonsfag, samfunnsfag og for andre som arbeider med å skape eller vurdere tekstlege framstillingar.
Kritisk literacy i klasserommet

Kritisk literacy i klasserommet

Aslaug Veum; Karianne Skovholt

Universitetsforlaget
2020
nidottu
Med heile verda tilgjengeleg gjennom internett er evna til å vurdere vel så viktig som evna til å finne informasjon. Kritisk literacy er nøkkelen. Denne boka handlar om kva det vil seie å ha ei kritisk tilnærming til tekst, og korleis ein kan arbeide med kritiske tilnærmingar i klasserommet. Med utgangspunkt i internasjonal teori og forsking blir kritisk literacy presentert både som ein kompetanse, eit teoretisk felt og som nokre didaktiske metodar. Boka gir ein introduksjon til feltet kritisk literacy og tilbyr verktøy og konkrete eksempel på korleis lærarar kan arbeide med å utvikle elevane sine kritiske ferdigheiter.Aslaug Veum og Karianne Skovholt er båe førsteamanuens i norsk ved Institutt for språk og litteratur, Campus Vestfold, Universitetet i Sørøst-Norge. Dei er produktive forskarar og faglitterære forfattarar med ei rekkje utgjevingar bak seg.«[L]eserne [får] servert et vell av ulike redskaper for praktisk arbeid med kritisk teksttilnærming i klasserommet [...]. Dette gir både ideer, konkrete tips og kunnskap slik at vi lærere kan bidra til at elevene får økt bevissthet om hvordan de blir påvirket av tekster og selv kan bli kritiske lesere og skrivere.» Anne Rita Feet, Bedre skole nr. 4, 2020.