Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 192 366 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Ingvild Holvik

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 5 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2010-2024, suosituimpien joukossa Ingenmannsland. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

5 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2010-2024.

Ingenmannsland

Ingenmannsland

Ingrid Senje; Solfrid Sivertsen; Hilde Myklebust; Ingvild Holvik; Rønnaug Kleiva; Sigrid Merethe Hanssen; Lars Petter Sveen; Marit O. Kaldhol; Vidar Kvalshaug

Samlaget
2020
sidottu
Korte forteljingar som blir verande lenge i lesaren. Eit elskande par hamnar på sjøen, ei kvinne tar seg av den aldrande mor si og prøver å finne kjærleiken samstundes, ein gut er redd for å bli eit monster i løpet av natta, ei kvinne ber den døde hunden sin gjennom skogen for å finne ein gravstad. Novellene i «Ingenmannsland» handlar om utroskap, angst, kjærleik og lengt, men òg om kampen for tilværet, utanforskap og radikalisering. Her er realistisk samtid og dystopisk framtid. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen, som aldri har stått sterkare enn i dag. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Dei som bidrar, er blant våre fremste forfattarar: Marit Kaldhol, Ingvild Holvik, Sigrid Merethe Hanssen, Vidar Kvalshaug, Solfrid Sivertsen, Hilde Myklebust, Rønnaug Kleiva og Lars Petter Sveen. Boka presenterer òg ein debutant, Ingrid Senje. «Ingenmannsland» er første utgåve i den årlege novelleantologien «Nye nynorske noveller».
Reiret (arbeidstittel)

Reiret (arbeidstittel)

Ingvild Holvik

Samlaget
2024
sidottu
Gry jobbar i kantine, men har ein draum om å komme inn på Forfattarstudiet i Tromsø. Målet er å skrive noko meir meiningsfullt enn dagboknotat frå eit uforløyst liv. Og då ho reiser heim til Bergen i gravferda til farmora, tar minne frå oppveksten overhand. Dei sildrar inn i både søknadsteksten og dagboknotata. Saman med søstera blei ho send på kristne sommarleirar, ho hadde ei stor frykt for Satan, og som vaksen kjenner ho sterk ambivalens i møte med alt av kristendom. Så kva skal ho gjere med at han ho er gift med no, ber kveldsbøn med barna deira? Sa ikkje han at tru var noko personleg, noko ho ikkje trong å bekymre seg for? Og har ho kanskje tatt feil av Satan?I Reiret (arbeidstittel) møter vi Gry gjennom dagboknotat og hennar skjønnlitterære forsøk i søknadsteksten til forfattarstudiet. Det er ein roman om oppvekst og bustad og om korleis kristen forkynning kan prege eit barn.
Ho er fri

Ho er fri

Ingvild Holvik

Samlaget
2020
sidottu
Om å bli igjen når alle andre drar. Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige, der sjansen for å tene til opphald for livet er betre. Avgjerda om å bu i kvart sitt land har tvinga seg fram av rein naud, og frustrasjonen ved å vere så langt frå kvarandre på ubestemt tid blir ein del av kvardagen. Er det i det heile realistisk å samle familien igjen, så lenge kampen for tilværet her og no et opp trua på framtida? Med truverdige skildringar og språkleg kontroll lar Holvik oss komme tett innpå karakterane og miljøet og lar oss kjenne desperasjonen som mange i Europa dagleg kjenner på kroppen. «Ho er fri» er ei gripande livsskildring, smart tenkt og usentimentalt utført. FRÅ BOKMELDING: "Holvik motvirker enfoldet - og skriver med sjeldent høy kvalitet" Jonas Bals, Klassekampen
Lykkefeltet

Lykkefeltet

Ingvild Holvik

Samlaget
2011
pokkari
Stine er heime hos faren i Bergen for å passe på søstera Gry. Gry skulle eigentleg ha vore i Tromsø, men faren er redd for at ho skal gjere seg noko. Stine skulle eigentleg ha konsentrert seg om eksamen, men søstera sitt liv er tross alt viktigare. Dette er forfattarens debut.
Lykkefeltet

Lykkefeltet

Ingvild Holvik

Samlaget
2010
sidottu
Stine er heime hos faren i Bergen for å passe på søstera Gry. Gry skulle eigentleg ha vore i Tromsø, men faren er redd for at ho skal gjere seg noko. Stine skulle eigentleg ha konsentrert seg om eksamen, men søstera sitt liv er tross alt viktigare. Dette er forfattarens debut.