Kirjojen hintavertailu. Mukana 12 390 323 kirjaa ja 12 kauppaa.

Kirjailija

Tormod Haugland

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 20 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007-2025, suosituimpien joukossa Orden. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

20 kirjaa

Kirjojen julkaisuhaarukka 2007-2025.

Sirenene

Sirenene

Tormod Haugland

Oktober
2025
nidottu
VINNAR AV LYTTERNES ROMANPRIS 2024 Ein sundag i hundedagane står odelsguten Tormod Kolbrunargard i tunet og ser mot gamlehuset. Han ser etter livsteikn frå farfaren og farmora. Foreldra har reist nordover, og syskena, Andremake og Jote, er heller ikkje heime. I ei veke har han styrt garden åleine, og han kjenner på ansvaret for dyra og ei bortkomen kvige. Han dreg for å leita, og hamnar i ein del av skogen som brått verkar framand. Han er jaga av minna frå kvelden før, då han følgde Eleonora på nabogarden Storjord heim. Både uroa og lysta slit i han, og nye møte gjer nattas drama endå meir krevjande. Sirenene er ein underhaldande og drivande roman, dels folkeeventyr og fantastisk forteljing, ein gåtefull roman om tid, tradisjon og lengt, og om relasjonen mellom dyr og menneske, levande og døde.
Om dyr og syn ; Om søvn og mørke ; Om livet på jorda
I romanane Om dyr og syn, Om søvn og mørke og Om livet på jorda, som går føre seg på ei øy i ytre Nordhordland og i Bergen frå 1960- til 90-talet, har Tormod Haugland med sterk forteljeglede, underfundig humor og stor fridom i assosiasjonane skapt ei original form for sjølvbiografisk dikting. Her følgjer vi odelsguten Tormod frå barndommen gjennom ungdomstida fram til vaksenlivet. Tormod er fødd til å ta over garden han veks opp på, men ein stad på vegen endrar livet retning. Han tek kunstutdanning, sel garden og vert forfattar. Det handlar om draumar, om ansvar og fridom, om kunst og natur, om tilhøvet mellom dyr og menneske, levande og død, og om at eit liv kan forteljast i mange ulike versjonar.Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994 og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2021 var Haugland Festspeldiktar ved Dei litterære festspela i Bergen.For romanane Om dyr og syn (2017), Om søvn og mørke (2019) og Om livet på jorda (2021), som her er samla i eitt band, har Tormod Haugland hausta strålande kritikkar.
Sirenene

Sirenene

Tormod Haugland

Oktober
2024
sidottu
VINNER AV LYTTERNES ROMANPRIS 2024Ein sundag i hundedagane står odelsguten Tormod Kolbrunargard i tunet og ser mot gamlehuset. Han ser etter livsteikn frå farfaren og farmora. Foreldra har reist nordover, og syskena, Andremake og Jote, er heller ikkje heime. I ei veke har han styrt garden åleine, og han kjenner på ansvaret for dyra og ei bortkomen kvige. Han dreg for å leita, og hamnar i ein del av skogen som brått verkar framand. Han er jaga av minna frå kvelden før, då han følgde Eleonora på nabogarden Storjord heim. Både uroa og lysta slit i han, og nye møte gjer nattas drama endå meir krevjande. Sirenene er ein underhaldande og drivande roman, dels folkeeventyr og fantastisk forteljing, ein gåtefull roman om tid, tradisjon og lengt, og om relasjonen mellom dyr og menneske, levande og døde.
Hus om natta

Hus om natta

Tormod Haugland

Oktober
2022
sidottu
"Huset var her frå før. Eg kjøpte det av farfar, og sidan møtte eg A, og då vi var ferdige med å studere, flytta vi etter ei stund inn i det. Eg ville skrive, og ho ville lage bilete, og vi bygde oss rom for skapande arbeid. Og vi budde i huset med bøkene og bileta. Vi prøvde å flytte inn i bøkene og bileta, slik vi hadde drøymt om. I fargane og bokstavane." "Hus om natta" er ei bok med korte prosatekstar og teikningar som handlar om hus, om lys og mørke, om landskap og årstider, dyr og natur, om skyene sine skiftande former og strukturar og alt som veks: tre, buskar og blomster, om møbler, reiskapar, bilete og bøker, om søvnløyse og det å gå i søvne, om ting som kan gøymast, som kan verte borte og forsvinne, og om å leve og arbeide saman og kvar for seg i dei same romma. "Hus om natta" er eit samarbeid mellom biletkunstnaren Annette Kierulf og forfattaren Tormod Haugland. Teikningane er frå serien "Nattstudier" (2017-), laga med fargeblyantar på svart papir. Tekstane har ulike format, frå dikt på få linjer til forteljingar på to-tre sider. Både bileta og tekstane har forteljingar i seg, dei er små forteljingar som ofte faldar seg ut og ber i seg lengre tidsrom.
Om søvn og mørke

Om søvn og mørke

Tormod Haugland

Forlaget Silkefyret
2022
nidottu
Tormod ligger i græsset og lever sig ind i myrernes liv, dem der holder sig i skjul under sten og rødder. Han drømmer sig væk fra livet på marken. Tormod er født til at overtage farens gård, men et sted på vejen tager livet en drejning for ham, og han tager istedet en kunstuddannelse, sælger farens gård og bliver forfatter.Om søvn og mørke foregår i Ytre Nordhordland og senere i Bergen fra 1960'erne til 1990'erne. Det er en roman om et barn, der vil være voksen, og som vil gøre op med det sted, hvor han er vokset op. Den handler om drømme, ansvar og frihed, og om at ryste sig fri af det traditionelle, det forventelige, for istedet at blive kunstner. Om søvn og mørke er en roman, som med stor kraft følger søvnens måder at bevæge sig på i tid og sted, på grænsen mellem liv og død."Jeg elskede at komme ud. Jeg gik ud, når jeg vågnede, og jeg kunne gå ud, når jeg sov. Mor opdagede det hurtigt, og hun lærte hurtigt, hvordan hun skulle håndtere det. Når et barn går i søvne, skal man ikke vække det, men snakke blidt og venligt, mens man fører det tilbage til værelset. At vække en person som går i søvne kan have uheldige følger, man bliver trukket væk fra den indre verden, som man er midt i, og denne uønskede afbrydelse kan virke brat og brutal. Så bliver man øjeblikkeligt opmærksom på, at man er ude, og denne kontrast mellem den indre og den ydre verden kan medføre en følelse af skam og fremmedgørelse."
Om dyr og syn

Om dyr og syn

Tormod Haugland

Forlaget Silkefyret
2020
pokkari
"Med gården og landsbyen som bagtæppe følger vi Tormod fra barndommen og op gennem ungdommen - og helt frem til han som ung kunststuderende i Bergen eksperimenterer med farver og maleri. Som lille dreng finder Tormod et knojern i farens skrivebord, som han begynder at slæbe med sig overalt. Tormod har ikke altid kontrollen, hverken over sig selv eller sine omgivelser. Han balancerer ofte faretruende på kanten, enten når kan kører traktor, samler pind til et Sankthansbål eller går alene rundt på gaderne i Bergen. Han er født til at blive landmand, men længtes efter noget andet. Om dyr og syn er en roman om dyr og menneske, kunst og natur. Den handler om at vokse op, om at blive en mand og om at tage valg i livet. Det er en varm, rå og gribende roman."
Om søvn og mørke

Om søvn og mørke

Tormod Haugland

Oktober
2019
sidottu
Tormod ligg i graset og lever seg inn i mauren sitt liv, dei som held seg i skjul under steinar og røter. Han drøymer seg bort frå livet på marka, frå slåtten og suta for jord og dyr. Tormod er fødd til å ta over garden han veks opp på, men ein stad på vegen endrar livet retning. Han tek kunstutdanning, sel garden og vert forfattar. "Om søvn og mørke" går føre seg på ei øy i ytre Nordhordland og i Bergen frå 1960- til 1990-talet. Det er ein roman om eit barn som vil bli vaksen og ein mann som vil springe frå barndommen sin og stige ut av standen han har vakse inn i. Det handlar om draumar, ansvar og fridom, og om å bryte med tradisjonen for å bli kunstnar. Om søvn og mørke er ein roman som med stor kraft følgjer søvnen sine måtar å bevege seg på i tid og rom, på grensa mellom liv og død.
Mørk materie

Mørk materie

Tormod Haugland

Forlaget Silkefyret
2018
nidottu
"Jeg hed Atle Vilder, var tooghalvtres år, og boede i et ældre hus i en by på Vestlandet. Og byen hed Gran. Og jeg havde boet i huset i otteogtyve år. Og jeg var hjemme i mit hus i Gran, jeg stod ude i køkkenet og så ud ad vinduet. Og på bordet lå et brev. Det var et brev fra Lise, min kone. Jeg havde ikke set hende i flere år."Mørk materie handler om kærlighed, om at vælge sit eget liv og om sætte sig selv fri, om at være både far og søn - og den handler om at have en plan, som måske går på tværs af andres planer."Tormod Haugland er en charmerende formidler af det komiske i samtidslitteraturen … Knastør humor, ta-da!-agtige afsløringer, fortiden som mørk og sej materie, dunkelt spil med identiteter – det her er redskaberne som den mangeårige leder ved Skrivekunstakademiet i Hordaland har i værktøjskassen ..."BERNHARD ELLEFSEN, MORGENBLADETTormod Haugland (f. 1962) debuterede med romanen Under i 1994, og har siden udgivet romaner, noveller, digte og dramatik. I 2015 blev Haugland nomineret til Ungdommens kritikerpris for romanen Mørk materie.
Om dyr og syn

Om dyr og syn

Tormod Haugland

Oktober
2018
pokkari
Romanen "Om dyr og syn" er lagt til ei lita bygd på Vestlandet på 1960-, 70- og 80-tallet. Med gardslivet og bygdekulturen som bakteppe følgjer vi Tormod frå barndommen gjennom ungdomstida, fram til han er ung kunststudent i Bergen. Som liten gut oppdagar Tormod ein slåsshanske i faren sitt skrivebord, som han byrjar å ta med seg overalt. Tormod har ikkje alltid kontroll, verken over seg sjølv eller over omgivnadene sine. Han balanserer ofte faretruande på kanten, enten han køyrer traktor ned ein alt for bratt skrent, samlar ved til eit sankthansbål eller går åleine rundt i gatene i Bergen. Tormod er fødd til å bli bonde, men lengtar samtidig etter noko anna. "Om dyr og syn" er ein roman om dyr og menneske, kunst og natur. Det handlar om å vekse opp, om å bli ein mann og om å ta dei store vala i livet. Det har blitt ein varm, rå og gripande roman, som nok også representerer ei ny vending i Tormod Hauglands forfattarskap.
Under

Under

Tormod Haugland

Oktober
2013
sidottu
Torgeir får seg jobb på ein gard på Vestlandet. Medan gårdslivet, småstedet, og vilkårlege episoder trer fram, står framtida som eit åpent spørsmål. Samstundes peiker språket mot noko underliggjande og latent. Romanen er forfattaren sin debut.
Straumen går

Straumen går

Tormod Haugland

Oktober
2012
nidottu
Med utgangspunkt i dei kalde vintrane 2009-2011 og Statnetts utviklingsplan 2010 har Tormod Haugland skriveeit langdikt om straumen som omgjev oss, som vi lever av og med. Eg'et reflekterer over korleis vatn og regn blir til elektrisitet som sidan vert ført over landet, og vi får prosaiske skildringar av kraftmarknaden i Norden. Samstundes blir eg'etgjennomstrøyma av krafta, den finst i orda han skriv, slik den òg finst i maskinene han skriv på, og også slik blir diktet ein hyllest til den livgjevandestraumen.
Orden

Orden

Tormod Haugland

Oktober
2007
sidottu
Boka inneheld 10 noveller som frå ulike vinklar og med personar i ulike aldrar, dreier seg om slikt man kan samanfatte som brot på ein kvardag utan for mange hendingar: At nokon kjem på besøk, at nokon ligg for døden eller at nokon ønsker å reise til Syden.
Heller

Heller

Tormod Haugland

Oktober
2007
sidottu
Heller består av to like lange prosastykker som har den samme hovedpersonen. Det første skildrer døgnet da Ole Robert for første gang på mange år vender tilbake til Bergen. Det andre foregår i løpet av en dag, ca 7-8 år tidligere, i gravferden til den lille niesen hans.
Under

Under

Tormod Haugland

Oktober
2007
pokkari
Torgeir kjem til ei lita vestlandsbygd, der han skal arbeide på ein gard. Han vert vikla inn i det vesle bygdemiljøet, der det er eit pensjonat og nokre menneske som held festar og drikk innsmugla whiskey. Men viktigare enn det som faktisk hender, er det som kunne ha hendt eller kan komme til å hende i denne romanen. Språket er knapt og enkelt, medan det heile tida peiker mot noko som ligg under.
No mar

No mar

Tormod Haugland

Oktober
2007
sidottu
Handlinga i denne romanen skjer i ei tid der privatisering er i ferd med å endre store delar av den offentlege sfære. Eit resultat av dette er at dei ulike kommunikasjonsnivå i samfunnet går i oppløysing, einskildindividet får færre stader for deltaking, og glir meir og meir inn i rolla som tilskodar. Frå å ha ei statleg styring som er avgjerande for dei premiss økonomien skal fungere etter, har ein no ein stat som fungerer som ei administrativ eining for ein global maktstruktur. Dette systemet tek ansvaret bort frå nasjonen og mindre einingar innanfor, som fylke og kommune og til sist borgar, som i ein slik kontekst ikkje lenger kjenner ansvar for å føre ein felles agenda. Mot eit slikt bakteppe gjennomfører kunstnaren Olav Lande ein arrangert bortgang som inkluderer både dødsfall og gravleggjing. Ved å få visse rettigheiter til arva let sonen, Ola Lande, seg involvere og gå god for denne falske akta. Men dette er berre byrjinga. Romanen tek for seg den dagen Olav Lande vender attende frå sitt fiktive dødsrike. Tidspunktet passar også med sonen si togreise til Oslo, der han kjem for å lansere siste verk av farens skrifter. Ein rad av møte kompliserer handlinga, det som skulle vere ei reise mot ei tryggare framtid, ser ut til å ende i undergang og død.
Verd

Verd

Tormod Haugland

Oktober
2007
pokkari
I boka møter vi Mill som er seksten år og bur på gard saman med foreldra sine og bestefaren. Ho fortel om det som hender ifrå ho kjem heim frå skulen ein fredag, og ei av kvigene i fjøset skal kalve. Med eitt unntak hender det ikkje noko utover det som tilsynelatande kan skje kvar dag, og alt som foregår visast utan symbolsk karakter. Like fullt fortel Verd om både fødsel og død, riter og kunst, aldring, pubertet og graviditet.
To stykke

To stykke

Tormod Haugland

Oktober
2007
nidottu
Boka innheld stykka "Hus forbi" og "Isolasjon". I "Hus forbi" møter vi Unn, Frank og Hank. Unn er gravid, eller er ho det? Kven er i så fall faren? Det er eit trekantdrama om menneske på leiting etter seg sjølv og kvarandre. "Hus Forbi" hadde urpremiere på Det Norske Teatret 20. juni 2002, som ein del av Norsk dramatikerfestival. "Isolasjon" tar utgangspunkt i ein far som vender tilbake til familien på sonens fødselsdag. Med seg har han ei ung kvinne, kan ho vere noko for sonen?
Inkarnasjon

Inkarnasjon

Tormod Haugland

Oktober
2007
sidottu
Tor er forfattar og bur med kone og to barn på ein liten plass i Noreg, men han sliter med å skrive. Når han bestemmer seg for å gå ein tur, setter dette i gang ei forunderleg rekkje av hendingar. Det er ein roman om litteratur, om kva litteratur er, og kanskje bør vere, om å stengje seg inne og om å søkje ut, og om korleis verda kan komme til deg når du minst ventar det.
Ljodane

Ljodane

Tormod Haugland

Oktober
sidottu
Ljodane er ein roman om ein ung gut som ikkje vil gå på skulen. Då Tormon er tolv-tretten år, vitjar han dagleg farfar Mon og kollegaen Olman på det lokale likningskontoret. Då farfar Mon og Olman ikkje lenger får arbeida der på grunn av alderen, lagar dei eit nytt kontor i kjellaren på gamlehuset, der Tormon også vert sett i arbeid. Han trur han kan koma seg unna ungdomsskulen ved å arbeida på kontoret, men folk frå skuleverket merkar fråværet og kjem for å henta han. Far til Tormon, Argon, arbeider på eit dyrkingsfelt i utgardane i Odineset, der ingen før har drive jordbruk. Utgardane er forbode område, både for born og vaksne. Går ein dit, kan ein ikkje rekna med å koma attende. Men ein dag får Tormon fylgja Olman ut i Odineset, der grøftene ligg som mørke graver. Ljodane er ein drivande, gåtefull og hemningslaus roman og eit nytt høgdepunkt i Tormod Hauglands forfattarskap.