Kirjailija
Edvard Hoem
Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 52 kirjaa, julkaisuja vuosilta 1992-2026, suosituimpien joukossa Der Heumacher. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.
52 kirjaa
Kirjojen julkaisuhaarukka 1992-2026.
Da ser eg han, den unge mannen som ein gong var meg.Han er på veg mot ein høg bygning i nærleiken av Majorstua i Oslo. Han har vinterfrakk på seg, for det er førjulstid og kaldt i den norske hovudstaden. I høgre hand ber han ein dokumentkoffert av svart skinn. Året er 1973, datoen er den 8. desember. Eit tynt snølag ligg på den store plassen som han skrår over for å nå hovudinngangen. Den unge mannen er lang og tynn og veg neppe meir enn syttifem kilo. Han har skjegg, og tjukt krøllet hår som når ned på skjortekragen. Han trur at han tar seg alminneleg godt ut. Til våren skal han fylle tjuefem år. Han er med andre ord ikkje blottande ung. Like fullt meiner han at livet ligg opent framfor han, og at han på mange måtar er på veg.I memoarromanen På vidvanke tar Edvard Hoem lesaren med tilbake til Oslo på 1970-talet. Han skriv om dei første femten åra som ung forfattar i hovudstaden, da pendelen svinga mellom stor suksess og dundrande nederlag og vegen heim til småbyen Molde var lang. Den gamle forfattaren har eit gjensyn med den unge, ikkje for å dømme, men for å forstå korleis tidene var, og korleis også den som er på vidvanke, kan finne djupare innsikt.
Edvard Hoem har skrive fram mektige og vakre salmer, dikt og forteljingar som har forført og berørt lesarar i alle aldrar. I denne vakre juleboka har vi samla eit rikt utval av dei som omhandlar jula, og som har i seg julebodskapen om fred, forsoning, kjærleik og fellesskap. Å, menneske, ved juletid er ei bok som eignar seg til høgtlesing og til kontemplasjon, det er ei bok som vil vere til glede og undring, og ein meiningsfull og vakker følgjesvenn inn i juletida. Med utforming av Lotta Kühlhorn.
Edvard Hoem med ny roman frå sin egen ungdomstid, om forfattarkallet, den politiske oppvakninga og gudstrua. Ung mann vil ut er ein memoarroman som går tett på eit ungt sinn og ein tidsepoke. På seinsommaren i 1963 flytter den fjorten år gamle Edvard til Molde. Han skal gå på realskulen, som det heitte da, i byen - ein småby, riktignok, men så mykje større enn bygda han flytter frå. Han er ung, og han vil ut. Meir enn seksti år seinare skriv den aldrande Edvard han fram: den unge mannens bitre nederlag, store fryd, gnagande tvil og grenselause ambisjonar. «Eg begynner ein søndagskveld i august 1963. Eg stod igjen på ein hybel i Langmyrvegen 16 i Molde etter at mor og far, som hadde følgt meg dit, hadde sagt farvel til meg og reist heim med den lokale drosjen. No skulle det verkelege livet begynne. Eg skulle bli eit menneske i den moderne verda, i mi tid, ikkje ein av mange i den lange rekka av bønder som eg stamma frå, i eit landskap der tida stod stille. Slik tenkte eg på det. Eg forstod ikkje at eg framleis var eit barn.»
Edvard Hoem med ny roman frå sin egen ungdomstid, om forfattarkallet, den politiske oppvakninga og gudstrua."Ung mann vil ut" er ein memoarroman som går tett på eit ungt sinn og ein tidsepoke. På seinsommaren i 1963 flytter den fjorten år gamle Edvard til Molde. Han skal gå på realskulen, som det heitte da, i byen - ein småby, riktignok, men så mykje større enn bygda han flytter frå. Han er ung, og han vil ut. Meir enn seksti år seinare skriv den aldrande Edvard han fram: den unge mannens bitre nederlag, store fryd, gnagande tvil og grenselause ambisjonar.«Eg begynner ein søndagskveld i august 1963. Eg stod igjen på ein hybel i Langmyrvegen 16 i Molde etter at mor og far, som hadde følgt meg dit, hadde sagt farvel til meg og reist heim med den lokale drosjen. No skulle det verkelege livet begynne. Eg skulle bli eit menneske i den moderne verda, i mi tid, ikkje ein av mange i den lange rekka av bønder som eg stamma frå, i eit landskap der tida stod stille. Slik tenkte eg på det. Eg forstod ikkje at eg framleis var eit barn.»
Fleire og fleire frå grendene langs fjorden har teke seg arbeid i byen, men har førebels ikkje råd til å få seg hus der. Så må dei reise to timar fram og tilbake kvar dag, dei reiser klokka seks og kjem heim klokka seks. Dei hadde vel tenkt at arbeidet i byen skulle bli kortvarig, til dei kom seg ovanpå økonomisk. Men oppseiingsdatoen blir satdig skuva lenger ut i ei ukjend framtid. Månadane går, åra går, framtida nlir avjord av krefter dei ikkje rår med.Fortellinga reiser fram og tilbake i tid og stad, Anna Lena ventar i byen ... EDVARD HOEM (f. 1949) debuterte med diktsamlinga Som grønne musikantar i 1969, og han har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Han er ein av våre mest elska forfattarar og vart i 2019 tildelt Brages hederspris. Dette er ei ny utgåve av Edvard Hoems fyrste roman.
Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde "Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt"."Husjomfru" fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund arbeider Julie Elisabeth dei fleste av livsdagane sine som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar måltida ved herskapets bord. Men ho får også erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen.Ut frå eit sparsamt tilfang av historiske fakta løftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida før velferdssamfunnet var ein realitet. "Husjomfru" er romanen om korleis tilfeldige avgjerder får livsvarige konsekvensar, om draumar om kjærleik som aldri vart fullbyrda, men også om eit liv fylt av meining.
Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde "Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt". "Husjomfru" fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund arbeider Julie Elisabeth dei fleste av livsdagane sine som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar måltida ved herskapets bord. Men ho får også erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen. Ut frå eit sparsamt tilfang av historiske fakta løftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida før velferdssamfunnet var ein realitet. "Husjomfru" er romanen om korleis tilfeldige avgjerder får livsvarige konsekvensar, om draumar om kjærleik som aldri vart fullbyrda, men også om eit liv fylt av meining.
På 1700-talet auka lesekunnskapane raskt i det norske folket. Aviser og religiøse skrifter bidrog til å forme offentlegheita. Korleis har samspelet mellom litteratur og politikk utvikla seg opp igjennom moderne norsk historie? Og kva plass har litteraturen i den nasjonale historia vår? I denne boka viser Edvard Hoem korleis den tidlege haugianske rørsla la grunnlaget for framveksten av ei brei norsk offentlegheit. Hoem drøftar korleis norske skjønnlitterære forfattarar har medverka til den kulturelle og politiske sjølvforståinga vår og forsøker å svare på spørsmålet om kva litteraturens oppgåve kan vere i ein global kultursfære.
I vika langt mot vest, langs haustmørk strand kjem svanene igjen, eg ser det no. Dei duvar lydlaust like attmed land og speglar seg når sjøen stig mot flo. Eg har sett pina skjera andletstrekk, eg har sett folk ta avskil utan fred, høyrt dører smelle, bilar køyre vekk, men no kjem svanene og slår seg ned. Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord, ein slik klar haustdag, vinter var på veg, eg sat og såg mot botnen av ein fjord og høyrde vengesus som nærma seg. Så vart det stille. Det gjekk mange år. No høyrer eg på nytt at venger slår. Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.
I romanen "Felemakaren" tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen "Heimlandet barndom" (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år. Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer. "Felemakaren" er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve. Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.
I romanen "Felemakaren" tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen "Heimlandet barndom" (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år. Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer. "Felemakaren" er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve. Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.
Edvard Hoem skriv denne gongen ein roman om det foreldra hans ikkje snakka om, korleis mor hans og far hans trefte kvarandre i 1945, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg i lag.Edvard Hoems far var lekpredikant og heldt i krigens år 1940-45 meir enn sju hundre møte i det han kalla Dalenes dal, Gudbrandsdalen. Mora var kokke på Fåberg pleieheim, og ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945.Ingen ville vel ha trudd at lekpredikanten og kokka ville finne kvarandre.«Mors og fars» historie handlar om at livet somme gonger tar sin eigen veg og at ingen ting blir slik som vi først hadde tenkt oss det. For denne romanen mottok Edvard Hoem Melsomprisen, og han vart nominert til både Nordisk Råds litteraturpris og Kritikerprisen.