Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 390 323 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Helga Gunerius Eriksen

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 7 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007-2021, suosituimpien joukossa Vi kjem frå havet. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

7 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2007-2021.

Vi kjem frå havet

Vi kjem frå havet

Helga Gunerius Eriksen

Samlaget
2021
sidottu
Ei jente og ein gut på ei strand ved havet. Dei kjem frå heilt ulike verder men her er dei berre barn av stjernestøv og sand. Jenta kastar seg i bøljene og sym utover Guten prøver å stanse henne, han veit at langt der ute blir det farleg, når tidevatnet dreg seg attende. Ho tek det som ein leik og sym berre fortare når han kjem fossande etter henne.
Kvadratiske konturar

Kvadratiske konturar

Helga Gunerius Eriksen

Samlaget
2021
sidottu
Gjennom subjektive innsyn/utsyn, kontrapunktiske negasjoner, politiske innvendingar og språklege tilvisinger, er ordbilde og bildespråk ordna innafor "kvadratet" i ein dialog der form og innhald spelar med og mot kvarandre.
Peri og Peti vender om

Peri og Peti vender om

Helga Gunerius Eriksen

Samlaget
2013
sidottu
Peri og Peti er to små vener som vågar seg ut i verda for å oppleve luktene og lydane der. Men brått blir det skummelt! Då gjeld det å kome seg fort bort. Helga Gunerius Eriksen har skrive og sydd denne store, vesle forteljinga om Peri og Peti. Resultatet er blitt ei perle av ei bildebok til glede for både små og store lesarar.
Påls reise

Påls reise

Helga Gunerius Eriksen

Samlaget
2009
sidottu
Tilrettelagt dokumentarbok om Pål på Hurtigrutetur . Pål er bergensar og veldig glad i hurtigruta. Hans største ønske er å reise heile den lange vegen frå Bergen til Kirkenes og tilbake igjen, saman med dei han er glad i. I bilete og tekst får vi vere med hurtigruteskipet Richard With og Pål på reisa langs heile kysten. Mykje spennande skjer på denne ferda! Dei passerer polarsirkelen, Pål blir sjøsjuk i storm, han et vikingmiddag i Lofoten og kjører hundespann i Troms og skuter i Finnmark. Boka er rikt illustrert med foto i fargar og har flott design. Påls reise har enkel tekst og enkelt innhald, og er laga i samarbeid med Leser søker bok.
Du skal vita alt

Du skal vita alt

Helga Gunerius Eriksen

Samlaget
2009
sidottu
Donna har fått dottera Josefine, og faren er José, han som Donna trefte på ferie på Mallorca. Men ho har ikkje hatt kontakt med han sidan, og han veit ikkje at han er blitt far. Når sommaren no nærmar seg, blir Donna igjen invitert av vennene til Mallorca. Ho får hjartebank: Vil ho møte att José? Kva vil i så fall skje? Vil ho fortelje at han er barnefaren? Boka er skriven som ei rekkje brev til dottera Josefine, slik at ho ein dag skal få vite alt som har skjedd mellom Donna og José. Boka er ein oppfølgjar til Eg er på veg (2006).
Flugepapir

Flugepapir

Helga Gunerius Eriksen

Samlaget
2007
sidottu
Bente fortel i klassen at ho har ei tam fluge, når alle skal fortelje om kosedyr og levande kjæledyr. Fluga kan gå på veggene og opp ned i taket. Bente har fått hjelp av bror Birger til å fange fluga, som får namnet Marte, og no vil Bente lage flugefest på rommet sitt.
Komme og gå

Komme og gå

Helga Gunerius Eriksen

Samlaget
2007
sidottu
Ein liten gut har stukke heimanfrå fordi mor var sint, og han går og går og ser og ser, til han brått kjenner seg både bortkommen og einsam. Heldigvis er det nokon som er ute og leitar, kanskje etter han? Ei biletbok med svart-kvitt foto frå ein drabantbyskog.