Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 152 606 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Idar Lind

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 6 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007-2014, suosituimpien joukossa Drakeblod. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

6 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2007-2014.

Vinsjan på kaia

Vinsjan på kaia

Idar Lind

Norsk noteservice
2014
sidottu
Idar Lind har skrive songtekstar gjennom mer enn førti år. Boka "Vinsjan på kaia" innehold på den eine sida manga av desse songane, på den andre sida artiklar med utgangspunkt i samanhengane dei er skrivne for. Vi får eit tilbakeblikk på det mangfaldige visemiljøet frå 1960-talet og framover, og eit gløtt inn i den meir enn hundreårige revytradisjonen i Studentersamfundet i Trondheim. Samarbeidet med D.D.E. førte Idar Lind inn i musikkbransjen, der hav vart kjent med mange historier om husmannskontraktar for opphavsmenn innafor populærmusikken. Og trådane blir trekte frå det radikale musikkteatret rundt 1970 og fram til notidas livskraftige spelaktivitet landet over.
Kvinnene i Rinnanbanden

Kvinnene i Rinnanbanden

Idar Lind

Samlaget
2012
pokkari
Av drygt 70 medlemmer i Rinnanbanden, var meir enn ein femdel kvinner. Kvinnene var ikkje berre "lokkeduer", men var på same vis som mennene kurerar, agentar, angivarar, provokatørar, infiltratørar og spionar. Tretten kvinner vart dømd for medlemskap i Rinnanbanden. Denne boka fortel deira historie. Har oversikt over bandemedlemmar, litteraturliste, person- og sakregister.
Kvinnene i Rinnanbanden

Kvinnene i Rinnanbanden

Idar Lind

Samlaget
2011
sidottu
Av drygt 70 medlemmer i Rinnanbanden, var meir enn ein femdel kvinner. Kvinnene var ikkje berre "lokkeduer", men var på same vis som mennene kurerar, agentar, angivarar, provokatørar, infiltratørar og spionar. Tretten kvinner vart dømd for medlemskap i Rinnanbanden. Denne boka fortel deira historie. Har oversikt over bandemedlemmar, litteraturliste, person- og sakregister.
Norrøn mytologi; frå a til å
Eit alfabetisk oppslagsverk om norrøn mytologi. Her finn du dei kjende og ukjende namna, stadene og omgrepa innanfor den norrøne mytologien. Bokmålsformer, alternative nynorskformer og norrøne/islandske former er tatt med. Boka viser kva for mytar og norrøne tekstar dei ulike oppslagsorda er henta frå. For mange av orda er det òg informasjon om det språklege opphavet og moglege tolkingar.
Drakeblod

Drakeblod

Idar Lind

Samlaget
2007
sidottu
Dughlas er historieforteljar, men han er også tjuv. Derfor blir han jaga gjennom natta, ut på sletta der ingen levande må gå. Her står steinkjempene - her ligg den gamle gravhaugen. Her strekker usynlige trådar seg til ei anna tid, til ei anna verd og til ei to tusen år gammel historie. Dette er tredje boka i denne serien. Dei to første fortalde korleis Geirr og Symre fann den raude steinen Drakeblodet, og vi fekk høyre om møtet med den skeivøygde sjamanen Oter og om reisa til Åsgard, der dei gamle gudane bur. No blir også desse tre ein del av historia om den siste dronninga.