Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 390 323 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Magnhild Bruheim

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 22 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007-2019, suosituimpien joukossa Den nye jenta. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

22 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2007-2019.

Svart arv

Svart arv

Magnhild Bruheim

Samlaget
2007
nidottu
"Dersom historia Karine Mollurd fortalde, var sann, måtte folket hennar hatt ein faen så god grunn for ikkje å oppspore han tidlegare. Han hissa seg plutseleg opp ved tanken på at dei hadde latt han i stikken i så mange år. Dei hadde sete trygt med familieeigedom og visst om at det fanst ein som ikkje hadde fått sin del. Ein som vart fornekta! Hadde det ikkje vore for Karine Mollurd, hadde han fått gå gjennom resten av livet like uvitande. Men kvifor hadde ho bestemt seg for endeleg å ta kontakt? Dette handla om meir enn arv, det kjende han seg sikker på. Kva var det ho ville bruke han til?" Med vantru høyrer Sjur Tveit ei ukjent kvinne fortelje at ho er tanta hans, og at han har utsikter til ein større arv. Tanta, Karine Mollurd, fortel at farmora hans nettopp er død, og at testamentet snart skal gjerast kjent. Sjur Tveit reiser til bygda og til garden Mollurd. Dagen etter blir ein familiemedlem funnen drepen. Familieforholda er gjennomsyra av hat og vondskap og ulykkelege lagnader, og det ligg mange løyndommar skjult i historia deira. Lensmann Mons Strand etterforskar saka.
Ny melding

Ny melding

Magnhild Bruheim

Samlaget
2007
pokkari
Kari Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Ho blir meldt sakna etter at ho ein kveld går heim frå bussen saman med ein ukjend gut. Men snart begynner venninna, Bente, å få tekstmeldingar frå telefonen til Kami. Er det Kami sjølv som sender dei, eller er det andre som bruker telefonen? Har ho rømt frivillig, eller blir ho halden som fange? .Billigbokutgåve.