Kirjailija
Per Olav Kaldestad
Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 13 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007-2023, suosituimpien joukossa Langs kvar ein veg. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.
13 kirjaa
Kirjojen julkaisuhaarukka 2007-2023.
Reise Eit steg, eitt til, så er det gjort: snart er du langt av stad, og før du anar står du ved ei elv, ein fjord, eit hav og ser koss kvervlar, krusningar og bølgjer går - dei vinkar med seg tanken din, han fer til rom og menneske du drøymer om. Du bryr deg ikkje med kva lei det ber, du følgjer røystene som kviskrar «kom», dit du var så mange gonger før, dit du aldri var, men lengtar til. Kanskje kjem du til ei open dør der nokon står og spør deg kva du vil. Omkring deg breier seg ei unders verd. Eit steg kan vera nok: så er du der. Frå ein undergrunnsstasjon i Moskva, til ein karaokepub i Irland, frå halefrosk og kivi-høner i New Zealand til ei kråke heime på tunet i Noreg - gjennom den tidlause sonettforma tek Per Olav Kaldestad med lesaren på ei rik reise, og skildrar det som møter blikket med ærefrykt og takksemd som vitnar om ein djup kjærleik til verda og menneska.
Diktboka : om arbeid med poetiske tekstar i skolen
Per Olav Kaldestad; Hanne Knutsen
Cappelen Damm
2019
nidottu
Diktboka, klassikaren i diktundervisninga gjennom ei årrekkje, kjem no i ny og gjennomrevidert utgåve. Boka er skriven for diktelskarar og dikthatarar, og er nyttig for lærarar i grunnskolen og for lærarstudentar. Boka er todelt. I den første delen peikar forfattarane på samanhengen mellom poesien og den produktive barnekulturen. Dei presenterer ulike prinsipp og idear for diktundervisning. Den andre delen er ein antologi av dikt som er plukka ut i samsvar med metodikken i første del.
I etterordet i denne utgåva skriv Nina Goga: "Den som leser Kaldestads dikt for barn vil kunne kjenne glede og kraft , men også sorg, sinne og savn. Kaldestads dikt er sol og salt, nærhet og avstand, hurtige sprang og langsom observasjon." Dette er ei samleutgåve av dei tre fyrste diktbøkene hans for born. Per Olav Kaldestad f. 1947, har gitt ut ei rekkje bøker i alle sjangrar for vaksne og born sidan debuten i 1973. Han har m.a. fått æresliste-diplom i klassen for poesi av Premio europeo Pier Paolo Vergerio for "Sola klappar meg", Samlagsprisen og Askeladdprisen.
Boka er eit utval av Kaldestads poetiske produksjon for vaksne frå 1973 til 1993. Sentralt i forfattarskapen er den sanselege gjenskapinga av sterke augneblinkar, anten det er eit lauv som faldar seg ut i våren eller to elskande som faldar seg ut for einannan. Den lyriske røysta har ofte klangbotnar frå både popkulturen, songskatten og den litterære tradisjon. Har tittelregister.
Kaldestad sin sjuande diktsamling handlar om å ta ordet på grensa mellom det kjende og ukjende, mellom den talande orden det blir venta at vi skal bevege livet vårt i, og den rablande uorden kvar einaste augneblink blir oppfatta i.
K. Mustermann
Eivor Vindenes; Simon Stranger; Per Olav Kaldestad; Mette Karlsvik; Lina Undrum Mariussen; Audun Mortensen; Kjersti Annesdatter Skomsvold; Terje Thorsen; Olav Marius Øyehaug; Knut Nærum; Ingeborg Arvola; Gro Dahle
Magikon Forlag
2014
sidottu
Mange har sett navnet K. Mustermann på en ringeklokke, men få vet hvem han eller hun er. K. Mustermann er det dummy-navnet firmaet Siedle setter på sine ringeklokker. Ofte blir navnet stående lenge, så det kan se ut som det bor mange K. Mustermann i en bygård. I denne boken fabulerer kunstneren Øivin Horvei om hvem Mustermann er. En postmann skal levere et brev til K. Mustermann. I brevet står det at Mustermann skal motta en gigantisk arv fra Amerika. Men når postmannen kommer fram til bygården, står det Mustermann på alle ringeklokkene - og han aner ikke hvem som skal ha brevet ... Horvei har laget 11 portretter av de som bor i bygården. Eivor Vindenes har skrevet rammefortellingen. Dette er en original og morsom bildebok for barn, men som like gjerne kan leses av voksne.
Denne andre diktsamlingen for barn av Kaldestad er inndelt i kapitlene: Sommardagbok, Mamma syng, og bestemor syng, og oldemor, og Denne jorda eg bur på.
Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly
Per Olav Kaldestad; Ragnar Hovland; Dag Helleve
Wigestrand
2011
nidottu
"Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly. Ei reise i Canada." Ei ny reisebok frå forfattarane Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad: "Lenge hadde Canada vore i tankane våre. Til slutt reiste me dit, og me vart godt mottekne alle stader. Møtet med landet, og folk frå Stillehavet til Atlanterhavet, vekte nye ord i oss og vart framkalla i forteljingar, refleksjonar, dikt og songar. Det er berre å vera med."
Ein country-reisebok med tre stemmer, tre solistar som også dannar eit kor i teksten. Tre forfattarar, med musikken til Hank Williams, Elvis Presley og Gram Parsons i kofferten, har teke turen over Atlanteren på vandring i dei gamle mytane og nokre nye som dei sjølve fann. Illustrert.
De tre forfatterne har reist rundt omkring i Irland, og her er resultatet; en noe annerledes reiseskildring. Det finnes både lyriske og faktapregede tekster i boken, samt bilder fra reisen.
Boka inneheld dikt m.a. om frosken, om auren som gaper og syng si takk til bekken, og om kråka som seglar over bøen.
Ekornet Ratatosk må løpe fra rota til toppen på asken Yggdrasil med meldinger til guden Odin, som har hengt seg opp i treet og vil vite alt som skjer. Det blir til slutt for mye for Ratatosk, men han finner en utveg.
Ekornet Ratatosk må løpe fra rota til toppen på asken Yggdrasil med meldinger til guden Odin, som har hengt seg opp i treet og vil vite alt som skjer. Det blir til slutt for mye for Ratatosk, men han finner en utveg.