Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 595 353 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Terje Torkildsen

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 19 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2009-2024, suosituimpien joukossa Vegar ut til alle kantar. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

19 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2009-2024.

Vegar ut til alle kantar

Vegar ut til alle kantar

Rasmus Løland; Arne Garborg; Helge Torvund; Terje Torkildsen; Gaute M. Sortland; Tore Renberg; Oda Malmin; Siri M. Kvamme; Edmund Austigard; Arnt Birkedal; Inger Bråtveit; Kristin Auestad Danielsen; Heidi Hjorteland; Odveig Klyve

Wigestrand
2020
nidottu
Faktisk vil han heller døy enn å vere til bry. Frå «Sansen for det søte», Siri M. Kvamme Grevinneheng har ho også. Dei må då minst vera ti centimeter, ... Frå «Naken» Heidi Hjorteland. Vi øver oss på å ikkje røra kvarandre, å halda avstand, ... Vi slår på radioen og høyrer at verda har feber. Frå «Ein dag vil vi gløyma», Odveig Klyve Blei det någe i bilen, då? spør han eine. Å ja, seier Kjatti. Full pakke, smiler Kjatti ... Frå «Den lange vegen inn til Stavanger by», Kristin Auestad Danielsen ... han har smugla på alskens saker og ting, og triksa med forsikringa ... Frå «Julebrev frå Oddemann på Neset», Tore Renberg Me må jo pynta oss litt når mannfolkå komme, sa ho og smilte med heile fjeset. Frå «Blondinefabrikken», Terje Torkildsen Her er språkkraft og skaparkraft, og her er alvor, humor, fantasi og realisme i god blanding. Det er berre å la seg riva med!
Jernvilje

Jernvilje

Terje Torkildsen

Kolofon
2024
sidottu
- Når me kjem heim, må du læra meg å laga jern. - Meiner du i morgon? - Ja, me treng våpen. Elles vil me ikkje kunna forsvara oss. - Men det tek lang tid å laga jern. Det kan ta mange månader. - Eg veit, og difor må me begynna med det same me kjem heim. Jernvilje er forteljinga om den 15 år gamle Vilje Vargbane som levde på Sørvestlandet for 1500 år sidan. Det er ulvetider i landet, men Vilje har ein fordel. Han er ulvejeger, hovding i heiene og herse over alt som lever der. Terje Torkildsen (f. 1971) er ein norsk forfattar, komikar og skodespelar frå Stavanger. www.snl.no/Terje _Torkildsen
Stavanger stories III

Stavanger stories III

Terje Torkildsen

Kolofon
2020
sidottu
Stavanger stories 3 er fjorten forteljingar om liv og død - og alt innimellom, fortald med både humor og alvor. Dette er den siste boka i novellekransen om søskena Duxen, Betty og Broremann - og menneska rundt dei i store, vesle, vakre, stygge Stavanger.
Isla Bonita

Isla Bonita

Terje Torkildsen

Samlaget
2019
sidottu
Kan det vere livsfarleg å bli forelska? Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis. Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Isla Bonita viser seg å vere ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska.
Stavanger stories II

Stavanger stories II

Terje Torkildsen

Samlaget
2018
sidottu
Dobbelt Upris-vinnar med nye sterke forteljingar! Ei ulukke har aldri ei enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke på at dei kan få tragiske konsekvensar. Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død - og alt innimellom, fortalde med både humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann - og også andre folk som er rundt dei. Betty er usikker på om ho kan stole på kjærasten sin. Broremann gjer det han kan for å imponere storebroren sin. Halvard kjøper luftpistol. Og Eric må snike seg ut då han vaknar opp heime hos ei dame som har ein mann i Nordsjøen. Alle driv dei med sitt, utan å vere klare over korleis handlingane deira påverkar personane rundt dei.
Heilt sjukt

Heilt sjukt

Terje Torkildsen

Gyldendal
2016
nidottu
Heilt sjukt er et lesehefte med egne oppgaver.Leseheftet er godt egnet til veiledet lesing. Det er trinnuavhengig og kan brukes ut fra elevens nivå.Temaet i heftet har tilknytning til tema i Salto Elevbok, men kan fint brukes som et frittstående lesehefte.
Saltos bokhylle

Saltos bokhylle

Brynjulf Jung Tjønn; Tor Åge Bringsværd; Synnøve Borge; Linn T. Sunne; Anneli Klepp; Jan Tore Noreng; Terje Torkildsen; Magnhild Bruheim; Håkon Forfod Sønneland; Oda Faremo Lindholm; Barbro Lundberg; Hanne Myrvold; Birgit Stallemo

Gyldendal
2016
muu
Samlepakken inneholder et eksemplar av samtlige 12 hefter på nivå 7-8. Boksen som heftene står i er laget av solid papp.
Stavanger stories 1

Stavanger stories 1

Terje Torkildsen

Samlaget
2016
sidottu
Fjorten forteljingar med humor og action! «Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.» I Stavanger stories møter vi søskena Betty, Broremann og Duxen. Betty har eit nærare forhold til mormor enn til mor, Broremann blir sett på den største prøven så langt i livet då han må leggje ut i båt åleine, og Duxen tabbar seg loddrett ut som russ. I novelleform opplever vi tre søsken og deira ulike møte med livet, døden, gleda, saknet og kjærleiken. Dette er den første av fleire novellesamlingar om ungdommane frå Stavanger.
Saltos bokhylle

Saltos bokhylle

Brynjulf Jung Tjønn; Tor Åge Bringsværd; Synnøve Borge; Linn T. Sunne; Anneli Klepp; Jan Tore Noreng; Terje Torkildsen; Magnhild Bruheim; Håkon Forfod Sønneland; Oda Faremo Lindholm; Barbro Lundberg; Hanne Myrvold; Birgit Stallemo

Gyldendal
2016
muu
Samlepakken inneholder et eksemplar av samtlige 12 hefter på nivå 7-8. Boksen som heftene står i er laget av solid papp.
Helt sjukt

Helt sjukt

Terje Torkildsen

Gyldendal
2016
nidottu
Helt sjukt er et lesehefte med egne oppgaver.Leseheftet er godt egnet til veiledet lesing. Det er trinnuavhengig og kan brukes ut fra elevens nivå.Temaet i heftet har tilknytning til tema i Salto Elevbok, men kan fint brukes som et frittstående lesehefte.
Gråten frå juvet

Gråten frå juvet

Terje Torkildsen

Gyldendal
2016
nidottu
Gråten frå juvet er et lesehefte med egne oppgaver.Leseheftet er godt egnet til veiledet lesing. Det er trinnuavhengig og kan brukes ut fra elevens nivå.Temaet i heftet har tilknytning til tema i Salto 4 Elevbok A og B, men kan fint brukes som et frittstående lesehefte.
Gråten fra juvet

Gråten fra juvet

Terje Torkildsen

Gyldendal
2016
nidottu
Gråten fra juvet er et lesehefte med egne oppgaver.Leseheftet er godt egnet til veiledet lesing. Det er trinnuavhengig og kan brukes ut fra elevens nivå.Temaet i heftet har tilknytning til tema i Salto 4 Elevbok A og B, men kan fint brukes som et frittstående lesehefte.
Arrfjes

Arrfjes

Terje Torkildsen

Samlaget
2015
pokkari
Forrykande sjøroman! I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort. Arrfjes er ein forrykande historisk sjøroman for ungdom, skrive av den doble Upris-vinnaren Terje Torkildsen. "Torkildsen (43) har to ganger vunnet Uprisen tidligere. Arrfjes er hans sjette og trolig beste bok. Her gjør han alt riktig: lurt komponert, troverdig periodeskildring og ikke minst: en medrivende spenningshistorie godt porsjonert." Morten Olsen Haugen, Aftenposten "Denne boka er god. Kjempegod. Den er spennende, eventyrlig vil jeg si. Den er dramatisk, og lukter hav, svette, blod og død. (...) Alt klaffer i denne boka. (...) Jeg kan ikke forstå annet enn at denne går inn både hos ungdom og voksne, og håper det kommer en oppfølger eller to. Her har Torkildsen truffet blink." Cathrine Krøger, Dagbladet
Det fleirspråklege Noreg

Det fleirspråklege Noreg

Øystein Vangsnes; Terje Torkildsen; Ingrid Rognes Solbu; Sigbjørn Skåden; Katrine Sele; Audhild Gregoriusdotter Rotevatn; Oddrun Midtbø; An-Magritt Lindtner; Marita Liabø; John Martin Høines; Idun A. Husabø; Knut Olav Homlong; Knut Hoem; Marie Havnen; Guri Sørumgård Botheim

Skald
2013
sidottu
Med to skriftspråk, samt samisk og kvensk, har Noreg ein lang tradisjon som fleirspråksland. I nyare tid har dette blitt forsterka gjennom innvandring og utviding av internasjonale relasjonar, og det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i Noreg. Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak. Skribentar over heile landet har fanga inn livshistorier og refleksjonar rundt det å leve med fleire språk. Fotografen Oddleiv Apneseths unike og vake blikk gir liv til dei varierte historiene. Kombinasjonane er mangfaldige: Den filippinske asiabutikkeigaren i Førde brukar morsmålet berre når ho verkeleg må. Den marokkanske faren snakkar konsekvent berbisk med sonen sin under fotballtreninga, medan han samstundes snakkar norsk til dei andre barna. Og vi møter den samisk-kvenske tromsværingen som først i vaksen alder lærde å forstå språka som ho var omgitt av i oppveksten. Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.
Dystopia IV

Dystopia IV

Terje Torkildsen

Samlaget
2012
nidottu
I denne fjerde og siste boka i Dystopia-serien er dei fire gjenlevande ungdomane komne bort frå dei verste flaumramma områda ved kysten. Dei er tilbake i ein sivilisasjon der telefon og internett fungerer, transportnettet er i orden, pengane har verdi og det er varer i butikkane. Men handelsblokaden og mangelen på ID-papir skaper likevel problem for dei. Dei reiser til Victors eksentriske onkel i Berlin for å få hjelp, men er han til å stole på? Og er det verkeleg ingen andre enn dei som veit om diamantane? Dystopia-serien er ein motorveg av ei lesaroppleving, skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar.
Dystopia III

Dystopia III

Terje Torkildsen

Samlaget
2011
nidottu
Fire ungdommar er på veg sørover, på flukt frå flaumens sine øydeleggingar. Dei blir fanga i eit forferdeleg uvêr, og må søkje tilflukt i eit gammalt slott. Så snart dei er komne inn i slottet, byrjar folk å dø rundt dei. Dette er den trede boka i fireboksserien Dystopia 2014.
Marki Marco

Marki Marco

Terje Torkildsen

Samlaget
2011
pokkari
Marco er 16 år og bur i Belgia saman med mora. Dei er bosniske flyktningar, og mora har arbeid som tolk i Brussel. Ein morgon då han snik seg inn i slottsparken oppdagar han ei naken kvinne som står og røykjer. Denne oppdaginga blir starten på den beste og verste sommaren i Marcos liv. Både mafiaen, ein galen skogvaktar og også Marcos nærmaste familie blir ein livsfare, og Marco må gå i dekning. Dette er forfattarens første roman.
Dystopia II

Dystopia II

Terje Torkildsen

Samlaget
2010
nidottu
Året er 2014. De seks ungdommene fra Stavanger på skoletur i England har blitt til fem, og de prøver desperat å komme seg hjem. Scott prøver å få en seilbåt på vannet, mens de andre svermer for den rike Stan. Dette er andre bok av fire i Dystopia 2014.
Dystopia I

Dystopia I

Terje Torkildsen

Samlaget
2009
nidottu
Ein motorveg av ei lesaroppleving . Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen om morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane, som berre har eitt mål: Dei vil heim til Noreg. Dystopia I er skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Med eit dødsalvorleg bakteppe skaper komikar og forfattar Terje Torkildsen ei bok med humor, driv og ungdommeleg optimisme.