Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 390 323 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Morten Bjerga

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 2 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2017-2019, suosituimpien joukossa Lars O. Bru og havet. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

2 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2017-2019.

Dødevegen

Dødevegen

Morten Bjerga

Samlaget
2019
sidottu
Mellom det gode og det vonde. Ein mann har mista kona si og prøver å sleppe unna sorga med å vandre langs havet til Santiago de Compostela. Han går, set den eine foten framfor den andre og blir undrande fanga av vegen, av skogen han går gjennom, og av menneska han møter. To år seinare sit han i fengsel på Jæren. Tankane hans kretsar rundt det gode og det vonde, det vakre og det stygge, men mest av alt tenker han på Spania, på hendingane der, på menneska, hundane, byane, fønvinden og den tusen år gamle tradisjonen der millionar av menneske har vandra til byen i vest for å finne fram til noko anna og kanskje betre. «Det var eit eineståande liv. Ein brukte dagen til å flytta seg frå ein stad til ein annan. Berre det. Ingenting anna. Det var det enkle livet. Det var det livet som alle kunne meistra. Ein gjekk, og det var alt. Og på vegen strøymde augeblinkane mot ein.»
Lars O. Bru og havet

Lars O. Bru og havet

Morten Bjerga

Samlaget
2017
sidottu
Det er torsdag i mai, og Lars Olsen Bru har vore i Stavanger og kjøpt seg ny dress. Han står på dekket av rutebåten på veg heim, til øya Bru i Ryfylke, der han ein siste gong skal lese gjennom livserindringane han har skrive. For kven veit kor lenge ein får stå i livet? Lars har levd eit rikt liv, både på havet og på landjorda. Han minnest barndom, ungdom og manndom, han minnest sjukdom og drukningsdød, sildesalting og slit, men òg fellesskap, kjærleik og kva det no er som kanskje kan føre til eit godt liv. Men Lars ber òg på nokre kors: forholdet til dottera Malena, som har brukt heile livet sitt på å ta seg av han, og forholdet til broren Børre, som han ein gong la for hat, utan at han ville det. Lars O. Bru og havet er ein roman om livet sjølv, om liv og død, om tru og tvil, om misunning og tilgiving. Om ein manns fridom og lengslar, ansvar og plikt. Historia om Lars er på same tid ei framstilling av ein mann og den tida han lever i. Vi får ein havsalt smak av kystkulturen på det norske Vestlandet i perioden 1870-1949.