Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 595 353 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Mads Rage

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 4 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2018-2022, suosituimpien joukossa Tre vener og ein dum ting. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

4 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2018-2022.

Slutten på historia

Slutten på historia

Siri Økland; Kjersti Rorgemoen; Gaute M. Sortland; Siv Østrem Peersen; Endre Tveit; Therese Bakkevoll; Mette Karlsvik; Mads Rage; Frode Grytten

Samlaget
2022
sidottu
Gåtefulle forteljingar. I ein hage møtest to gamle kjende som kanskje ikkje kjenner kvarandre likevel. I luftrommet over Himalaya veit ein pilot at tap av kontroll kan få fatale følgjer. Utstasjonert på dei aude kasakhstanske slettene stoppar ein mann ut eit ekorn han har tenkt å gi vekk som kjærleiksgåve. På Nordic Noir-fabrikken produserer dei bestseljande kriminallitteratur under elendige arbeidsvilkår. Novellene i «Slutten på historia» er prega av underliggjande uro, impulsar ein ikkje rår over, minne som sviv, og noko gåtefullt som skurrar i det ytre eller det indre. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av Frode Grytten, Gaute M. Sortland, Mette Karlsvik, Mads Rage, Siv Østrem Peersen, Kjersti Rorgemoen, Siri Økland og Endre Tveit. Boka presenterer òg ein debutant, Therese Bakkevoll. «Slutten på historia» er tredje utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Tre vener og ein dum ting

Tre vener og ein dum ting

Mads Rage

Samlaget
2020
sidottu
God venskap, ei rifle og store mengder heimebrent. Tre vener skal preika skit og drikka sprit og spela Playstation for alltid, og det skal ingenting få øydeleggja. Men så skjer ein dum ting, nemleg at to av venene greier å skyta hovudet av den tredje og berre med eit naudskrik greier å lappa han saman att ved å ty til det dei har for handa, som er ein gammal båtradio. Dette fungerer fram til det syner seg at dei har gløymt å tenkja på noko viktig, og dermed vert den uheldige ståande fast i ein naustvegg, medan ein av dei andre må leggja ut på ein hasardiøs biltur for å ordna opp, og etter kvart vert venskapen sett på prøve. FRÅ MELDINGAR: «Rage skriver fram drittværet så leseren føler på kroppen hvordan det er å leve der, på Skrotneset, denne plassen som blir .grundig nedpissa av sideregn.» Thomas J.R Marthinsen, BLA «Det er slike skjøre erkjennelser at uopprettelige hendelser inntreffer i livet som gir romanen en uventa dybde. Og det er denne evnen til å ta sitt toskete premiss på alvor, kombinert med Rages til tider svært slående billedspråk, og viljen til å tøye romanformen, som gjør 'Tre vener og ein dum ting' til en sterk bok. Dessuten er den en viktig påminnelse, i et jevnt over alvorlig boklandskap, om hvor frigjørende en god latter kan være.» Even Teistund, Klassekampen «Her er en medrivende lek med sideordninger og opphopning av konjunksjoner, rader av ord uten tegnsetting og pustepauser, og med en forførende, besnærende rytme og flyt som leseren fort suggereres inn i.» Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad
Miklastaur

Miklastaur

Mads Rage

Samlaget
2019
sidottu
Ellevill soge med alvorleg undertone. Emmanuel Miklastaur kjem til verda i ei altfor lita bygd og med eit altfor stort problem: Han er så velutstyrt frå naturen si side at mor hans blir riven i hel under fødselen. Kort tid etter døyr faren av sorg, og Emmanuel veks opp hos dei livstrøytte besteforeldra sine med ein drikkfeldig hest til bestevenn. Sidan han er flau over skavanken sin, nyttar han fritida til å streife omkring for seg sjølv medan han fører inn opplevingane sine i kladdebøker. At han kjem til å utrette noko i livet, finst det ikkje ei sjel i bygda som har tru på. Men det skal han. Det liknar berre ikkje noko dei har sett før. «Miklastaur» er ein burlesk roman om sosial utstøyting og konsekvensane som følgjer, om å slitast mellom krav frå omgivnadene og trongen til å følgje sine eigne kjensler, kvar enn det måtte bere.
Og skipet siglar vidare

Og skipet siglar vidare

Mads Rage

Samlaget
2018
sidottu
Eit skip siglar på fjorden, ein dokter lagar medisin som skal halda mannskapet friske. Døyr nokon, vert dei sveipte i fiskeskinn og gravlagde i vatnet med ei bok liggande på brystet. Etter sistemann som fór den vegen har Poll overteke vaskejobben på skipet. Under vaskinga av kapteinens kahytt finn han ein nøkkel som passar i kista under køya. Der ligg bøkene. Poll har aldri rørt ved ei bok før, men brått lokkar dei så underleg på han. Handlinga er lagt til eit skip i ei postapokalyptisk tid. Mannskapet blir fødde på skipet, veks til og døyr der. Dei har ingen tankar om at det finst andre menneske eller stadar i verda. Mads Rage skildrar dette universet med stor overtyding og språkleg overskot. Og skipet siglar vidare er ein roman om søken etter meining i livet.