Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 595 353 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Mette Karlsvik

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 16 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2008-2024, suosituimpien joukossa Pol. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

16 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2008-2024.

Pol

Pol

Mette Karlsvik

Samlaget
2008
sidottu
Tommine er nitten år og går mot straumen. Medan dei andre flyttar til Kristiansund, vil ho vere ein anonym og rotlaus student i Bergen. Ho blir venn med Pola Hopmark som også kjem frå Smøla. Saman flytter dei inn i eit kollektiv og bestemmer seg for å gå fottur i Stølsheimen i lag. Romanen vekslar mellom fjell og glashus, sjø og sjøbadet, familieliv og det ålmente.
Året har tretten netter

Året har tretten netter

Mette Karlsvik

Samlaget
2024
sidottu
Ærleg om begjær og sårbarheit. Mette matchar med M. Han viser straks interesse, og ho kan ikkje tru at ein som han ser noko i henne. Når den leikne og uforpliktande relasjonen på SMS går over i fysiske møte, aukar denne usikkerheita. Likevel gir Mette seg heilt over. Ho er hekta og har ingenting å miste. Sjølv når M begynner å trekke seg tilbake, tenker ho at det er no eller aldri. I «Året har tretten netter» møter vi Mette gjennom søvnlause netter, i førebuingar til møte, i analysar av meldingstrådar, samtaler og eigen veremåte, gjennom kvardagar der alt dreier seg om M. «Året har tretten netter» handlar om tillit og sårbarheit, og om å miste seg sjølv. Det er ein ærleg og direkte roman om eit oppslukande, desperat begjær.
Surtsey

Surtsey

Mette Karlsvik

Samlaget
2022
sidottu
Kreftene i naturen og menneska. Det er jonsok på den islandske øya Heimaey, og ungdommane feirar på Tollbua. Soley kjem i prat med Vidar, og i hamna finn dei ein båt som dei seglar ut på havet med. Å vere to i same båt er nytt og rart, men når sterke naturkrefter blir sleppte laus under dei, kan dei ikkje lenger gøyme seg for kvarandre. Dei må dele på å vere sterke og svake i ei natt som kan bli deira siste. «Surtsey» handlar om forskyvingar i natur og menneske og om kontinentaldrift og famlande kjensler.
Slutten på historia

Slutten på historia

Siri Økland; Kjersti Rorgemoen; Gaute M. Sortland; Siv Østrem Peersen; Endre Tveit; Therese Bakkevoll; Mette Karlsvik; Mads Rage; Frode Grytten

Samlaget
2022
sidottu
Gåtefulle forteljingar. I ein hage møtest to gamle kjende som kanskje ikkje kjenner kvarandre likevel. I luftrommet over Himalaya veit ein pilot at tap av kontroll kan få fatale følgjer. Utstasjonert på dei aude kasakhstanske slettene stoppar ein mann ut eit ekorn han har tenkt å gi vekk som kjærleiksgåve. På Nordic Noir-fabrikken produserer dei bestseljande kriminallitteratur under elendige arbeidsvilkår. Novellene i «Slutten på historia» er prega av underliggjande uro, impulsar ein ikkje rår over, minne som sviv, og noko gåtefullt som skurrar i det ytre eller det indre. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av Frode Grytten, Gaute M. Sortland, Mette Karlsvik, Mads Rage, Siv Østrem Peersen, Kjersti Rorgemoen, Siri Økland og Endre Tveit. Boka presenterer òg ein debutant, Therese Bakkevoll. «Slutten på historia» er tredje utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Meieriet

Meieriet

Mette Karlsvik

Samlaget
2019
sidottu
Kan ein leve som kunstnar og vere forelder? På eit kunstnaropphald i eit ombygd meieri på Island møter Beate Kjell, som ho blir gravid med. Kva slags livsendringar vil det å bli mor innebere, og kva slags mor kan ho greie å vere? «Meieriet» er ei lågmælt og kjenslevar forteljing om å slitast mellom lengsel etter nærleik og behovet for å vere åleine, om frykta for fødselsdepresjon og for at kunsten skal bli industri. Den ærlege og sårbare forteljarstemma set ord på kjensler som vanlegvis ikkje blir kommuniserte, når Karlsvik skildrar vegen frå graviditet til barseltid.
Kjøt

Kjøt

Mette Karlsvik; Tord Torpe

Magikon Forlag
2018
nidottu
Ho er mellom skule og jobb, og vandrar i marka, som er mellom Oslo og urskog. Men kven er han som bur i hytte og jobbar på baren i byen?
Mørkerom

Mørkerom

Mette Karlsvik

Samlaget
2017
sidottu
Om å finne tilbake til fortida og til seg sjølv. Mørkerom handlar om Mette, som gjennom fotografi og minne forsøkjer å gå inn i si eiga fortid - og vidare inn i fortida til faren. Då faren døydde så altfor tidleg av sjukdom, mista ho blikket som gjorde henne til den ho var: Det å ikkje lenger bli sett skapte store endringar. Er det mogleg å finne attende til den ho var i blikket til faren? Kanskje må ho bryte gjennom dei idealiserte bileta ho har skapt av faren? Det å rekonstruere historia til faren kan vere ein veg til å finne fram til seg sjølv. Mørkerom er ein roman om å sjå og bli sett, om minne, identitet og familierelasjonar, og om ein far som var flygeleiar, men også lidenskapeleg oppteken av å fotografere.
Varmá

Varmá

Mette Karlsvik

Samlaget
2016
sidottu
Om rørslene i det islandske landskapet og i menneska som lever der. Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, reinsdyr importerte frå Noreg beitar, det blir sett i gang treplanting, og plantasjar blir bygde. Men dette området har eit skiftande humør, det kan kaste om på seg, lage nye elveløp, nye utspring. Lesaren blir vitne både til kreftene som bur under bakken, og til kreftene som bur i menneska, når Gerd frå Noreg treffer den islandske bondesonen Ingolfur. Varmá er ein roman om menneska som bur i området langs elva. Det handlar om slekters gang, om å skape sitt eige liv i det ein har arva, og om å leve nær på naturen.
Den beste hausten er etter monsun

Den beste hausten er etter monsun

Mette Karlsvik

Samlaget
2014
sidottu
Sikkimsdalen i Himalaya. NATO har erstatta det britiske imperiet. Med vid utsikt frå cockpiten reflekterer jagarpiloten Venor over si rolle i storpolitikken. Ikkje langt frå basen bur tebonden Pasi. Hans blikk er retta mot dei nære tinga, mot grønsaker og teplanter. Hans mål er å få dei til å vekse, trivast - og smake godt. Gjennom å skildre alt fra dei høgste, tynnaste luftlaga til dei minste minerala i jorda, utforskar Karlsvik personlege og nasjonale relasjonar. Ho let kvardagen til menneska i Sikkim spele seg ut mot ein global bakgrunn, og viser korleis politiske, økologiske og militære forhold er ein del av dette dagleglivet.
K. Mustermann

K. Mustermann

Eivor Vindenes; Simon Stranger; Per Olav Kaldestad; Mette Karlsvik; Lina Undrum Mariussen; Audun Mortensen; Kjersti Annesdatter Skomsvold; Terje Thorsen; Olav Marius Øyehaug; Knut Nærum; Ingeborg Arvola; Gro Dahle

Magikon Forlag
2014
sidottu
Mange har sett navnet K. Mustermann på en ringeklokke, men få vet hvem han eller hun er. K. Mustermann er det dummy-navnet firmaet Siedle setter på sine ringeklokker. Ofte blir navnet stående lenge, så det kan se ut som det bor mange K. Mustermann i en bygård. I denne boken fabulerer kunstneren Øivin Horvei om hvem Mustermann er. En postmann skal levere et brev til K. Mustermann. I brevet står det at Mustermann skal motta en gigantisk arv fra Amerika. Men når postmannen kommer fram til bygården, står det Mustermann på alle ringeklokkene - og han aner ikke hvem som skal ha brevet ... Horvei har laget 11 portretter av de som bor i bygården. Eivor Vindenes har skrevet rammefortellingen. Dette er en original og morsom bildebok for barn, men som like gjerne kan leses av voksne.
Prinsland

Prinsland

Mette Karlsvik

Magikon Forlag
2013
sidottu
Denne romanen er tre historier om innvandring til, og utvandring fra, Island. Fra vikingtiden, via opptakten til andre verdenskrig, ankommer fortellingen samtiden og Isobel, en ung kvinne som flytter til Island. Der møter hun piloten Már. I skjæringspunkter mellom natur og sivilisasjon søker de et bærekraftig samliv. Boka er også en historie om Island, om hvordan mennesker i fortid og nåtid har blitt tiltrukket av øya og etablert seg der, og om hvordan den islandske naturen og landskapet har blitt en integrert del av livene deres. Boka er rikt illustrert med bilder som visualiserer fortellingen på en indirekte måte, men som hele tiden er konkret knyttet til den eventyrlige øya Island.
Bli Björk

Bli Björk

Mette Karlsvik

Samlaget
2012
pokkari
Vi følgjer elektrikaren og fagforeiningsmannen Gudmundur Gunnarsson frå han er ti år gammal i 1957, og sidan dottera hans, artisten Björk, fram mot hennar internasjonale gjennombrot med bandet Sugarcubes i 1990. Romanen gir samtidig eit portrett av Island der dei små hendingane blir fletta inn i dei store internasjonale.
Bli Björk

Bli Björk

Mette Karlsvik

Samlaget
2011
sidottu
Sterk roman om Islands største stjerne. Denne vidunderleg originale romanen om den mest profilerte familien på Island, startar med far til Björk, som er elektrikarlærling og seinare fagforeiningsmann. Den strekkjer seg fram til Björks ungdomstid og hennar internasjonale gjennombrot. Med stor og begåva innleving skildrar Karlsvik personane og samspelet deira med naturen og kvarandre. I eit elektrisk, musikalsk og humoristisk språk får vi oppleve naturen, kulturen og samfunnet på Island på andre halvdel av 1900-talet. Dei små, daglegdagse hendingane i romanen blir fletta inn i dei store internasjonale, og teiknar til saman eit fascinerande portrett av eit geografisk isolert men internasjonalt viktig land. Bli Björk er ein familieroman utanom det vanlege, og i sentrum av alt dette står Björks veg frå barndom til stordom.
Vindauga i matsalen vender mot fjorden ; Flytårn
Vindauga i matsalen vender mot fjorden: Hovudpersonen er redd for å vekse. Ho er redd for mat, for livet, og for dei som prøver å hjelpe. Forteljinga dreier seg rundt bordet i matsalen på eit sjukehus. Dette er forfattarens debutroman, og den fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i 2005. Flytårn: Forteljinga dreier seg rundt eit kontrolltårn. Nokre av romanpersonane er så usikre på seg sjølv at dei reiser, medan andre er så trufaste at dei blir alvorleg sjuke.
Post oske

Post oske

Mette Karlsvik

Flamme
2011
nidottu
Frå Island kom sagaer om verdigheit og heltemot. I dag handlar historiene snarare om grådigskap. Det islandske vokabularet endra seg med den økonomiske boomen på 00-talet. Kva er då historieforteljaren sitt verktøy etterpå, når krakket er eit faktum, når dei frosne formuene har smelta og kredittbobla broste? Dette er noko av det Mette Karlsvik utforskar då ho vitjar Island sommaren 2010: Mens dagane er på sitt lengste, tar ekspønkar og surrealistpoet Jón Gnarr over ordførarstolen i Reykjavik. Samstundes som vulkanen under Eyjafjallajökull hikstar for siste gong, samtalar Karlsvik med dei som no skal bygge eit nytt Island på ruinane av det gamle.
1-2-TRE

1-2-TRE

Mette Karlsvik

Samlaget
2009
sidottu
Forteljing om miljøheltar skrive i glitrande og energisk språk Venninnene Asta, Guro og Linnea bur på øya Snerken utanfor Kristiansund. No er det første sommarferiedag og tid for miljøvernklubben Tre. Klubbhuset er ei trehytte i det einaste treet på den forblåste holmen. I dag er havet så høgt at øya nesten flaumar over. Det er berre ein meter frå husa og ned til havet! Klubben vil stoppe flaumen. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Sommaren går difor til å lage Noahs ark. Dei prøver å samle lamaer, insekt og kjærastpar til hytta. I Mette Karlsviks første barnebok, følgjer vi Asta, Guro og Linnea gjennom ein heil sommar. Det er ei forteljing om vennskap og uvennskap, samhald og einsemd, full av dramatikk og humor og fargerike karakterar.