Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 595 353 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Helge Torvund

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 21 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007-2025, suosituimpien joukossa Vegar ut til alle kantar. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

21 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2007-2025.

Vegar ut til alle kantar

Vegar ut til alle kantar

Rasmus Løland; Arne Garborg; Helge Torvund; Terje Torkildsen; Gaute M. Sortland; Tore Renberg; Oda Malmin; Siri M. Kvamme; Edmund Austigard; Arnt Birkedal; Inger Bråtveit; Kristin Auestad Danielsen; Heidi Hjorteland; Odveig Klyve

Wigestrand
2020
nidottu
Faktisk vil han heller døy enn å vere til bry. Frå «Sansen for det søte», Siri M. Kvamme Grevinneheng har ho også. Dei må då minst vera ti centimeter, ... Frå «Naken» Heidi Hjorteland. Vi øver oss på å ikkje røra kvarandre, å halda avstand, ... Vi slår på radioen og høyrer at verda har feber. Frå «Ein dag vil vi gløyma», Odveig Klyve Blei det någe i bilen, då? spør han eine. Å ja, seier Kjatti. Full pakke, smiler Kjatti ... Frå «Den lange vegen inn til Stavanger by», Kristin Auestad Danielsen ... han har smugla på alskens saker og ting, og triksa med forsikringa ... Frå «Julebrev frå Oddemann på Neset», Tore Renberg Me må jo pynta oss litt når mannfolkå komme, sa ho og smilte med heile fjeset. Frå «Blondinefabrikken», Terje Torkildsen Her er språkkraft og skaparkraft, og her er alvor, humor, fantasi og realisme i god blanding. Det er berre å la seg riva med!
Ord på jord

Ord på jord

Helge Torvund

Magikon Forlag
2025
nidottu
Denne boka kan hjelpa barn til å koma i gang med å skriva dikt. Og den kan hjelpa vaksne som vil skriva dikt saman med barn til å finna ein morosam og leikande måte å gjera dette på. Forfattaren fjernar det høgtidelege og hemmande kring ‘diktet’ og får oss til å forstå at det å sleppa fantasien og det forunderlege fri, kan gi barna nokre gode stunder saman med orda på jorda. Boka er rikt illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Bildene saman med ei rekkje nyskrivne dikt gjer at denne sakprosa-boka også kan gje lesaren visuell glede og skjønnlitterære opplevingar.
Løyndomsfuglar

Løyndomsfuglar

Helge Torvund

Solum Bokvennen
2024
sidottu
Ved første augekast verkar Løyndomsfuglar som ei vanleg fuglebok, men Helge Torvund leier straks lesaren inn på uventa vegar gjennom visjonar, spontane innfall, folklore, eventyrlege fablar, spesifikke skildringar av unntak, imaginære sanningar og openberre motsetjingar. ‘Patafysikken vart skapt av den franske forfattaren og dramatikaren Alfred Jarry i 1893, og vart definert som «vitskapen om imaginære løysingar». I korte prosastykke bruker Torvund vanleg ornitologi som utgangspunkt for ei overflod av ‘patafysiske observasjonar av verda, tekstar som kan minna om litterære storleikar som Jorge Luis Borges og Italo Calvino. Boka hentar illustrasjonar frå det klassiske verket Svenska foglar etter naturen och på sten ritade (1917–1929) av Magnus, Wilhelm og Ferdinand von Wright.
Opnar døra i språket og går ut

Opnar døra i språket og går ut

Helge Torvund

Aschehoug
2023
nidottu
Ein eldre mann opnar døra der han bur ved havet og trår ut på trappa, ut i språket og i lufta som dirrar av lys og lukter. Kvar dag betraktar han verda rundt, kjenner at livet er godt, men slett ikkje ei sjølvfølgje. Ikkje lenger. Noko tenkjer du med språk, anna berre opplever du med ordlaust medvit. Nokre livserfaringar set du ord på, medan nokre vert verande utanfor språket, saman med rådyra og furutrea, elvevatnet og marehalmen.«Helge Torvund skriver tankevekkende og inspirerende og han er utvilsomt ei musikalsk sjel (...) Helge Torvund har mye å fortelle mange.» Tor Hammerø, Nettavisen (Terningkast 5)«Poesien hans er ein måte å leve sansande på. I årets bok er det som om poeten på ny er komen attende til verda. (...) Variasjonen i boka er stor. Forunderlege, draumeliknandebiletevekslar med barneaktige regler, varsame antikrigsdikt og dikt som reflekterer over skrivekunst, bilet- og skulpturkunst.» Sindre Ekrheim, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5)«Ein som alltid har balansert kvalitet med lesbarheit, er Helge Torvund. (...) Det er ei fin samling dette her, prega av ein tryggleik i møte med tilværet som eg meiner mange vil finna seg vel til rette med. Dikta til Torvund er som alltid prega av fin pust, fin rytme. Og av ei sterk tru på at språket kan bera det som i utgangspunktet kan verka banalt eller patetisk.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen
Til mor

Til mor

Helge Torvund

Jæren Forlag
2022
sidottu
«Til mor» inneholder tilbakeblikk på det å være mor og husmor på 50-tallet. Forfatteren har skrevet boka som en dialog med sin for lengst avdøde mor, og her er prosa og lyrikk som hyller arbeidet som disse husmødrene gjorde. Gjennom den dypt personlige formidlingen til Torvund får tidsepoken liv for leseren, og vil garantert vekke minner om en tid som virker fjern i dag, men som mange fremdeles husker. Helge Torvund er en av Norges fremste poeter og forfattere. Han har gitt ut rundt 55 bøker, og vunnet mange priser for sitt forfatterskap. Forfatter Peter Strassegger har lest manus, og sier dette: ««Til mor»av Helge Torvund er ei unik bok der ein aldrande forfattar og son ser tilbake på livet sitt, og på kva mora hans har gjeve han av visdom, innsikt og kjærleik. Det er ei unik tidsskildring av ei tid som er forbi, men der varmen frå denne eine mora framleis heng i og gjer seg gjeldande i orda til poeten Torvund i dag. Dette er ei bok for alle som ein gong har hatt eller framleis har ei mor dei er glad i, og ein av dei finaste kjærleikserklæringane frå ein son til ei mor eg har lese.» Peter F. Strassegger Til alle mødre i Norges land. Perfekt gave til mor!
Vivaldi

Vivaldi

Helge Torvund; Mari Kanstad Johnsen

The New York Review of Books, Inc
2019
nidottu
A moving story for any child who has felt lonely, worried, or anxious and found solace in friendship with a beloved pet. Summer is here and Tyra spends many happy days lying in the warm grass with her new cat, Vivaldi. What could be better than staring up into the blue sky with a purring kitten on your tummy? But soon it's September, and while getting her backpack ready for the first day of school, Tyra feels everything she is going back to and a hard painful lump forms in her throat. School is a place of no words for Tyra, a place where the girls stare at her and stop talking when she walks by, a place where she feels completely alone. Only music can put an end to this feeling, music and her cat. Maybe, just maybe, things will be different this year now that it's not Tyra alone anymore, but Tyra and her cat. Vivaldi is a book for anyone who's ever felt alone, anyone who's ever worried or been anxious, and anyone who knows what a difference one friend can make.
Livsfylde; betraktningar frå ei nysgjerrig sjel
Betraktningar frå ei nysgjerrig sjel. Med eit vakent blikk og eit nysgjerrig sinn betraktar Helge Torvund både det vanlege og det uvanlege. Tause ting som stein og tre har her fått sin talsmann. Han kan overraska lesaren med å snakka varmt om kunsten å ikkje vita, og brukar mange ord for å få oss til å innsjå at det er godt å teia og å vera i stilla. I denne boka drøftar han kva som gjer at ein kan få kunst på resept, og kvifor det å trøysta folk kan vera så vanskeleg. Med levande språk og umetteleg kunnskapstørst har psykologen funne fram til mindre kjent forsking og heller uvanlege terapiformer, medan poeten skildrar likskapen mellom kjærleik og dikting; han hevdar at begge delar dreier seg om å finna ein heim. Boka inneheld ei variert blanding av tema, der ein like gjerne finn artiklar om humor og hygge, som artiklar om korleis skadar og sår kan vendast til skapande aktivitet. Det felles bakteppet for desse betraktningane er korleis det å vera nysgjerrig på kva som ligg bak det som omgjev oss og skjer med oss, kan føra til større livsfylde.
Filosofisk

Filosofisk

Helge Torvund

Wigestrand
2017
nidottu
Nå kommer Helge Torvunds illustrerte aforismer i samling; filosoFISK - Vol.1. Boken tar utgangspunkt i nettestedet med samme navn http://filosofisk.no Dersom Skøyarstreken har sin plass, og Genistreken har ein annan plass, så finst det nok ein plass midt mellom desse, der min strek bur. På denne staden er det ei bukt. Og der har eg stranda. Dersom ein sit litt der, på ein stein, på ein kasse eller på eit flygande teppe, så kan ein høyra lyden av ei strand som klappar. Det er den lyden eg håper du òg skal høyre, nå når eg har sett strek og du har kjøpt denne boka. Men ikkje bli lei deg dersom du ikkje høyrer noko som helst. Du har sikkert bare gløymt å skru opp lyden. Eller så er det ikkje ei lydbok du har kjøpt. Lyd er oppskrytt. Då kan du bruka denne stranda til litt stille lengde. Så stille som det er på denne stranda, er så langt som du kan koma. Ser du eit stykke rekved, så løft på den. For under den kan du finna det underfundige. Ser du eit gåtefullt spørsmålsteikn, så legg det til sides. Det kan svara seg. Ser du ein gammal mynt, så ta han opp. Det kan fort betala seg. Og når du har betalt for denne boka, skal eg setja to strekar under svaret. Helge Torvund (f. 1951) er lyrikar, barnebokforfattar og psykolog.m Han debuterte i 1977 og fekk Nynorsk Litteraturpris i 1989. Dei siste diktsamlingane har kome i fleire opplag og fått mykje positiv omtale, og for «Alt Brenner» fekk Torvund Wildenveys Poesipris i 2016. Han har fungert som hovudmeldar av lyrikk for Dagbladet. Han er òg kjent som Diktlærar ved den nettbaserte skriveverkstaden Diktkammeret. Helge Torvund bur på Ogna i Rogaland.
The sudden cats

The sudden cats

Helge Torvund

Magikon Forlag
2013
sidottu
Tomas og Tore kommer på besøk til morfar for å spise pannekaker, høre på de gamle rockeplatene hans og spille skranglerock sammen. Mens de spiser, skjer det noe veldig merkelig som aldri har skjedd før: morfar blir plutselig til en katt! Det er jo ganske morsomt, men byr også på noen nye utfordringer. For eksempel må de ta oppvasken selv, og da de går tur, blir morfar jaget høyt opp i et tre av en stor hund. En dag blir de spurt om å spille konsert for hele bygda på den store byttedagen i idrettshallen. Det sier de ja til, men har verken nok låter eller noe navn. Og hvem vet om morfar plutselig kan komme til å bli til en katt igjen. Boken ble i 2014 nominert til Kulturdepartementets bildebokpris og fikk sølv i Årets vakreste bøker.
Vivaldi

Vivaldi

Helge Torvund

Magikon Forlag
2011
sidottu
Tyra er ei jente som ikke har det bra på skolen. På skolen har hun sluttet å snakke, men de andre snakker om henne. Og de sparker henne. Og de ser på henne med Krympeblikket. Da blir Tyra veldig liten. Men hjemme har Tyra det bra, og en dag får hun en kattunge. Noe endrer seg, hun er ikke bare Tyra lenger, hun er Tyra og katten. Dette er en bildebok for litt eldre barn om mobbing. På en poetisk og vakker måte skildrer den et barns opplevelse av en vond hverdag, og begynnelsen på veien ut av den.
Salt

Salt

Helge Torvund

Samlaget
2011
nidottu
Torvund (f. 1951) debuterte i 1977 med diktsamlinga "Hendene i byen". "Salt" er hans femtande diktsamling. Det er ei bok med mange kjærleiksdikt gjerne til Jærlandskapet. Dikt om billedkunst og litteraturopplevingar, dikt til venner og kollegaer, dikt til ein nordafrikansk by og til kvinneleppene på japanske tresnitt.
Til fots i mitt namn

Til fots i mitt namn

Helge Torvund

Samlaget
2011
nidottu
Denne jærbuen, som debuterte i 1977, har gjort seg kjend som ein av våre markante og biletsterke lyrikarar. Eigenskapen av språk og sansing, tanke og kropp er kanskje klarare enn nokon gong i denne diktsamlinga. Her er ord samanføydde med brusk i ein virvel, rytme som ei varm hand imot kneet og berrhovda setningar tette som hår. Uventa utsikter opnar seg frå toppen av eit sandkorn, mot appelsinforma gleder og brutalitet, mot depresjonsmusikk og søyler av vellyst.
Fantasiblikket

Fantasiblikket

Helge Torvund

Wigestrand
2008
sidottu
I Fantasiblikket møter me Petra som tenkjer i bilete og ikkje med bokstavar. Ho hatar å lesa og mistrivst i klasserommet. Ein dag kjem den mystiske Multi rett inn gjennom vindauget hennar og fortel at han reiser rundt og lærer folk å lesa. Kan han hjelpa Petra? Me ser at Petra kan bruke tenkemåten sin til andre ting enn å lesa, men får også sjå kva som skjer i det magiske klasserommet som Multi lagar. Forfattaren Helge Torvund er psykolog og har tidlegare skrive om arbeidet sitt med barn med ulike vanskar. Han er mest kjend som poet og diktlærar for Dagbladet.no, men har skrive fleire illustrerte barnebøker.
Sjelsord: om terapi, poesi og hypnose
Forfattaren tek for seg forholdet mellom poesi og terapi, og om erfaringer med å nytta ord for å framkalla hypnotisk transe i terapeutisk samanheng. I granskinga av samspelet mellom poesi og hypnose viser han at moderne poeter nyttar både gamle og nye verkemiddel i dikta. Den raude tråden i boka er det som får mennesket til å ty til ordet. Forfattaren fokuserar på dei ordmøta der menneske er i endring, der forløysande ord kan skapa meir oversikt over det ein opplever, og der orda opnar nye sjelelege landskap. Forfattaren beskriv boka som eit forsøk på å visa at ein kan øva seg opp til å innta ei haldning som lettare opnar augeblinken for nærleik. Har litteraturliste.