Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 595 353 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Ragnar Hovland

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 40 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007-2022, suosituimpien joukossa Dus. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

40 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2007-2022.

Ei vinterreise

Ei vinterreise

Ragnar Hovland

Samlaget
2022
pokkari
Ei reise i det ukjende. Lindemann er dratt ut for å finne Johanna, den jenta han var glad i, og som han no innser han burde ha valt den gongen det enno var mogleg. På vegen møter han Tomas i Dalen og den unge jenta Liv, som begge blir med på turen. Dei tre har alle noko dei vil legge bak seg, og noko dei leitar etter. Men reisa blir annleis enn dei hadde tenkt, for landskapet blir meir og meir draumeaktig, og heile tida har dei kjensla av at nokon følgjer etter dei. Den andre forteljinga i «Ei vinterreise» er ei dagbok. Han som skriv, har fått vite at han er sjuk, og med det kjem det livet han har, heilt tydeleg fram. Alt det som no blir viktig, formidlar han i skrift gjennom eit år: menneska rundt han, musikken han høyrer på, bøkene han les, samtalar, tankar og reiser. Slik blir dagboka ei «dokumentarisk» skildring av ei sjukdomshistorie og eit sjukehusopphald - og ei mental reise ut i det ukjende. Langs desse to vegane faldar romanen seg ut. Det er ei historie om små ting og store spørsmål, der dei som reiser, ikkje lenger veit kva spørsmåla er. Men svara ligg kanskje der historiene kryssar kvarandre. Ragnar Hovland vann både Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris for denne romanen.
Dr. Munks testamente

Dr. Munks testamente

Ragnar Hovland

Samlaget
2022
pokkari
Ellevilt gjensyn med hovudpersonane frå klassikaren «Sveve over vatna». Munk, Waglen og Forteljaren møtest igjen etter 15 år. Waglen er blitt familiemann og videohandlar i Sogn med kannibalfilmar som spesialitet. Forteljaren er lektor og familiemann. Munk har arva eit småbruk, «driv med sau», held hund og har eigen nærradio. Når Munk vil ha den tilårskomne spelegjengen til å turnere, er det eit konsept som skal «seie noko om livet i Norge no [...] særleg no når det går mot eit tusenårsskifte». Men når Wartburg en med dei tre rullar ut på Autobahn, er det også for å finne att Munks ukjende son i Heidelberg. På vegen er dei innom både Dressmann og Theatercaféen og filosofisk-satiriske detaljkunnskapar om filmar, musikk og video. Korkje Hamsun, Caterina Valente, Bruce Willis, Helen Mirren, Karl Erik Harr, Shakespeare eller Helen Shapiro går fri.
1964

1964

Ragnar Hovland

Samlaget
2022
pokkari
Forrykande oppvekstroman full av absurditetar. Hovudpersonen i romanen er blitt like gammal som Bert Bobsey, den eldste Bobsey-tvillingen. Rundt hovudpersonen og familien skjer det dramatiske og kvardagslege ting, mystiske sekter gjer seg gjeldande, verda blir som ny, og draumar blandar seg med røyndommen. Sommaren 1964 blir den lengste i manns minne, brått skjer eit uforklarleg dødsfall, og mangt tyder på at året 1964 aldri skal ta slutt. Som vanleg bevegar Hovland seg mellom ulike populærkulturelle fenomen, som musikk og film, i ein forrykande oppvekstroman som overgår det meste. Boka tek pulsen på året 1964 og var nominert til P2-lyttarane sin romanpris. Sagt om 1964: «Haustens mest sjarmerande roman. [...] romanen er temmeleg fjern, og dermed ganske så nær på den måten berre god litteratur kan vere det.» - Marta Norheim, NRK «Hovland har et glitrende grep om dette spennet mellom det universelle og det hverdagslige. [...] Romanen lyser av deilig skarpt smidde setninger og dialoger.» - Marie Aubert, Bergens Tidende «Konsentrert, hardkokt og underfundig perle av en roman om å være 12 i det herrens år 1964.» - Terje Eidsvåg, Adresseavisen «Sjarm, vidd og alvor i roman om oppvekst. Lettlest og underholdende.» - Morten Abrahamsen, VG
Professor Moreaus løyndom

Professor Moreaus løyndom

Ragnar Hovland

Samlaget
2022
pokkari
Eksotisk og erotisk krim med trådar til motstandsrørsla under krigen. Doktor Absens oppsøker kaptein Margalo for å få han til å løyse mysteriet med den polske motstandskvinna som forsvann rett etter krigen. Og dermed er ei spennande jakt gjennom fleire verdsdelar i gang. «Professor Moreaus løyndom» har alle trekka til ein ekte røvarroman. Her er forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn. Med ein galen professor og ein kaptein på leiting i si eiga fortid er det duka for absurditetar. Her er talrike drap og attentat i ei fargerik forteljing som ikkje akkurat bleiknar når hovudpersonen omsider får innsyn i professor Moreaus løyndom. Hovland viser seg frå ei anna side i denne boka, men det absurde er likevel på plass, og vi finn mang ei setning som er verd å klippe ut og henge på veggen. Vel så mykje som romanen stiller spørsmål om hendingar, stiller han spørsmål om røyndommen - og avsluttinga er kanskje vel så overraskande for lesaren som for kaptein Margalo? Kuriosum: «Professor Moreaus løyndom» var ein av tre førsteprisvinnarar i Samlagets konkurranse for underhaldningsromanar i 1985.
400 mil frå Sogndalsfjøra

400 mil frå Sogndalsfjøra

Ragnar Hovland

Samlaget
2022
pokkari
Legendariske Waglen frå Sveve over vatna og Dr. Munks testamente på nye eventyr! Per Waglen må forlate videosjappa si i Sogn for å utføre eit leigemord i hovudstaden. Men før han kjem dit, blandar han seg inn i ein av dei større skandalane i Sogn dette hundreåret. På reisa vidare til Oslo får han følgje av Prestesonen som har kasta seg ut i bokskrivingskjøret. Det vert litterære diskusjonar, midtlivskrise, frisk knulling, drikking og slagsmål, men ikkje minst kjærleik og ei ny visse om at det er ei tid for alt. «[...] en lystig pastisj over en særlig avart av krimgenren der vi kan glede oss over gjensynet med vår gamle venn Per Waglen.» Øystein Rottem, Dagbladet
Sjølvmord i Skilpaddekafeen

Sjølvmord i Skilpaddekafeen

Ragnar Hovland

Samlaget
2021
pokkari
Ei samling med korte prosatekstar som forfattaren har kalla "ein falsk sjølvbiografi", der barndoms- og ungdomsminne blandar seg med vakne draumar og med skildringar av moderne skilpadders liv. Ein får også glimt frå livet i himmelen og følgjer Kaptein Margalo på hans 8. reise.
Sveve over vatna

Sveve over vatna

Ragnar Hovland

Samlaget
2020
pokkari
Kultromanen Sveve over vatna i ny pocketutgåve! Hovland skriv om ungdommens lengsel og brunst, puling, uløyseleg kjærleikssorg, festar på dei gråaste hyblane i byen, langpils, politiske kranglar, fyll, tungsinn, ablegøyer og bakrus. Hovudpersonen slentrar tafatt inn i dei mest absurde og underhaldande bakevjer. Han møter den legendariske fylliken, musikaren og kommunisten Dr. Munk, ein person som aldri har skitpreiket og bannskapen langt unna. Midt i mylderet av svart humor, livsglede og vanvit lever hovudpersonane eit rakrygga liv der politikken, erotikken og - ikkje minst - musikken speler ei sentral rolle.
Litt betyr det no likevel

Litt betyr det no likevel

Ragnar Hovland

Samlaget
2019
sidottu
Hovlands litterære kanon. I si nye essaybok plukkar Ragnar Hovland opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hylinger. Vi får òg lese meir samfunnsorienterte essay, som den sterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland. La deg inspirere til å plukke opp dei bøkene du enno ikkje har fått lese - eller dei bøkene du har tenkt du må lese på nytt - etter å ha fått dei levande formidla av Ragnar Hovland, som med denne utgivinga markerer sitt førtiande år som forfattar. «Det er en fryd a. boltre seg i Ragnar Hovlands tekster», skreiv Jon Øystein Flink (Klassekampen) om den førre essayboka, Kunsten a. komme heim og andre essay.
Om noko skulle skje

Om noko skulle skje

Ragnar Hovland

Samlaget
2016
sidottu
Eventyrleg reise gjennom dødsriket for å finne den tapte kjærleiken. Kjærasten til Reiner døyr, og han sørgjer slik over henne at han ikkje vil leve meir, han heller. Så blir han kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod han ikkje kan seie nei til. Kapteinen veit nemleg kor døra til den andre verda fi nst, der Reiner kan få møte att henne han elska. Han må gjennom umoglege prøvar og store farar, men har ingenting å tape. Om noko skulle skje byggjer på myten om Orfeus og Evrydike, men den klassiske underverda har forandra seg til eit grått landskap utan mobildekning og med gamle pc-ar som ikkje fungerer. Kjærleiken, derimot, er den same, og fortvilinga når den ein elskar, går frå ein, er like vond som før. I dette spennande eventyret balanserer Hovland lett mellom det djupt sorgtunge og det genuint humoristiske, slik berre han kan.
Dus

Dus

Agate Øksendal Kaupang; Sunniva Lovise Harboe; Ragnar Hovland; Torun Lian; Lars Mæhle; Olaug Nilssen; Hans Petter Blad

Transit
2015
sidottu
DUS - Den unge scenen blei starta i 2003 etter ein modell frå Connections i England, der National Theatre i London spelar ei ledande rolle på same måte som Det Norske Teatret gjer i Noreg. Gjennom 12 år har DUS utvikla 35 nye scenetekstar for ungdom mellom 13-19 år, og seks prosjektrundar er gjen.nomførde. Totalt vert det arrangert DUS-festivalar i totalt tolv regionar, frå Agder.fylkene i sør til Finnmark i nord. DUS har som mål å få fram ny dramatikk for ungdom, å dyrke fram gode tekstar som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov og å gjere teatret til ein attraktiv arena for denne aldersgruppa. Dei sju tekstane denne utgåva rommar, er fulle av humor og alvor, og speglar eit mangfald av tema som vi trur vil vere inspirerande for ulike sceniske uttrykk. Det er tekstar i samtida som fangar eit språk som ungdom kan forstå og identifisere seg med, og som kan utfordre og inspirere. DUS 2015 Tabula Rasa av Agate Øksendal Kaupang Forandring frydar av Sunniva Lovise Harboe Jenta som ingen kunne mobbe av Olaug Nilssen Julekveld av Ragnar Hovland Bønn for Anna av Torun Lian Vinden av Lars Mæhle Skyggene ser oss av Hans Petter Blad
Frå Ragnar til alle

Frå Ragnar til alle

Ragnar Hovland

Samlaget
2013
nidottu
Ragnar Hovland var litterær konsulent på Det Norske Samlaget i årevis. Eit par dagar i veka har han hatt tilgang til eit kontor og ein pc. Dette har resultert i mange års bombardement med kortare og lengre e-postar til dei tilsette, og høgdepunktet i veka har for mange vore nettopp Hovlands kontordagar. I denne boka er ein liten del av denne verksemda fanga opp, alt frå Hovlands fråværsassistentar via små oneliners til livsfunderingar og ymse forbrukartestar. Med denne boka gir vi fansen innblikk i ein hittil skjult del av forfattarskapen. Forord av Erle Stokke.
Stille natt

Stille natt

Ragnar Hovland

Samlaget
2012
pokkari
Ein forfattar har skrivesperre, og forlaget masar i veg om den store sjøromanen han har lova å skrive. Men livet skriv seg sjølv. Forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan. Dette noko har ein klar samanheng med ei dramatisk hending som ein gong endra broren sitt liv, og dermed også familien si historie. Stille natt er ein stor og vakker roman om kjærleik, tap og mørke familiehemmelegheiter.
Stille natt

Stille natt

Ragnar Hovland

Samlaget
2011
sidottu
Forlaget masar på ein forfattar som har skrivesperre, men forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan. Dette har samanhang med ei hending som ein gong endra brorens liv og familien si historie, og på sin veg blir forfattaren heimsøkt av livet han har levd og forfølgd av folk som vil skrivast inn i bøkene hans. Romanen handlar om kjærleik, tap og familieløyndommar.
Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly

Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly

Per Olav Kaldestad; Ragnar Hovland; Dag Helleve

Wigestrand
2011
nidottu
"Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly. Ei reise i Canada." Ei ny reisebok frå forfattarane Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad: "Lenge hadde Canada vore i tankane våre. Til slutt reiste me dit, og me vart godt mottekne alle stader. Møtet med landet, og folk frå Stillehavet til Atlanterhavet, vekte nye ord i oss og vart framkalla i forteljingar, refleksjonar, dikt og songar. Det er berre å vera med."
Langs kvar ein veg

Langs kvar ein veg

Dag Helleve; Ragnar Hovland; Per Olav Kaldestad

Samlaget
2011
nidottu
Ein country-reisebok med tre stemmer, tre solistar som også dannar eit kor i teksten. Tre forfattarar, med musikken til Hank Williams, Elvis Presley og Gram Parsons i kofferten, har teke turen over Atlanteren på vandring i dei gamle mytane og nokre nye som dei sjølve fann. Illustrert.
Vegen til Navan

Vegen til Navan

Per Olav Kaldestad; Ragnar Hovland; Dag Helleve

Samlaget
2011
nidottu
De tre forfatterne har reist rundt omkring i Irland, og her er resultatet; en noe annerledes reiseskildring. Det finnes både lyriske og faktapregede tekster i boken, samt bilder fra reisen.